Hopp til innhold

Diabetespasientar sendt heim utan medisin: – Legevakter manglar kunnskap

Diabetesforbundet er uroa for manglande kompetanse hjå legevaktene. I ei bekymringsmelding om ein kommune i Nordland skriv dei om pasientar som vart sendt heim utan medisinar og behandling.

Svein Jensen og Marianne Høvik Torgnes

MISNØGD: Leiar i Diabetesforbundet Nordland Svein Asgeir Jensen med nestleiar Marianne Høvik Torgnes framfor legevakta i Brønnøysund. Dei er særs misnøgde med kompetansen til helsepersonellet i kommunen.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

I løpet av to månadar på våren 2019 tok fleire uroa personar frå Brønnøy i Nordland kontakt med Diabetesforbundet. Dei klaga på dårleg behandling hjå helsepersonellet i kommunen.

– Det er litt skremmande, seier leiar i Diabetesforbundet Nordland Svein Asgeir Jensen.

NRK har fått tilgang til ei bekymringsmelding forbundet sende til kommunen. Dei meiner helsepersonellet gav pasientane «svært dårleg fagleg handtering».

  • Ei kvinne i 60-åra kom til legekontoret i Brønnøy for ein rutinesjekk. Ho fekk ikkje oppfølging, og vart sendt heim «utan tilgang på livsviktige legemiddel», som det står i brevet.
  • Ein 82 år gamal mann skal ha hatt so høgt blodsukker at fastlegen skreiv ut resept på insulin. Legen gav ikkje noko slags opplæring eller rettleiing i korleis insulinen skulle nyttast. Dette kan vere livsfarleg om gjort feil.
  • Ei annan kvinne vart sendt heim frå legevakta med tablettar som skulle redusere blodsukkeret. Nokre timar seinare kom ho attende med eit blodsukker so høgt at apparata legane hadde ikkje kunne måle det.

– Eg har inga moglegheit til å ta opp dette med dei legar det gjeld utan at det kjem ei klage frå dei pasientane som har opplevd manglande eller feil behandling, skriv kommuneoverlege Even Thorkildsen i eit brev som svar på bekymringsmeldinga.

Les det fulle svaret nedst i saka.

Eit nasjonalt problem

Bjørnar Allgot, Diabetesforbundet

– Det er altfor dårleg. Det går jo ikkje an, seier Bjørnar Allgot om måten diabetikarar vert behandla.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

– Diabetes er ein so vanleg sjukdom at ein må kunne forvente gode prosedyrar på legevakta. Det er dei nøydd til å ha orden på, seier Bjørnar Allgot.

Han er generalsekretær i Diabetesforbundet, er misnøgd med primærhelsetenesta i Noreg.

Trass i at dei stadig får inn klager om dårleg kompetanse kring diabetes har dette vore eit problem i årevis.

I 2012 skreiv VG om småbarnsfaren Metodi Velkov som døydde grunna uforsvarleg behandling for diabetesen hans.

I 2017 fortalde Diabetesforbundet om 19 år gamle Christine Wahl som vart sendt heim frå legevakta med Paracet og beskjed om å sove. Same natt døydde ho av syreforgifting.

NRK har fått tilsendt fleire historier om behandlinga diabetikarar har fått av helsepersonell. Namna er anonymisert.

Torsdag 14:10

Berit:Min mor ligger slapp og klarer såvidt å snakke for seg. Legen vil sende henne hjem. Hun bor 1,5 timer utenfor byen, langt ute på landet. Jeg blir sint og sier de ikke får sende min mor hjem for å dø.

Frå fleire ulike delar av landet er det liknande forteljingar som går att.

Søndag 10:30

Johan:Jeg ringte legevakta en gang når blodsukkeret mitt var høyt, men jeg kom til en legesekretær og hun kunne ikke noe om diabetes type 2. Jeg nevnte tallet som jeg hadde målt, men fikk ingen hjelp. Skremmende.

– Må skjerpe seg

– Legevaktene, når det kjem til akutte situasjonar, er nøydde til å skjerpe seg. Det er so mange som har diabetes at dette er dei nøydd til å kunne, seier Allgot.

Helsedirektoratet forsøkjer å få bukt med problema i primærhelsetenesta.

Diabetesforbundet har arbeidd saman med dei for å utvikle retningslinjer for korleis legane skal behandle pasientar med diabetes.

Brønnøy helse- og omsorgssenter

Primærhelsetenestene i Noreg har hatt problem med kunnskap om diabetes i lang tid, meiner Diabetesforbundet.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Desse er tilgjengeleg på nett. I tillegg vert det haldt kurs og konferansar om temaet med jamne mellomrom.

– Kvar er det problemet ligg då?

– Diverre er det eit stykke mellom det ein gjer nasjonalt gjennom Helsedirektoratet og det som skjer i kommunane. Nettopp difor er det viktig at informasjonen er lett tilgjengeleg, seier Allgot.

KS, kommunesektoren sin organisasjon, hadde ikkje høve til å kommentere saka på vegner av kommunane.