Hopp til innhold

Omtrent 10 nordmenn får hjartestans kvar dag: – Eg var veldig heldig

Om lag 10 nordmenn får hjartestans kvar dag. Både fotballspelar Christian Eriksen og systemutviklar Eivind Holt har erfart kor viktig det er med handlekraftige folk rundt seg når det skjer.

Eivind Holt var redda av kollegaer med hjarte og lungeredning.

Eivind Holt vart redda av kollegaer med hjarte og lungeredning.

Foto: Privat

På laurdag fall den danske fotballspelaren Christian Eriksen om på bana i EM-kampen mellom Danmark og Finland.

Hjartet hadde stoppa.

Men heldigvis for Eriksen var lagkaptein og kompis Simon Kjær raskt i gang med hjarte- og lungeredning.

Det kan ha redda livet til Eriksen.

I dei fleste tilfella med hjarte og lungeredning er det nemleg for seint å starte hjartet igjen når ambulansen kjem.

Gutt med skilt til Christian Eriksen

Hjartestansen til Christian Eriksen skaka fotballverda på laurdag. Denne britiske guten hadde tatt med et heimelaga et skilt med ein helsing til dansken på søndagens kamp mellom England og Kroatia i London.

Foto: CATHERINE IVILL / Reuters

Skulle på møte

– Sidan eg har små barn er det framleis tungt å tenke på at de kunne ha vore utan pappa.

Det seier Eivind Holt. Han er systemutviklar og lager journalsystem for sjukehus i Bodø.

Han har sjølv oppleve det same som Christian Eriksen. Og han var også på jobb då det skjedde.

I mars 2019 var han 38 år.

Han hadde nett levert sonen på 8 månadar og dottera på 4 år i barnehagen.

Han køyrde til jobb og gjekk i eit møte.

Så hugsar han ikkje noko meir.

Men i etterkant har han vorte fortalt at han laga ein høg snorkelyd og seig om i stolen. Ved sida av han sat ein kollega som var sjukepleiar. Ho tok han imot og la han forsiktig på golvet.

Eivind fekk krampar og sparka med beina.

Det er ikkje uvanleg når hjernen ikkje får oksygen.

Stod om minuttar

Nokon andre legekollegaer blei tilkalla. Dei skjønte alvoret og ringde 113.

Så starta dei hjarte- og lungeredning. Snart fekk dei henta ein hjarte- og lungestartar som dei kopla på før ambulansen kom til staden.

– Eg var veldig heldig som var omringa av legar og sjukepleiarar, seier Holt.

Dei redda livet hans.

Sjukebilen kom tolv minutt seinare. Hadde dei venta på den hadde det vore for seint.

– Kva gong eg ser ungane mine og kona tenkjer eg på at det kunne ha skjedd medan eg køyrde dei til barnehagen, seier systemutviklaren.

Sonen til Eivind besøkte han på sjukehuset.

Sonen til Eivind besøkte han på sjukehuset.

Seinare oppdaga dei at han hadde ein hjarterytmeforstyrring som kunne ha stoppa hjartet hans når som helst.

Ein av sjukepleiarane som redda Eivind, jobba i ambulanse. Eivind var den 30. pasienten han gjorde hjarte og lungeredning på, men berre den tredje som overlevde.

Hjernen må få oksygen

– Når ein får hjartestans er det hjernen som er mest sårbar. Hjernen er avhengig av å få pumpa blod med oksygen kontinuerleg, seier Rune Åsheim.

Han er anestesilege og har jobba i mange år som lege på redningshelikopter i Bodø. No er han medisinfagleg rådgjevar for AMK-sentralen i Bodø.

– I det augeblikket ein stoppar oksygentilførselen går det berre få minutt før hjernen begynner å ta skade og det er for seint å berge han.

Nordlandssykehuset har laget en informasjonsvideo for hva du skal gjøre dersom noen i nærheten av deg får hjertestans.

Nordlandssykehuset har laget en informasjonsvideo for hva du skal gjøre dersom noen i nærheten av deg får hjertestans.

Åsheim har rykka ut med ambulanse mange gonger. Dei fleste gongane har det ikkje gått bra, men nokon gonger har det. Som regel vert dei berga fordi folk på staden ikkje vart handlingslamma og starta med hjartekompresjonar.

– Det er kjempeviktig å starte med hjartekompresjonar så snart som mogleg. Om ein ventar fem eller ti minutt kan det fort vere for seint.

Ingen tid å miste

Om ein startar med hjarte og lungeredning med ein gong og får på plass ein hjartestartar i løpet av 10 minuttar har ein rundt 20 prosent sjanse for å overleve, fortel helikopterlegen.

– Det som er viktig er at ein tørr å gjere noko. I det eit menneske held på å døy har ein ingen ting å miste.

Åsheim har vore med å lage ein video som fortel kvifor hjarte- og lungeredning er så viktig, og korleis ein gjer det.

– Alle kan vere vitne til hjartestans. Totalt skjer det 3000 hjartestans utanfor sjukehuset kvart år i Noreg.

Om lag 10 nordmenn får hjartestans kvar dag i gjennomsnitt. Ein betydeleg andel av desse kan verte berga med rett handling.

– Ein må ikkje ver redd for å handle – det bergar liv, seier Åsheim.

Håper å kunne hjelpe andre

Eivind Holt hadde sjølv ikkje hatt førstehjelpskurs sidan speidaren, og trur det er slik for mange.

– Kven som helst kan vere den første på staden. Og ein kan vere åleine. Det har prega meg mykje. Eg visste ikkje då kva eg skulle gjort om eg hadde vore den første på staden, seier Holt.

Etter hendinga med Eivind måtte arbeidsstaden sette opp ekstra kurs for å trene opp alle dei som no var interessert i å lære hjarte og lungeredning. Eivind var ein av dei.

– Eg håper eg kan vere til stade for nokon andre ein annan gong.