Charterturisme og berekraft. For nokon er det to ender av ein skala. 
Men eit ungt par frå Helgeland meiner dei har funne ein måte å gjere begge delar på.

Eit flytande hotell på Herøy

Løysinga på berekraftig turisme?

Under pandemien hadde Marte Nordgård Ryan og Eric Ryan, som mange andre, heimekontor.

Dei flytta inn i det gamle huset til oldemora til Marte på Herøy.

Snart blei ein draum født. Dei ville ta imot turistar på øya.

Paret begynte å planleggje. Men dei hadde eit problem:

Dei ville jobbe med berekraftig turisme som korkje påverka folka eller naturen på øya negativt.

– Kva kunne vi gjere for å halde liv i eit slikt gamalt småbruk med mykje utmark og lite anna? spurte dei seg sjølve.

– Vi ville ikkje bygge ned landet vi har med inngrep i naturen

Marte Nordgård Ryan

Løysinga blei eit flytande mikrohotell – ein seglkatamaran for charterturistar.

Båten har sengeplassar til 8 personar, i tillegg til Marte og Eric.

Men båten kan romme 30 menneske, om dei ikkje treng soveplass.

– Vi skal ta gjestane våre med på tre til fire veker lange seglturar frå Herøy og Nordover.

Eric Ryan

Det er berre sju fastbuande der dei bur, på Staulen i Herøy.

Om dei hadde sett opp hyttar på land ville det ha påverka staden veldig, meiner paret.

– Vi tenkte at vi i staden kunne trekkje alt over i ein stor båt, seier Eric.

Båten skal dei segle til Noreg frå Frankrike til våren. Frå neste sommar kjem dei første turistane.

Dei har fått førespurnadar frå gjestar i nærområdet, men òg frå Italia, USA og Australia for å nemne noko.

Har paret frå Helgeland knekt koden om kva som er berekraftig charterturisme?

– Det som er viktig er at det blir gjort mange ulike forsøk. Det vert samla inn erfaringar med tanke på korleis ein kan gjere turisme på nye måtar

Britt Kramvig, forskar ved UiT

Kramvig meiner Helgeland har eit stort potensial om nettopp dette. Øyane, slik som Herøy, har ikkje infrastruktur slik fastlandet har.

Dei store hotellkjedene har heller ikkje etablert seg.

– Det gjer at ein kan bygge opp småskala turisme som ikkje gjer krav på store eigedomsmassar som i tillegg skapar gode arbeidsplassar.

Ho trur turistnæringa er i ferd med å snu blikket mot regionale marknadar.

– Om ein kan gjere transportetappane på segl får ein ganske store utslag i forhold til om ein hadde flydd inn til destinasjonen, seier forskaren.

For Marte og Eric er ikkje dei einaste som prøver å gjere turistnæringa berekraftig i området.

Om lag ti mil unna ligg restauranten «Til Elise frå Marius».

Dei bruker lokale råvarer og har fokus på regional turisme.

Merete Habberstad, avdelingsdirektør i NHO reiseliv, peiker på at «slow turism» òg er i vinden.

På gardshotellet 292 Aurland i Sogn og Fjordane, må turistane bu i minst to netter.

– For at det skal bli minst mogleg CO₂-avtrykk og mest mogleg verdiskaping treng ein at turistane blir lenge. 

Merete Habberstad

Også gourmet-turismen melder seg på.

På Michelin-restauranten Credo i Trondheim brukar dei heile dyret, og koker kraft på alt av skrell frå grønsakene, for å vere berekraftige.

Og det er ikkje berre reisemåten som skal vere miljøvenleg og berekraftig for charterturismen på Herøy.

Paret skal også dyrke mat frå eiget bruk og etter kvart servere gjestene villsau frå eigen gard.

Gjestene skal fridykke etter eigen mat, og Marte og Eric skal ta dei med for å ete kortreist mat på lokale restaurantar.

Herøy kommune har støtta Marte og Eric med sitt alternative hotell. Elbjørg Larsen er ordførar og seier det er viktig for kommunen å støtte opp om alle gode prosjekt.

– Turisme er ei veksande næring. Ut ifrå konseptet var dette veldig spesielt. Det var ikkje tvil om at vi måtte støtte opp om det, seier Larsen.

Prosjektet heiter Nordvær. Det er ikkje utan grunn.

– Her på Helgelandskysten må ein vere glad i været

Eric Ryan

Dei er ikkje redd for at storm og dårleg vêr vil skremme bort gjestar frå å vere turist i seglbåt.

– Båten er ein perfekt plattform å tilby naturopplevingar frå.

Eric Ryan

Fotojournalist

Sofie Olaisen
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal