Fem ting du bør hugse på før noregsferien

Det er straks siste skuledag, og mange tek til på noregsferien. Kva må du hugse på, med vaksinering og det heile? Her kjem ei hugseliste.

Sommer i Lofoten

Mange planlegg noregsferie i år. Det kan vere vanskeleg å få oversikt over kva reglar som gjeld.

Foto: Benjamin Fredriksen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I år som i fjor kjem nok mange til å ta ferien innanfor landegrensene i sommar.

Men kva er eigentleg reglane for reising? Og kva med vaksina? Hamnar eg heilt bak i køa fordi eg er på ferie? Kva reglar er det som gjeld?

Her er fem ting frå blant anna Helsenoreg du bør hugse på:

Er du sjuk, bør du ikkje ut å reise

Dette har vi jo blitt vande med, men det gjeld framleis.

Sjølv om over 2 millionar nordmenn har fått minst ein vaksinedose, bør ein ikkje reise om ein har luftvegssymptom og har fått testa seg.

Følg dei strengaste reglane

Om tiltaka i heimkommunen din er strengare enn der du besøker, skal du følgje dei strengaste reglane.

Om restaurantar i heimkommunen din er stengde, skal du ikkje gå ut i feriekommunen din – sjølv om dei kanskje er opne.

Om tiltaka i feriekommunen er dei strengaste, er det desse du skal følgje.

Dette gjeld ikkje om du er «beskytta».

Sjekk situasjonen i kommunen du skal til

I tillegg til dei nasjonale tiltaka har mange kommunar eigne tilrådingar.

Dette kan gjelde bruk av munnbind, testing og om aktivitetar og serveringsstadar er opne.

Sjekk nettsidene til kommunen du skal til for å sjå kva reglar som gjeld.

Bodø kommune si heimeside 17.06.21

Smittesituasjonen og tiltaka i ein kommune treng ikkje vere lik i nabokommunen. Skal du reise, er du tilrådd å setje deg inn i den lokale situasjonen.

Foto: Skjermdump

Planlegg vaksineringa di

– Det er din heimkommune som har ansvar for deg og som får tilsendt vaksinar til deg. Du skal difor i utgangspunktet vaksinere deg heime, sa overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet til NRK i vår.

Du kan altso ikkje ta første dose før ferien og satse på å få nummer to der du er på ferie. Då vert du flytta ned i køa att.

Men det skal jo ikkje gå meir enn nokre veker mellom kvart stikk.

– Vi ynskjer ikkje kaste ein einaste dose. Om du av ein eller annan grunn ikkje kan møte til vaksinetimen din, ring og gje beskjed, seier dagleg leiar ved Bodø legevakt, Jørgen Bjørnstad.

Kvar kommune har ulike rutinar for vaksinering, og nokre er komne lengre enn andre.

En vaksinatør i Bodø kommune trekker opp en dose vaksine tirsdag 2. februar.

Over 2 millionar nordmenn har fått minst ein dose vaksine.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Reis utanom rushet

Om du skal langs kysten i sommar vil du mest sannsynleg møte på ei ferje ein eller annan stad.

Og rådet frå selskapa sjølv er tydeleg: bestill på førehand, reis tidleg om morgonen eller seint på kvelden.

Om årets sommar vert noko lik den i fjor, er det venta ferjekaos fleire stadar i landet.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 29.07.2021
1 696
Smittede siste 7 dager
25
Innlagte
799
Døde
3 499 174
Vaksinerte