Er du blant dei som har ei holete, grøn og høgreist Monstera i stova?
Då er du ikkje åleine. Planten er blant dei mest populære i Noreg.
Plantekjeda Mester Grønn seier at salet har dobla seg i løpet av dei siste tre åra.
I tillegg prydar motiv av planta alt frå mobildeksel til tekstil og tapet.
Men få veit likevel kva planta er i stand til ute i naturen.
60 bestillingar på ei veke
Den vesle blomster og nisjebutikken «Berre & torg» i Lofoten fekk nyleg merke den enorme etterspurnaden etter den grøne planta.
For nokre veker sida tok dagleg leiar og eigar Miriam Berre inn eit par planter. Dei vart rive vekk på berre eit par minutt.
Dagleg leiar og eigar Miriam Berre ved «Berre & torg» i Lofoten oppdaga ein stor marknad for planten.
Foto: Miriam Berre / PrivatDå gjekk ho til innkjøp av 15 nye.
– Før eg fekk sukk for meg hadde eg 60 namn på lista, og framleis sende folk meldingar, seier Berre.
Til slutt hadde ho fått 60 bestillingar på ei veke, og 50 nye for den etterfølgande veka. Veka etter måtte ho bestille endå 38 nye.
No må butikkeigar eigar Miriam Berre også ta gangen utanfor butikken i bruk for å få plass til alle plantene sine. Det er ikkje plass i hennar eigne lokale lenger.
Foto: Miriam Berre / PrivatTotalt har ho no seld 165 plantar. Fleire har ho sett på ferja til Bodø, og ho har fått førespurnadar frå Oslo.
– Det verkar som planta er ettertrakta i heile Noreg. Då er det ekstra artig å få det til i vesle Lofoten.
Ein variant av Monstera som har blitt populær i det siste er Monstera «Monkey Mask», fortel Innkjøper ved Mester Grønn, Kari Brekke.
Foto: Mester GrønnInnkjøper ved Mester Grønn, Kari Brekke, seier at Monstera har vore blant toppseljarane deira dei siste fem til seks åra.
– Monstera er ein svært lettstelt plante som det er lett å lykkes med, seier ho.
Men sjølv om planta er ettertrakta for å dekorere norske stover meiner Tommy Prestø, senioringeniør ved institutt for naturhistorie ved NTNU, at det er mykje folk ikkje veit om planta.
Kan bli tjue meter høge
– Det er noko med Monstera som gjer at det har tatt av fullstendig. Dei er store for oss innandørs, men eg har sett dei verkeleg store Monsteraene, seier Prestø.
Innkjøper ved Mester Grønn, Kari Brekke, rår folk kutte av blad av planten og sette dei i vase til dekorasjon.
Foto: Mester GrønnUte i naturen ville nemleg sjølv dei største stoveplantene sett ynkelege ut.
Naturleg vert Monstera 20 meter høge.
Er ein klatreplante
Om du har ein Monstera heime har du kanskje oppdaga at du må støtte ho opp etter kvart som ho vert større.
Og det er ikkje så rart. Monstera er nemleg eigentleg ei klatreplante.
Monstera blir større og flottare jo eldre ho blir. Dei karakteristiske flikane blir også meir framtrendande med åra.
Foto: Mester GrønnNaturleg klatrar dei høgt opp på stamma til tre i regnskogen.
– Plantene vi har heime er kanskje fascinerande, men i forhold til det som finst i Mellom-Amerika så er det eigentleg sørgeleg saker, seier Prestø.
Har frukt med smak av ananas
Og ikkje nok med høgda. Monstera har også eteleg frukt i naturen.
Biolog og universitetslektor ved Naturhistorisk museum, Kristina Bjureke, har sjølv smakt frukta då ho jobba i Azorene, ei øygruppe midt i Atlanterhavet.
– Det er ein søt plante, ho smakar som cherimoya eller ananas, forklarar ho.
Gifiinformasjonen kjenner til at blada frå planta kan likevel gi irritasjon i munn og svelg.
No florerer det av videoar av monsterafrukten på sosiale medium. Men forskarane trur få veit at det er frukta til den populære stoveplanta.
Foto: Annon201 / WikimediaBiologen frå NTNU fortel at Monsteraplanta er tropisk og kjem frå tropisk skog i Sør- og Mellom-Amerika, men europearar tok tidleg med seg planta heim til Europa.
Prestø trur det at folk no har lært seg namnet på planta kan gjere dei meir nysgjerrige på kvar ho eigentleg kjem frå.
– Det kan bidra positivt når det er ei populær plante som ein no har lært seg namnet på. Eg trur det kan vekke interessa for å lære namna til dei andre plantene du har i stova di.
Trur plantenamn pirrar interessa
Biologen frå NTNU trur få forhandlarar veit så mykje om planten som dei sel i hopetal.
– Der ho finst ute i naturen er Monstera ei plante med litt stas rundt. Det er fordi ho har ein nytteverdi.
Men Berre i Lofoten er ikkje like einig. Ho er nøye på å lese seg opp på plantene for å gi gode råd til kundane sine.
– Eg har også sett nokon som har fått frukt på Monstera her i Noreg, så dette var eg klar over, seier ho.
Miriam Berre i butikken «Berre & torg» i Lofoten opplever at stadig fleire er interessert i å vite namna på plantene dei kjøper.
Foto: PrivatPrestø peiker på at generasjonar av skuleungdom ikkje kan namnet på sjølv dei vanlegaste norske plantane. Han håper den populære stoveplanta kan pirre interessa.
Det håpet deler butikkeigaren, som har stadig fleire kundar som er nysgjerrig på namn og opphav til plantene.
– Eg opplever at mange kundar har lyst til å vite namnet på planten. Det er også for at dei sjølv kan finne meir informasjon, seier Berre.
– Vi får håpe at det smittar ned i aldersgruppene.