Hovudårsaka til at Berg-Hansen snur, er oppblomstringa av lakselus langs norskekysten.
– På bakgrunn av den informasjonen vi no har om laksesituasjonen langs kysten, har eg bestemt meg for å utsetje avgjerdsla om kapasitetsauke i 2010.
- Les også:
Auke i biomassen betyr at ein auke i talet på fisk ein oppdrettar kan ha i kvar enkelt merde. Direktoratet for naturforvaltning og Norsk institutt for naturforskning råda nyleg Berg-Hansen til å droppe ein slik auke, men heller slanke oppdrettsnæringa.
– Avgjerdsla blir tatt utpå våren når vi har fått vurdert utviklinga i lusesituasjonen nærmare, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
Alvorleg vekst av lakselus
I haust foreslo Fiskeri- og kystdepartementet ein auke i kapasiteten på fem prosent i lakse- og aureæringa i 2010, med unntak av enkelte kystområder kor vekst ikkje blei vurdert som miljømessig forsvarleg.
Etter at forslaget blei sendt på høyring har Mattilsynet meldt om ei kraftig forverring i lakselussituasjonen langs kysten.
– Både næringa og myndigheitene har gripe fatt i situasjonen, men vi ynskjer å sjå, og forsikre oss om, at innsatsen for å nedkjempe lakselus gir dei nødvendige resultata før vi tar stilling til kapasitetsauke i 2010, seier Fiskeri- og Kystminister Berg-Hansen.