Hopp til innhold

Emilie (21) var åleine på 17. mai – Hjelpetelefonen blei ringt ned

Emilie var åleine på 17. mai. Ho var ikkje den einaste. Hjelpetelefonen til Mental Helse har aldri opplevd liknande trafikk.

Emilie sat åleine på 17. mai

Slik såg Emilie sin 17. mai ut. Det var det mange som kjente seg igjen i.

Eg feira 17. mai åleine. Eg hadde ikkje lyst til det, men eg har ikkje vener her eg bur.

Emilie låg heilt einsam og såg på seriar på nasjonaldagen.

Ho orka ikkje vere på sosiale medium. Der såg alle ut til å ha ein festleg feiring.

– 17. mai er ein dag det er lett å stenge ute folk. Det er lett å seie at det ikkje er plass.

Men så fekk ho ein idé. Ho ville fortelje om sin eigen 17. mai.

Emilie (21) var åleine på 17. mai. Då la ho ut denne videoen på TikTok.

Emilie (21) var åleine på 17. mai. Då la ho ut denne videoen på TikTok.

Emilie delte videoen på TikTok. Hun fekk mykje respons. Mange fortalde om liknande opplevingar.

– Eg la ut ein TikTok for at folk kunne snakke med meg, om dei trong nokon å prate med.

Og dei var det mange av. Både andre som sat åleine òg folk som kjente seg einsame i vennegjengen sin.

– Det er ingen som fortener å sitje åleine på slike dagar. Det er ein forferdeleg kjensle å føle at du er annleis og ikkje er god nok som du er, seier Emilie.

For Emilie var noko av det vanskelegaste å sjå at andre var sosiale medan ho var einsam.

For Emilie var noko av det vanskelegaste å sjå at andre var sosiale medan ho var einsam.

– Eg tenkjer at det både er vondt og kjekt å tenkje at det er mange som opplever det same. Det er også eit høve til å hjelpe kvarandre, seier 21-åringen.

Ho trur at dei som kjenner seg utestengt kan tørre å spørje om å få bli med, om dei har støtte frå andre som kjenner det likt.

I tillegg til videoen Emilie la ut på TikTok, ligg det mange liknande videoar der ungdom pratar om dette.

Alle har fått mange kommentarar og likes.

Markant auke på hjelpetelefonen

Mental Helse har aldri tidlegare opplevd ein slik pågang til sin Hjelpetelefon før og under 17. mai. Veldig mange unge ringde inn fordi dei trong nokon å snakke med.

– Det har vore ei markant auke i år. Ikkje noko år tidlegare har vi hatt så mange førespurnader med tema 17. mai.

Det seier Aslaug Timland Dale, dagleg leiar i Mental Helse.

Aslaug Timland Dale, dagleg leiar i Mental Helse freamfor hjeletelefonnummeret

Aslaug Timland Dale, dagleg leiar i Mental Helse seier at dei aldri før har opplevd liknande pågang på hjelpetelefonen på 17. mai som i år.

Foto: Mental Helse

Ho fortel at det særleg er unge som tek kontakt.

Mange av dei grudde seg fordi dei hadde store forventningar til den første vanlege 17. mai etter to år med pandemi.

– Mange var redd dei kom til å bli åleine fordi dei ikkje hadde nokon å feire med.

Mange russ ringde hjelpetelefonen. Fleire var uroa for medruss skulle ta sjølvmord.

Men også mødrer har ringt og fortalt at dei denne 17. mai oppdaga kor einsame barna deira er.

Mental Helse svartenestar i 2020 og 2021

Mental Helse seier at talet på førespurnader ser ut til å fortsette å auke. Dei har fått fleire førespurnader i 2022 kontra 2021.

Mental Helse har opplevd ein auke i førespurnader i år i forhold til 2021.

Sidan september 2021 har dei òg hatt døgnopen chat.

– Der er det ein enorm pågang. Vi svarer i gjennomsnitt 10.000 chattar i månaden, seier Dale.

Peder Kjøs: – Må ta skrittet ut av skamma

Psykolog Peder Kjøs, kjent frå mellom anna NRK-programmet «eg mot meg» seier at det er mykje skam knytt til å vere åleine på ein heilagdag som nasjonaldagen.

– Det ein feirar på disse dagane er fellesskapet. Ein feirar samhaldet og det sosiale.

Medan jul er ein feiring av familien, har 17. mai for dei unge blir det ofte ein ungdomsfest.

Peder Kjøs

– Det å kjenne at du er utanfor det sosiale fellesskapet er noko av det vondaste som finst for menneske, seier psykolog Peder Kjøs.

Foto: Kristoffer Myhre

Einsemd gir nemleg ein kjensle av skam fordi ein ikkje kjenner seg bra nok, fortel psykologen.

– Pandemien har vore veldig tung for dei som var utanfor frå før. Dei som følte på utanforskap frå før har nok kjent enno meir på det på 17. mai i år.

– Kva kan ein gjere med det?

– Ein må ta skrittet ut av skamma, og erkjenne at dette er eit problem. Men det er ikkje lett.

Kjøs peiker på at fleire har opna døra for dei som ikkje har nokon stad å vere. Men for dei som har lite nettverk meiner psykologen at dei må gjere noko av jobben sjølv.

Vil vere eit forbilde

Og nett det er Emilie sin plan. Ho vil bruke profilen sin på TikTok for å lage ein stad der folk kan prate med kvarandre om korleis dei kan kome seg ut av einsemda.

– Eg har lyst til å vere eit forbilde for andre som slit med det same og har lyst til å kome seg ut av det.

Det gler psykolog Peder Kjøs. Han trur dette kan vere ein god veg ut av einsemd.

– Viss ein klarer å ta steget ut til å fortelje at «Slik har eg det, kan vi ikkje møtes om du også har det slik?». Om det skal skje noko må du sjå kva du kan gjere med det du har.