Det seier verksdirektør Arve Ulriksen, som likevel ser positivt på framtida.
Han seier bedrifta har solgt nesten 70 prosent av produksjonen neste år, og at dei vil drifte to av tre ovnar.
No håpar han tiltak i forskjellige land for å møte finanskrisa skal verke positivt for Elkem Salten.
- Me håpar dette vil gi ein oppsving. Dersom marknaden kjem opp igjen, og me kan starte opp ein til ovn, tek me inn dei permitterte igjen, seier Ulriksen.
Permitteringar også i Mosjøen
Elkem Aluminium Mosjøen går med blodrøde tal, ifølgje Helgeland Arbeiderblad. Dei sender ut dei fyrste varsla om permitteringar i dag og i morgon.
- Metallprisen er i fritt fall, og me produserer for tiden negativ cash. Derfor ser me oss nødt til å byrja å permittere folk på strategiske plassar i organisasjonen, seier påtroppande verksdirektør i Mosjøen, Eivind Mikalsen til Helgeland Arbeiderblad.