Hopp til innhold

Sondre lagde sjølvstyrande drone med hyllevarer: – Skal jakte framande dronar

Dei kan vere berre nokre centimeter lange. Men no har Forsvaret funne ein måte å stoppe framande dronar på – med inspirasjon frå ein fugl.

Det siste året har nordmenn blitt stadig meir klar over dronar og trusselen dei kan utgjere.

Men dronar er mykje forskjellig.

Nokre er på storleik med småfly og har våpen. Andre er berre nokre centimeter lange.

Fellesnemnaren er at dei er vanskelege å oppdage, fange eller skyte ned.

No har forskarane funne ei løysing. Med utgangspunkt i ein fugl.

Dronen Svale

Han ser kanskje ikkje veldig mykje ut som ein fugl, men dronen Svale er bygd med inspirasjon frå korleis fuglen svale beveger seg.

Foto: FFI

Ein flamingo i svalekropp

Det er allereie mange dronar i norsk luftrom. Men i dag er det berre missil som kan ta ned framande dronar. Missil er både dyre og dramatiske.

– I ein sivil situasjon, som til dømes på ein flyplass i fredstid, har du ikkje lyst til å skyte ned dronar med missil og kanonar, seier Sindre Løining Skaar.

Sindre Skaar, droneutviklar i FFI

Sindre Løining Skaar, droneutviklar ved FFI seier at det er dyrt og drastisk å skyte ned framande dronar med missil i fredstid.

Foto: FFI

«Kamikaze»-drone

Han er ein av dei som har utvikla den nye dronen.

– Vi har utvikla eit sensorsystem som oppdagar dronane frå bakken. Deretter sender vi opp ein drone som kan krasje inn i ein framand drone, seier Skaar.

Ofte blir «Kamikaze»-dronen øydelagd.

Saman med forskarkollega Sondre Holm Fyhn ved Forsvaret forskingsinstitutt har han sidan hausten 2021 hatt eit konkret oppdrag: Lage ein drone som kan oppdage, jage og stoppe ein fiendtleg drone.

Eitt år seinare trefte dei blink. Bokstavleg talt:

Informasjonsvideo laget av Forsvarets Forskningsinstitutt om dronen Svale

Slik forklarar forskarane sjølv oppdaginga med dronen Svale. Videoen er laga av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).

Oppdaginga var stor for det norske dronemiljøet.

Moderne dronar kan vere veldig små, dei kan fly lågt og stå stille i lufta.

– Difor er det mange luftvernsystem som slit med å oppdage dei, og ikkje minst gjere noko med dei, seier Fyhn.

Eit missil side om side med dronen svale

Dronen Svale kan ta over jobben til eit missil. Her står dei side om side. Sjølv om missilet er lite, er det dyrt og dramatisk når det vert sendt ut.

Foto: FFI

Men kvifor heiter dronen nett svale?

Svaret ligg hos ein annan drone med fuglenamn: dronen Flamingo.

Flamingo er ein overvakingsdrone, som blir brukt til å forske på dronesvermar av FFI.

– Etter å ha jobba med Flamingo oppdaga vi at han ikkje var like rask og smidig som vi trong, seier Fyhn.

Dronen Svale ligg på bakken i bakgrunnen ser ein føtene til droneutviklarane

Dronen svale har innmaten til ein overvakingsdrone, men har kroppen til dronar brukt mellom anna til kappflyging.

Foto: FFI

Flamingoane er, som den raudbeinte fuglen, laga for å bevege seg relativt roleg.

– Då bestemte vi oss for å ta innmaten til dronen og pakke den inn i ein racing-inspirert drone.

Og for å namngje den nye, smidige dronen som kan snappe opp uønskte dronar?

Dei fann inspirasjon hos ein like smidig fugl; svala.

Les også Helena (27) forsker på hvalsnørr med drone: Får internasjonal oppmerksomhet

Helena Sofia Gomes Costa og hennes veileder Courtney Alice Waugh med en drone

Bygd på hyllevare

Men dronen er nyskapande på fleire måtar. Sjølv om det er ein forsvarsdrone, er «Svale» bygd på komponentar ein finn i ein kvar butikk med droneutstyr:

– Ein privatperson kunne laga den, fordi alle komponentane er hyllevare, seier Fyhn.

Likevel understrekar han at dronen bygger på teknologi som er utvikla ved FFI over lang tid, og som ikkje er like lett å etterlikne.

Dronen Svale saman med ein tanks

Politiet må då ha risikovurderingar og prosedyrar som viser at dette kan bli gjort med akseptabel risiko. For Forsvaret er det luftoperativt inspektorat (LOI) som avgjer.

Foto: FFI

Teknologien gjer at dronen kan styre sjølv – han er autonom.

– Det er nesten umogleg å krasje inn i ein drone når du flyg med fjernkontroll. Men denne dronen bereknar kollisjonsområdet mange gongar i sekundet sjølv.

Då får dronen til det som sjølv ikkje profesjonelle flygarar klarar.

Sondre Holm Fyhn frå FFI med dronen Svale

– Det er nok naturleg å vere meir bekymra for dronar no enn før. Difor er det viktig å ha eit reflektert forhold til dronar og at vi aukar forståinga av deira moglegheiter, seier Sondre Holm Fyhn ved FFI.

Foto: FFI

Men den nyutvikla dronen kan meir enn å skyte ned andre dronar. Han kan også følge etter dei, jage dei, eller fange dei.

– Ei moglegheit er å fange dronar med nett. Då blir ikkje Svala øydelagd sjølv, forklarar Fyhn.

Les også Den store droneguiden

Tre droner, en liten black hornet, en forskningsdrone som ligner et lite glidefly, og en typisk hobbydrone. Lilla bakgrunn.

Hobbydronar er ei stor utfordring

Lars Peder Haga, førsteamanuensis ved Luftkrigsskulen

Lars Peder Haga, førsteamanuensis ved Luftkrigsskulen, seier at dei fleste droneobservasjonane i Noreg av fiendtlege dronar sannsynlegvis er uskuldig hobbyflyving.

Foto: Luftkrigsskolen

Lars Peder Haga, førsteamanuensis ved Luftkrigsskulen, seier at det er ei stor utfordring at dronar har blitt så populære i Noreg.

Dei er lette å få tak i, og dei er i eit luftrom som ikkje har vore tilgjengeleg for allmenta før.

Det finst nemleg eigentleg ikkje eit system for å overvake dronar i dag, fortel Haga. Systemet som finst er for å overvake fly.

– Denne dronen ser ut til å bli ei løysing for å handtere eit problem med mindre kommersielle dronar og hobbydronar.

For også hobbydronar er fiendtlege dronar om dei er på feil stad til feil tid.

DJI mini 3 pro. Det var en slik drone den russiske mannen benyttet til å ta dronebilder i Kirkenes.

Dronen DJI mini 3 pro er ein kommersiell drone som tidlegare i år blei brukt av ein russisk mann til å ta dronebilde i Kirkenes.

Foto: DJI

I oktober i år fekk norske styresmakter inn svært mange droneobservasjonar. Men dei fleste av dei var mest sannsynleg uskuldig hobbyflyging og lovleg arbeidsflyging, ifølge Haga.

Berre eit fåtal var antakeleg det ein vanlegvis tenker på som framande dronar.

Men med Svale kan ein følge etter dronane og finne operatøren deira. Då vil ein få meir klarleik i kven dronane faktisk tilhøyrer.

Forsvaret øver på å bruke dronen Svale

Framtidas dronar vil vere meir resistente mot jamming, som er ein mykje brukt forsvarsmetode i dag. Det er fordi framtidas dronar ikkje trenger å kommunisere med ein operatør, og fordi dei vil fly meir taktisk i terrenget.

Foto: FFI

– Det skal ikkje forundre meg om det allereie finst liknande autonome dronar i norsk luftrom, seier Haga og legg til:

– Alle litt meir avanserte hobbydronar har det dei treng for å kunne fly autonomt, seier førsteamanuensen.

Då meiner han det er naudsynt med sjølvstyrande dronar for å få bukt med dei nye, framande og sjølvstyrande dronane.

Les også Overvåkingsstasjonen ble selv overvåket av droner

Cruickshank

Kjem nytt regelverk for hobbydronar

Også Hans Petter Heimro, flyoperativ inspektør ved Luftfartstilsynet i Bodø, seier det er ei stor utfordring at mange har ein drone, men ikkje kjenner til regelverket.

Men han trur det vil betre seg frå 2024, når det blir eit krav for butikkar å legge ved eit offisielt informasjonsskriv til dronar dei sel.

Det vil også bli krav til fjernidentifikasjon for mange dronar.

Hans Petter Heimro i Luftfartstilsynet

Hans Petter Heimro, flyoperativ inspektør ved Luftfartstilsynet seier at det vil bli strengare krav for kommersielle dronar frå 2024.

Foto: Luftfartstilsynet

Sidan «Svale» er bygd berre med komponentar ein kan kjøpe i ein kvar butikk som sel droneutstyr, ville han i prinsippet også vore mogleg å styre for hobbydroneflygarar.

Men Heimro seier det ikkje vil vere aktuelt å la kvar og ein vere vaktbikkjer i nabolaget.

– Ein slik drone kan i dag berre bli brukt av politiet og Forsvaret. Politiet må då søke til oss, seier han.

Dronen Svale saman med ein tanks

Politiet må då ha risikovurderingar og prosedyrar som viser at dette kan bli gjort med akseptabel risiko. For Forsvaret er det luftoperativt inspektorat (LOI) som avgjer.

Foto: FFI

Kor sannsynleg tenker de at det blir å sjå slike dronar i norsk luftrom framover?

– Det veit vi ikkje, men sett i lys av dei siste medieoppslaga om ulovleg droneflyging er vi førebudde på at dette kan bli meir aktuelt.

Les også 1.300 meter over bakken var det fullsatte Widerøe-flyet bare 60 meter unna dronen

Widerøe-fly