NRK Meny
Normal

Elevar slaktar pc-ordninga

Elevar i vidaregåande skule i Nordland spelar for mykje dataspel i timane.  Lærarane skjønar seg ikkje på datamaskiner og difor nyttar me ikkje datamaskinene til det dei burde nyttast til, seier Elev Eirik Kvalø ved Bodø Vidaregåande skule.

 

Mari Høye (f.v), Andreas Strauman, Eirik Kvalø
Foto: Astrid Marie Holand

Og elevombud Ann Kristin Strømme støttar elevane. Ho tykkjer at Nordland fylkeskommune byrja i feil ende då dei innførte datamaskin-ordninga i skulen utan å kurse lærarane fyrst.

-Datamaskin-ordninga i skulen fungerer ikkje, meiner ho.

Lære av andre

Ho meiner fylket burde dra nytte av andre sine erfaringar.

- Dei burde sjå på til eksempel Latinskulen i Ålesund. Dei gav lærarane ei eiga bærbar datamaskin slik at dei fikk oppdatere seg og lære seg å dra nytte av verktøyet, seier Strømme.

Facebook

Og ho får støtte av elevane Mari Høyer, og Andreas Strauman i ved Bodø Vidaregåande.

-Lærarane burde sendast på kurs slik at dei skjønar litt meir av den digitale verda. Slik som det er no er det lett for at me sit og spelar spel og skriv på Facebook, seier dei to.

Godt nok

Men seniorrådgjevar Venke Vik på utdanningsavdelinga i Nordland fylkeskommune meiner at lærarane får god nok opplæring.

- Det er opp til den enkelte skule å hjelpe lærarar som ikkje har god nok kompetanse. Men eg tykkjer me har hatt god nok opplæring og fokus på datamaskin-opplæring over år. Dessutan har også den enkelte lærar ansvar for å lære seg å nytte nye verktøy, seier Vik.