Hopp til innhold

Dette er fridagane for 2023

Det er fleire fridagar i sikte i 2023 enn i år. Men vi er for dårlege på å nytte moglegheitene som fridagane faktisk gir oss, meiner psykolog.

Det blir kaldt vær fremover

LANDET VAKNAR: I Noreg har vi fleire fridagar i mai månad. Det er bra å ha fri til å vere ute når landet vaknar frå ein kald vinter, meiner økonom Harald Magnus Andreassen.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Året 2022 var eit dårleg år for dei som set pris på dei ekstra fridagane.

Kalenderen for 2023 har betre nyheiter. Også dei to følgande åra byr på raude dagar som fell på kvardagar.

I 2024 blir det full klaff av moglege fridagar.

Fri på mange kvardagar

På nyåret får vi det som populært blir kalla «gratis fri» på ni av totalt tolv raude dagar.

Slik fordeler dei raude dagane seg i 2023:

1. nyttårsdag

Søndag 1. januar

Skjærtorsdag

Torsdag 6. april

Langfredag

Fredag 7. april

1. påskedag

Søndag 9. april

2. påskedag

Måndag 10. april

Offentleg høgtidsdag

Måndag 1. mai

Grunnlovsdag

Onsdag 17. mai

Kristi himmelfartsdag

Torsdag 18. mai

1. pinsedag

Søndag 28. mai

2. pinsedag

Måndag 29. mai

1. juledag

Måndag 25. desember

2. juledag

Tysdag 26. desember

Ekspander/minimer faktaboks
  • Endå betre blir det i 2024 – med raude dagar på ti kvardagar, altså det meste som er mogleg.
  • Utsiktene for 2025 er også fri på ei rekke kvardagar, med ni raude kvardagar.

Dårleg på å gripe moglegheitene

Og fridagane er viktige for oss, skal vi tru psykolog Line Marie Warholm.

Ho forklarar at mange i dag strever med å vere slitne og utbrende. Difor er kvile og samanhengande fri viktig for både vaksne og barn.

For slik vi lever i dag, har vi moglegheit til å få mykje kvile. Vi er derimot ikkje gode nok på å bruke desse moglegheitene, meiner ho.

Psykolog Line Marie Warholm
Foto: Astrid Waller

– Det krev at vi tar grep. Det er nok mange som er på jobben mentalt sjølv om ein har fri. Så det er noko med det å kople heilt av og ta heilt fri.

– Behovet for å vere tilgjengeleg eller ha kontroll er ein impuls som vi må ha eit veldig bevisst forhold til i dag fordi den er der, og den er problematisk og den må vi ta grep om.

Ifølge Warholm er dette ei oppleving som mange har, men som er skapt av oss sjølve og ikkje eigentleg reell.

Psykologen sine råd for fridagane

  1. Bestemme seg for å ikkje svare på e-post
  2. Slette appar på telefonen om ein ikkje klarar å halde seg unna
  3. Tør å spørje deg sjølv: Er det verkeleg slik at folk ha tak i meg?
  4. Hugs at du som vaksen har ansvar for di eiga helse
  5. Ha eit bevisst forhold til det å ikkje tenke på alt som er tilgjengeleg

– Det er vel ein trend no at folk vel meir fritid framfor pengar. Folk er opptatte av å ha eit liv utanfor jobb også, seier Warholm.

Fri = meininga med livet

Det bekreftar samfunnsøkonom Harald Magnus Andreassen.

– Fridagane er meininga med livet. Og i mai i Noreg har vi fleire fridagar, og det er veldig bra. For i mai er det bra å ha fri og vere ute når landet vaknar etter ein kald vinter.

Harald Magnus Andreassen i Swedbank i Oslo.
Foto: Lise Åserud

– Dei fleste vil finne ut at slik var det smart å ha det. Det ein kunne diskutert var kor mange av fridagane vi skal binde opp til religiøse høgtidsdagar der alle har fri samtidig.

Altså som motsetnad til å la kvar enkelt arbeidstakar eller bedrift finne ut korleis dei vil bruke dei dagane når det passar. Talet fridagar er lovbestemt.

– Det er nok slik at det er fornuftig at samfunnet bestemmer i fellesskap omtrent kor mykje det er vanleg å jobbe for dei fleste av oss og at det er reglar for at vi har ferie.

Andreassen kallar jula i år heilt forferdeleg når det kjem til fridagar.

– Nesten det verste du kan tenke deg er å ha julaftan på ein laurdag. Så dette er jo ein dårleg jul.

Heldigvis flyttar det på seg og blir betre seinare år.

Les også Hvor lenge er det innafor å være på julebesøk?– Tror folk tar hintet når ungene legger seg

Anne Marie Madsen

Ikkje fullt så gratis

Og nordmenn betalar meir enn gjerne prisen det kostar for å ha ferie og fri, bokstaveleg talt.

– Med utgangspunkt i ei gjennomsnittsløn på 650.000 kroner, blir det rundt 2000 kroner etter skatt for ein fridag.

Om vi er vekke frå jobb i ein dag vil vi altså produsere rundt 12 milliardar kroner mindre.

Kan like jobb og fri samtidig

Andreassen gjer ei samanlikning med USA, som har mindre fri enn oss.

– Det å be om fri er å signaliserer til arbeidsgivaren min at eg ikkje vil jobbe. Eg er ikkje interessert i jobben og ønsker ikkje bli forfremma og gjere ein god jobb.

Les også Planlegger «billig» ferie med barna: – Det er innholdet som betyr noe

@friluftsfamilie_5

I eit slikt tilfelle vil alle sitte på jobben enn det dei eigentleg ønsker sjølve.

– For om du spør folk, så vil dei gjerne ha ferie. Dei veit at det kostar, men dei er villige til å betale den prisen i form av lågare løn.

Ein treng derimot ikkje la seg uroe ved å spørje arbeidsgivar om fri, meiner psykolog Warholm. For det er mogleg å like begge deler.

– Kan vi vere glad i jobben vår sjølv om vi ønsker fri?

– Ja, det tenker eg. Om ein skal halde ut i jobben sin, må ein sørge for å få nok fri til å ikkje bli lei. Om du for eksempel skal tenke smart og kreativt i jobben, er det viktig med pause og stille for å få tenkt.

– Om ein berre jobbar blir ein mindre effektiv, avsluttar Warholm.