Hopp til innhold

Ei ekte nissemor

Sidan ho var lita jente har Sigrid Rasmussen drøymt om nissar i fjøsen. No har ho bokstaveleg talt tatt saka i eigne hender.

Fjøsnisser
Foto: Kjell Mikalsen / NRK

100 smånissar er samla i fjøsen på Hamarøy bygdetun. Dei er skapt av ei nissemor, som har drøymt om smånissar sidan ho sjølv var lita jente. Sigrid Rasmussen vaks opp på ein gard i Ulvsvågfjell, og var full av fantasi som lita jente.

Video nsps_upload_2008_12_12_14_5_59_59.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Sjå nissane på Hamarøy bygdetun.

- Dei eldre fortalte historiar, og i mørketida høyrde vi at det tusla og tasla på låven. Då eg blei fortalt om nissane, skapte eg meg bileter av dei. Eg syntast det var koseleg, og gleda meg eigentleg til mørketida, seier ho.

Nissemor Sigrid Rasmussen

Nissemor Sigrid Rasmussen.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

Då Rasmussen seinare kom tilbake til garden som vaksen, kom minna frå barndommen tilbake.

- Bileta kom tilbake, og eg ville dele dei med andre, seier ho.

Nissemora har brukt rundt eitt år på å lage 100 nissar. Ho har sydd, strikka og forma ansikt. No står nissane utstilt i fjøset på bygdetunet.

Ettertrakta nissar

Nisseutstillinga er svært populær. Både barnehagar, skuleelevar og busslaster med pensjonistar kjem på besøk. Stadig vekk stikk det innom nokon som er litt ekstra nysgjerrig på kva som går føre seg i fjøset.

Fjøsnisse

Bak kvar nisse ligg mykje arbeid.

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

- Er det nokon som vil kjøpe nissane dine?

- Ja, eg har fått mange spørsmål om det. Men eg kan jo ikkje selgje dei, for då blir dei borte ifrå meg. Dei må jo stå her, seier Rasmussen.