Hopp til innhold

Hugs at hunden kan bli støl og snøblind i påska

Det er fleire ting ein må hugse på når ein skal på påsketur med firbeinte. For veterinærkontoret får meir å gjere når hundane skal ut i ferien.

Elisabeth Mathisen på skitur med terrien Ace. I et snødekt landskap har begge på seg skibriller.

Heime i Narvik var det ein dårleg start på påskevêret, men ho håpar det lettar slik at ho og Ace kan kome seg på ein påsketur.

Foto: Privat

Påska står for døra. Det betyr appelsin, kvikklunsj, lammerull og kakao.

Det betyr også at nordmenn skal ut på tur, med eller utan ski på beina.

Ofte saman med våre firbeinte vener.

Student og påverkar Elisabeth Mathisen frå Narvik går mykje på skiturar i fjellet, og der har ho ofte med Jack Russell Terrieren Ace.

– Det kan vere flott og ikkje så flott, seier Mathisen som delar turbileter med sine 100.000 følgarar på Instagram.

Mathisen seier at det er mykje ein må hugse på når ein skal på tur med hunden.

– Det er veldig mange ting ein må tenkje på når ein skal på skitur, seier ho.

For i påska er det fleire potensielle farar for dei firbeinte:

Ofte at hundane må syast

Spesielt skiturane med hundane kan by på fare, seier veterinær Lene Rasmussen ved Rana veterinærkontor.

– Det er spesielt det med å gå på tur med stålkant på skia.

Veterinæren forklarar at dei kvart år får inn mange hundar som må sy fordi stålkantane har laga sår i huda.

– Dei fleste som har hund veit jo dette, og har ikkje stålkantar, men så er det nokre nye hundeeigarar som ikkje er klar over denne faren, seier Rasmussen.

Og det er ikkje mykje som skal til.

– Det er veldig fort gjort. Det er jo berre at dei spring attmed og plutseleg går i sporet, så kan det vere eit lite, stort eller djupt sår. Det er veldig ofte at dei må syast.

Elisabeth Mathisen på ski med terrien Ace

Elisabeth Mathisen brukar kommandoar for å halde Ace vekke frå stålkantane på skia hennar.

Foto: Privat

Mathisen brukar tydelege kommandoar for å halde terrien Ace vekk frå stålkantane. Det har ho jobba konsekvent med sidan ho starta å ha han med på tur.

– Det er veldig viktig å få inn dei kommandoane, seier ho.

Det er også andre ting du bør vere obs på når du skal ha med hunden på tur i påskevêret.

Solkrem & solbriller

– Sola kan ta godt på kinn og nase. Korleis er det med hundar?

– Dei aller fleste hundar er godt pelsa. Men så har du nokre som har lite pels, spesielt på naseryggen og kanskje øyra også. Dei som er rosa i huda og du ser gjennom pelsen at du får rosa hud, dei kan faktisk bli solbrente, fortel veterinæren.

Her kan det vere lurt å smørje solkrem.

– Vanleg solkrem til menneska på nasen, seier ho.

Og det finst faktisk solbriller til hundane. Riktig nok ikkje med bøyel bak øyra.

– Hundane kan også bli snøblinde. Viss ein er ute i veldig skarp sol og skal vere lenge ute. Då kan det vere lurt å kle på dei solbriller. Det finst faktisk solbriller for hund, seier veterinæren.

Terrien Ace med potesokkar og solbriller.

Elisabeth Mathisen seier at hunden Ace ikkje er tilhengar av å bruke solbriller.

Foto: Privat

Men det kan vere vanskeleg å få hunden til å bruke solbriller. Terrien Ace er ikkje noko tilhengar av å ha dei på.

– Eg ser at det er mange hundar som brukar skibriller. Og eg har prøvd, men han vil absolutt ikkje bruke det, seier Mathisen, og legg til:

– Men har ein moglegheita til det, så er det beste å lære hunden sin det frå start.

Hundane blir også støle

Det er ikkje berre oss tobeinte som blir støl og stiv etter tur. Det gjeld også hundar.

– Det har vore lenge vinter og roleg, og så er det ut å gå mange timar på ski, og så kan ein bli stiv. Særleg eldre hundar som ikkje er så godt trena, kan fort bli litt stiv og støl, seier veterinær Rasmussen.

– Ein bør sjå an hunden og ta dei på ein litt kortare tur dagen etter. Så finst det også smertestillande og betennelsesdempande medisinar som ein kan bruke viss det blir ille.

– Korleis ser ein at ein har vore litt for hard?

– Gjerne når dei har lege ei stund og slappa av, og så reiser dei seg og er gjerne stiv eller halt på ein fot.

Elisabeth Mathisen på skitur med terrien Ace.

Elisabeth Mathisen ser alltid an turen før ho tek med terrien Ace

Foto: Privat

Mathisen seier ho alltid ser an turen før ho tar med Ace. Det er absolutt ikkje alle turar ho tek han med på, spesielt om turen er lang.

– Han kan syns det er kjedeleg i lengda. Då kan han bli rastlaus og til dømes bite i stavar. Av og til snur eg rett og slett. Både for min og hans sitt velvære.

Såre potar

Etter ein lang vinter har ein kanskje ikkje vore så mykje på tur, og ein brukar hundane meir enn dei har vore vande med. Påske og fint vêr kan gi mange timar ute.

Potane må rett og slett herdast. Ein brå overgang kan gjere dei såre på potane. Særleg viss det er skarete føre.

– Då kan ein bruke potevoks eller salve for å halde dei mjuke, eller så kan ein bruke sokkar, seier veterinæren.

Elisabeth Mathisen på skitur med hunden Ace.

Terrien Ace brukar også potesokkar når eigar Elisabeth Mathisen ser at han byrjar å bli sår på potane, eller når dei er på skarete og isete føre.

Foto: Privat

Gøym godteskåla (ein plass berre du finn den)

På desse lange turane kan det vere lurt å ha med seg ein boks med våtfôr, ifølge veterinæren.

– Det er veldig greitt at dei også får i seg mat og drikke, seier Rasmussen.

Påska betyr også god mat og påskeegg fylt av sjokolade. Her må ein vere forsiktig.

– Både sjokolade i større mengder, spesielt kokesjokolade, er veldig farleg for hundar. Druer og rosiner kan også i små mengder vere farleg for hundar, seier veterinær Rasmussen.

Her må ein vere spesielt merksam om hunden er heime aleine medan ein er på tur.

– Då kan det vere lurt å gøyme godteskåla.

Påskeegg

Sjokolade i store mengder kan vere farleg for hundar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Ho er også tydeleg på at ein skal vere forsiktig med både lammelår og bein og forskjellig.

– Ein blir jo litt freista til å gi dei restar av det som er igjen og slikt, men ein må kjenne hunden og vite kva dei toler og vere forsiktig med mengde og slikt, seier Rasmussen.

Les også Utan ein liten mygg blir det ingen sjokolade i påskeegget

Kakao