Hopp til innhold

Dobbelt så mange vil bli oljeingeniør – MDG gir Borten Moe skulda

Fleire har tilsynelatande følgt Ola Borten Moe si oppfordring om å søke seg til oljefag. – Regjeringa sveltefôrar det grøne skiftet, meiner MDG-topp.

Nestleder i MDG Ingrid Liland

– Det nyttar ikkje å tale med to tunger med å både seie at regjeringa satsar på grøn industri, samtidig som dei styrkar oljenæringa gjennom praktisk politikk, meiner Ingrid Liland.

Foto: Nicklas Knudsen / Nicklas Knudsen

I lys av regjeringa si lansering av Noregs første batteristrategi, reagerte NITO på at det hastar å få på plass norske ingeniørar.

I Mo i Rana er nemleg Freyr Battery i full gang med å bygge batterifabrikkar i milliardklassen.

Freyr, batterifabrikk i Mo i Rana

Freyr skal bygge fleire batterifabrikkar i Mo i Rana med 1500 tilsette.

Foto: freyr

– Fabrikkane kjem fort og det hastar at noko skjer no, sa Hanne Marit Henriksen i NITO.

MDG meiner regjeringa har seg sjølv å takke for den landsdekkande mangelen på norske ingeniørar, og at fleire søker seg til oljefag i år samanlikna med fjoråret.

Skuldar på Borten Moe

– Det er ikkje rart at ungdommen høyrer på regjeringa og søker deretter.

Misnøya kjem frå Ingrid Liland, nestleiar i MDG.

Det var før påska i år at Ola Borten Moe (Sp), statsråd for høgare utdanning, oppfordra norsk ungdom til å søke petroleumsretta utdanningar.

Problemet er, ifølge Liland, at regjeringa prioriterer oljenæringa framfor fornybar energi.

Ho meiner det er fullstendig skivebom at regjeringa oppfordrar ungdomen til å søke på oljefag når Noreg også treng ingeniørar med kompetanse på fornybar energi.

– Det var jo poenget med at han sa det. Eg meiner regjeringa unngår å vise leiarskap i ei omstilling i ei verd der heile Europa bokstaveleg talt står i brann, seier Liland.

Ho legg til:

– Regjeringa sveltefôrar det grøne skiftet.

– Men petroleumsfaga slit med rekrutteringa. Treng ikkje Noreg kompetanse innanlands også der?

– Det Noreg treng er auka kompetanse og arbeidskraft innanfor grøn industri. Akkurat no står vi og knyter saman skolissene på startblokka og satsar milliardar i ei oljenæring som går som det grin.

Fleire søker seg til oljefag

Sidan oljeprisfallet i 2014, har færre søkt seg til utdanningar innan olje og gass. Sidan då har tala vore stabile.

I år er det derimot dobbelt så mange enn i fjor som vil bli oljeingeniørar ved NTNU.

– I år ser vi ein betydeleg auke i tal søkarar som har petroleumsfag som førsteprioritet.

Det seier Olav Bolland, som er dekan ved NTNU sitt fakultet for Ingeniørvitskap.

Dekan ved fakultet for ingerniørvitenskap ved NTNU, Olav Bolland, sier de gjennomgår rutinene sine.

– Det som er sikkert er at kandidatar med ingeniørutdanning vil vere høgt ettertrakta på arbeidsmarknaden, seier Bolland.

Foto: JØTE TOFTAKER / NRK

Totalt er det 522 som har petroleumsfag blant vala sine mot 388 i fjor.

– I 2021 var det 20 som hadde petroleumsfag som førsteval, mens i år er det 41, seier Bolland.

– Manglar vi ingeniørar både til fossil energi og fornybar energi?

– Vi treng absolutt gode kandidatar til begge desse næringane om vi skal lukkast med den grøne omstillinga. Petroleumsstudentane vi utdannar er svært ettertrakta, og faktisk så er tilbakemeldinga frå næringa at vi utdannar for få av dei, seier Bolland.

Regjeringa: – Ikkje ein motsetnad

– Vi tek utgangspunkt i korleis verda faktisk er. Petroleumsnæringa er utan tvil Noregs viktigaste næring som sikrar enorme inntekter til fellesskapen kvart år. For å sikre god forvalting av desse store og viktige naturressursane, må vi ha rett kompetanse.

Det svarar statssekretær Oddmund L. Hoel på kritikken frå MDG retta mot Borten Moe og regjeringa.

– Vi treng at unge søker seg til petroleumsutdanningane. Det er heller ikkje ein motsetnad. Ein god ingeniør i oljeindustrien med kjennskap til geologi, reservoartenking og prosessteknologi, vil òg vere ein god ingeniør i det grøne skiftet, seier Hoel.

NTNU: – Behov for begge deler

Liland er einig med Hoel om at dei som jobbar i olja kan mykje som vi kan bruke i anna industri.

– Det er kjempefint. Problemet er ikkje at folk får kompetanse og kunnskap. Problemet er at signala frå regjeringa er å satse på olje og auke aktiviteten. Vi skulle putta den kunnskapen i dei nye næringane og ikkje i olja, seier Liland.

Sjølv om fleire søker seg til oljefag enn før, er det flest som søker seg til studieprogrammet fornybar energi hos NTNU.

– Den har i år 203 førsteprioritetssøkarar og totalt 1719 søkarar. NTNU har også det femårige studieprogrammet Energi & Miljø som i år har 188 førsteprioritetssøkarar og totalt 1622 søkarar, seier Olav Bolland.

Det finst fleire ingeniørutdanningar andre stader i landet.

– Det er ingen tvil om at verda må omstille seg vekk frå bruk av fossil energi om vi skal lukkast i å nå globale klimamål. Samtidig er det brei politisk einigheit om at vi i ein periode framover framleis vil ha norsk olje- og gassverksemd. Den krafta og kompetansen som finnast i denne næringa kan spele ei avgjerande rolle i den grøne omstillinga av norsk økonomi, seier Bolland.

Hei!

Har du innspel til denne saka? Eller tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post.