Leif Tore konkurrerer med vaksne og studentar om dei same hyblane – med ein brøkdel av inntekta

Elevar på vidaregåande skule tener ein nidel av vanleg løn, men må kjempe på den same bustadmarknaden. No vil Venstre få bukt med problemet.

Leif Tore Bærøy

Leif Tore Bærøy (17) skal flytte til Bodø for å gå på skule. I jakta på tak over hovudet stiller ikkje ungdommar som han med dei beste korta.

Foto: Privat

Elevar ved vidaregåande skular må ofte flytte på hybel, spesielt i distrikta.

Dei får stipend frå Lånekassen, men det er ein brøkdel av inntekta til dei som dei konkurrerer med på leigemarknaden.

Med ei månadleg stipend på 4709 kroner er dei venta å ha råd til bustad, mat og reise.

– Eg har ikkje høyrd om nokon som har fått det til, seier elev Aileen Emilie Knutsen.

Venstre i Nordland vil no bygge eigne bustadar for å få bukt med problemet.

Ein brøkdel av inntekta

Som student ved ein høgskule eller eit universitet i 202122 kan ein få utbetalt 8615 kroner i månaden frå Lånekassen.

To gongar i året, ved byrjinga av kvart semester, får ein 22.974 kroner, og i juni får ein 11 487 kroner.

Det vert 126 537 kroner årleg.

Elevar ved vidaregåande skular kan få 4709 kroner i ti månadar av året om dei bur vekke heimanfrå.

Det vert 47 090 kroner årleg.

I tillegg til eit høgare stipend er studentar generelt gjerne meir fleksible og kan arbeide på dagtid. Dei kan også ha jobbar som krev at ein er myndig, som på utestadar, eller jobbar som krev sertifikat.

Mange studiestadar har hyblar studentane kan leige til under marknadspris. Dei som vel å bu privat må gjerne konkurrere med andre på leigemarknaden, gjerne folk med arbeid og inntekt.

Medianlønna til Kari og Ola Nordmann er på 44 150 kroner månaden. Det er fem gongar meir enn studentar får, og meir enn ni gongar det vidaregåandeelevane får.

Og ut i denne marknaden skal 15-åringar som skal flytte heimanfrå for første gong.

Flatvold studentbustadar

Flatvold studentbustadar i Bodø. Bygningen er av dei eldre til Nord universitet, og får ei oppussing. Det er studentar som får bu her, ikkje elevar.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Ein trong marknad

– Det har vore ganske vanskeleg, det er ein trong marknad, seier Bærøy.

Han skal, saman med to vener, flytte frå Brønnøy til Bodø for å gå på skule til hausten.

– Dei som er heldige er dei som får jobb på sida og dei som får midlane dei treng for å bruke tida på studiane og få råd til husleiga samstundes

Bærøy seier at han finn råd til både husleige og mat fordi dei er tre som skal flytte saman.

– Vi får akkurat råd til å bu der vi bur.

Men trass at det kan bli økonomisk trongt, gler han seg til å ta til med noko nytt i ein ny by.

– Eg har alltid likt Bodø, so eg ser veldig fram til å bu der, seier Bærøy.

Ikkje like privilegert som studentane

– Min erfaring er at veldig mange har det vanskeleg med å finne rimelege hyblar. Ein er veldig ofte avhengig av å ha kontaktar, seier Knutsen.

Ho til med tredje året på musikklinja ved vidaregåande i Bodø. Sjølv var ho heldig nok til at mor til ei veninne kjøpte leilegheit i byen, og ho fekk leige eit rom.

Aileen Emilie Knutsen

Aileen Emilie Knutsen (18) skal ta til på tredje året på Bodin vidaregåande, og var heldig då ho skulle finne plass å bu.

Foto: Privat

Knutsen seier ein i Bodø må opp til og over fem tusen i månaden – berre for leige. So kjem mat og reise oppå det igjen.

– Men det eg tykkjer er rart er at fylket eller kommunen ikkje har noko tilbod med hyblar for oss som går på vidaregåande. Hadde eg vore student kunne eg kontakta studentsamskipnaden og fått ein billig hybel.

Og det er nett dette Venstre no ynskjer å ta tak i.

Vil ta staten til hjelp

– Alle skal ha same moglegheit til å gå på skule der dei ynskjer, men vi veit at bortebuarstipendet ofte ikkje strekk til.

Ida Gudding Johnsen er listetopp for Venstre i Nordland.

Venstre har no programfesta at dei ynskjer at bygging av elevbustadar skal kunne bli finansiert på same måte som bygging av studentbustadar – over statsbudsjettet.

– Staten må på banen med midlar, seier Johnsen.

– Men kvifor har de ikkje gjort noko med det her før, de har jo sete i regjering i fleire år?

– Det er jo slik at politikk tek litt tid. Det her er eit forslag Unge Venstre i Nordland løfta for nokre år sidan og no har vi endeleg fått det inn i stortingsprogrammet til Venstre.

– Men det er ikkje eit heilt tilfeldig tidspunkt det kjem på, det forslaget her?

– Nei, det er klart dette er aktuelt no.

Ida Gudding Johnsen
Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK