Hopp til innhold

Ertar på seg fylkesordføraren

Fylkesrådsleiar Odd Eriksen (Ap) meinar ordførar Jardar Jensen (H) i Evenes opptrer uryddig.

Jardar Jensen fra Evenes. MMS-foto: Eivind Undrum Jacobsen.

VIL HA DEBATT: - Eg vil ha ein debatt om framtida til Forsvaret, seier Evenes-ordførar Jardar Jensen (H).

Foto: MMS-foto: Eivind Undrum Jacobsen. / NRK

Eriksen meinar at alle ordførarar har rett til å kjempe for framtida til Forsvaret i sin kommune.

- Alle har rett til å kjempe for sine interesser, men det Jensen her gjer er å ta i frå andre ordførarar den same retten. Difor er han uryddig, seier han.

Ordførar Jardar Jensen i Evenes har byrja ein offensiv kamp for å få hovudflybasen for jagarflya i Noreg til Evenes.

Ny situasjon

- Eg meinar me har ein heilt ny situasjon etter at støyrapporten frå Forsvarsbygg og SINTEF kom på bana. Og eg meinar at sjølv om ein flyttar rullebana i Bodø, er og blir Evenes det beste alternativet.

Men fylkesrådsleiar Odd Eriksen meinar dette ikkje er relevant i debatten.

- Dette er ikkje relevant, fordi Jensen heile tida har meint Evenes er det beste alternativet og stort sett har stått åleine om det, seier Eriksen.

Jensen øydeleggjer debatten om framtida til forsvaret og lagar det til ein basekamp mellom Bodø og Evenes. Det er og blir uheldig.

Fylkesrådsleiar Odd Eriksen i Nordland

Uheldig

Eriksen understrekar at samtlege fylkeskommunar frå Nord-Trøndelag til Finnmark allereie før forsvarssjefen sin studie meinte at Bodø var det beste altenativet.

- Og no prøver ordføraren i Bodø å få det realisert, seier han.

Eriksen meinar det er svært uheldig at ordføraren i Evenes går ut på denne måten.

- Jensen øydeleggjer debatten om framtida til forsvaret og lagar det til ein basekamp mellom Bodø og Evenes. Det er og blir uheldig, seier Eriksen.

Ueinig

Ordførar Jardar Jensen i Evenes er totalt ueinig.

- Dette stemmer ikkje. Eg vil ha ein debatt om framtida til forsvaret og det som er best for forsvaret. Odd Eriksen veit sjølv at han ikkje ynskjer å fremje Evenes som eit alternativ i det heile tatt, seier han.

Eriksen seier at han byggjer sin argumentasjon på forsvarsstudien.

- Det forsvarspolitiske utvalet i Nordland meinte at når stortinget la ned Evenes flystasjon i 2001 og tok den ut av mobilisering i 2004, så var ikkje dette noko reellt alternativ. Me ville bygge på dei alternativa var eksisterande, seier Eriksen.

Konkluderte på forskot

Ordførar Jardar Jensen i Evenes meiner Eriksen med dette seier at utvalet konkluderte før dei kom i gang.

- Dette viser at dei konkluderte før dei byrja arbeidet. No viser det seg at Evenes er eit reellt alternativ. Då tykkjer eg at me skal ta høgde for det, og sjå på kva som er det beste for forsvaret i framtida, seier Jensen.

Eriksen har all respekt for faglege vurderingar.

Odd Eriksen, AP´s toppkandidat

Fylkesrådsleiar Odd Eriksen (Ap).

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- Eg har respekt for faglege vurderingar, men når forsvarssjefen tilrår Bodø som luftforsvarets nasjonale hovudbase så høyrer eg på det, seier Eriksen.

Han reknar også med at forsvarssjefen har kontroll på tala.

- Eg reknar med at forsvarssjefen har vurdert ulike kostnadar og så har Bodø kommune komme med eit innspel. Det meinar eg var klokt av Bodø, seier Eriksen.

Vil ikkje øydeleggje

Ordføraren i Evenes seier at han ikkje vil øydeleggje for Bodø.

- Nei det vil eg ikkje, og håpar heller ikkje at eg gjer, seier han.

Men ordførar Jardar Jensen i Evenes understrekar at forsvarsjef Sverre Diesen i forsvarstudie 07 skreiv at Evenes var det beste operative alternativet.

-  Han skreiv i grunnlaget for drøftinga at Evenes var det beste operative alternativet. Einaste grunnen til at Evenes ikkje vart valt var investeringskostnadane, seier Jensen.

Usakleg

Men Eriksen meinar Jensen ser bort i frå kva diskusjonen eigentleg handlar om.

- Dette handlar ikkje dette. Dette handlar om at ordføraren vil ta i frå Bodø retten til å kjempe for dei tilrådingane som har komme, seier han.