Hopp til innhold

Dødsulukke på Helgeland

Ein person i 50-åra er bekrefta omkomme etter ei drukningsulukke vest for Dønna på Helgeland, melder Politiet. Den omkomne var saman med ein annan og dykka etter kamskjel.

– Førstehjelp vart forsøkt på staden, men utan hell, seier Odd Ivar Pettersen hjå Politiets operasjonssentral.

Dei pårørande er varsla.