Hopp til innhold

Dronninga opnar LIAF

Dronning Sonja opnar Lofoten internasjonale kunstfestival i morgon.

Dronning Sonja

H.K.H dronning Sonja skal opne LIAF i morgon.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

- Me gler oss, og skal opne festivalen med brask og bram, seier den administrative leiaren for LIAF Randi Lervik.

Ho seier det er stor stas at dronninga vil opne festivalen.

- Me har invitert ho før, men dette er fyrste gong ho takkar ja. Det set me uhyre stor pris på. Me tykkjer det løftar festivalen, seier Lervik.

Klare for dronning-besøk

Det er mange prosedyrar og førebuingar før besøket, fortel den administrative leiaren.

- Me har ein eigen komitee som tek seg av besøket, og me har samarbeida med fylkesmannen gjennom heile prosessen. Men fyrst og fremst handlar det om å vere eit godt vertsskap, slik som me vil vere for alle som kjem til festivalen, understrekar Randi Lervik.

Men programmet for dronninga er nøye planlagt, seier Lervik.

- Me må følgje prosedyrane, noko som gjer at programmet er ekstra stramt. Dronninga skal vite kva ho skal gjere nesten minutt for minutt. Me har mellom anna planlagt opningsseremonien nøye, seier Lervik.

Spent framfor besøket

Randi Lervik skal følgje dronninga tett.

- Eg gler meg, og er litt spent, seier ho.

Ferden vidare

Mandag ventar Helgelandskysten på storfint besøk. Kongeskipet og kongeparet kjem fyrst til Alstadhaug og skal i løpet av veka besøke fleire stadar på Helgeland.

LES OGSÅ: Slik blir kongebesøket