Hopp til innhold

Blir meir av Noregs mest plagsame ugras: – Ekstremt utfordrande

Eit våtare vêr og ei jord som blir stadig meir hardpakka er årsaka til at berykta ugras brer om seg som aldri før. Bønder fortviler.

Høymole

IRRITERANDE: Høymole kjem på første plass over den vanskeligste ugrasarten. Den kan det bli meir av med våtare sommar.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Du har kanskje lagt merke til høymolen? Høgreist med grøne frø om våren, eller brunraude frø rett før han frør seg på hausten.

Sjølv om høymolen glir inn i bybilete, eller eng- og åkerlandskapet, er han det mest plagsame ugraset i Noreg.

Kvifor?

Han er nærmast umogleg å kvitte seg med.

– Viss eg skal si namnet på den vanskelegaste ugrasarten kjem Høymole på første plass, seier Lars Olav Brandsæter, professor i ugraskontroll ved NMBU.

Og no ligg det an til at det berre vil bli enda meir av han.

Ekstremt utfordrande

Hanne Bjerkvik er bonde frå Nordland, men bur no på Vestlandet.

Både i nord og i vest har ho sett mykje av det plagsame ugraset.

– Høymolen er ekstremt utfordrande å handtere. Han kan spreie seg noko vanvettig kvart år, seier ho.

Bonden seier den går ut over jordhelsa.

Og det er ikkje godt nytt.

Kvaliteten på fôret man skal bruke på vinteren blir dårlegare. Dersom bøndene heller ikkje får til andreslåtten sitt de igjen med betydeleg mindre fôr enn dei treng:

Sjølv prøvde Bjerkvik å unngå å sprøyte i det lengste. Men til slutt måtte ho kaste inn handkleet. Det var rett og slett for mykje høymole.

– Det er einaste moglegheit for oss for å komme oss i gjenge. For oss må vi nesten ha ein skoleklasse av ein dugnadsgjeng for å overvinne høymolen.

Ugras i veikanten

Ugras i vegkanten.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Blir meir av den

Planten er godt tilpassa våt og pakka jord.

Og er det noko som er sikkert, er at det blir meir våt og hardpakka jord.

  • For det første blir vêret våtare.
  • For det andre blir det stadig færre bønder i Noreg.

Dei bøndene som står att driver eit stadig større område. Då treng dei større maskiner.

Dei presser jorda ned, og gjer ho hardpakka.

Den hardføre planten er spesialist til å vekse i eng og beite.

70–80 prosent av norsk landbruk er nettopp det. Og den greier seg betre enn plantene som bonden hadde tenkt at skulle leve i åkeren sin.

– Du kan ofte sjå høymole i traktorspora fleire år etter at traktoren har køyrt der. Graset døyr nemleg, men det gjer ikkje høymolen, seier NMBU-professor Brandsæter.

Les også Det hata ugraset kan bli sunn og billig middag

Skvallerkål

Frøa kan lagres i tiår

Også bonden Hanne Bjerkvik er klar på at større gardar og større maskiner kan gjere at det blir meir av ugraset.

– Frøa kan bli lagra i jorda i fleire tiår. Om ein pløyer på eit område der disse ligg lagra langt nede i bakken og snur jorda, kan ein få enno meir neste år.

– Har du storfe som du fôrer med vinterfôr som har høymole i seg vil frøa gå igjennom kua og kome ut i gjødsla. Når du spreier den på enga kjem Høymolen ut igjen.

Det er eit fantastisk gromiljø for høymolefrø.

Så kva kan ein gjere?

Endring i drifta

Lars Olav Brandsæter, professor ved NMBU

UGRASEKSPERT: Lars Olav Brandsæter, professor ved NMBU.

Foto: Privat

Av ugrasmiddel som vert brukt i enga er ein stor del av dei spesialmiddel mot høymole.

Men det finst òg ikkje-kjemiske tiltak, seier professor Brandsæter.

Vekstskifte kan vere eit godt tiltak, men det er ikkje alle stader i landet der det er eit alternativ å dyrke korn der ein vanlegvis dyrkar gras til dyra, seier han.

Knut Alsaker i Norsk Landbruksforening seier at høymole er kjent som ei plante som har gode forhold for å utkonkurrere grasplantar når han har gode vekstforhold.

Bør kanskje sjå på forhold ved dyrkinga

Dei anbefal å sprøyte med ugrasmiddel for å få bukt med ugraset. I tillegg må jorda bli tørka mest mogleg opp før ein køyrer utpå.

– Slik som sommaren har vore i år har det vore veldig vanskeleg. Det er litt av utfordringa å spele på lag med både klima og biologien.

– Forholda etterpå blir mykje dårlegare. Då kan ugrasplantene regjere meir åleine.

Om ein pløyer jorda på nytt og sår på nytt kan det vere ei løysing.

Men enga bør vere tørrast mogleg før ein køyrer utpå. I tillegg bør vekta på utstyret ein køyrer vere mist mogleg.

– Det at vi får mykje ugras kan vere et symptom på at forholda for kulturplanter ikkje er helt optimalt. Man bør kanskje sjå på om det er ting med dyrkinga vi kan gjere? spør han.