Hopp til innhold

Etterlyser nasjonalt forbod mot kryptofabrikkar

Fleire ordførarar i Nord-Noreg reagerer på konsekvensane kryptofabrikkar har for kommunane deira, og ber om sterkare statleg regulering av industrien.

Dagsavisen meldte førre veke at straumforbruket til kryptofabrikkane i Nord-Norge svarar til nesten heile årsforbruket på straum for regionen Lofoten.

I Hadsel kommune ligg Stokmarknes datasenter, ein av fabrikkane som ulvinner kryptovaluta i Nord-Noreg. Ordførar Lena Arntzen i Høgre seier til Dagsavisen at kommunane ikkje kan gjere noko, sidan det er Statnett som gir konsesjon til å kople seg til straumnettet.

I desember i fjor vedtok fylkestinget i Nordland at eit nasjonalt lovverk må forby datasenter som driv med krypto. Bakgrunnen var blant anna at politikarane frykta slike sentre kunne bremse eller blokkere ny industri og grøn omstilling i fylket.

Ordførar i Fauske for Senterpartiet, Marlen Rendall Berg, etterlyser no eit nasjonalt forbod mot kryptofabrikkar.

– Det er mi personlege meining. Vi har ikkje behandla det i kommunestyret, men som ordførarkandidat for Senterpartiet i Fauske kan eg seie det, seier ho til NTB.

Ordfører i Fauske, Marlen Rendall Berg.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK