Hopp til innhold

Fjernar nordlysbilde frå heimeside etter dramatisk redningsaksjon: – Dei er triggande

Den koreanske turisten klatra opp på Reinebringen fordi han hadde sett bilde av fjellet i sosiale medium. No fjernar Destinasjon Lofoten forlokkande nordlysbilde frå nettsidene.

Reinebringen i nordlys

FJERNA I DAG: Dette bildet frå Reinebringen i Lofoten blei i dag fjerna frå Destinasjon Lofoten sine nettsider. Det kan bidra til å lokke turistar til å klatre i fjellet om vinteren.

Foto: Alex Conu / Destination Lofoten

I sterk storm redda Svolvær alpine redningsgruppe måndag ein turist frå Sør-Korea ned frå fjellet Reinebringen i Lofoten.

Reinebringen er eit av dei mest besøkte fjella i Lofoten, men kommunen har sett opp skilt om at folk ikkje skal gå her på vinteren.

Ikkje alle forstår alvoret.

Allereie i januar har det vore to redningsaksjonar på den populære fjelltoppen. I sommar mista ein ung turist livet på same stad.

Det var Svolvær alpine redningsgruppe som berga ned den vêrfaste turisten. Ein av dei var redningsmann Bjørn Kirkhaug.

Vakre bilde triggar turistar

Han fortel at turisten på Reinebringen hadde sett eit bilde frå fjellet på sosiale medium og tenkte det var ein fin stad å besøke og fotografere.

Det er ikkje første gong Destinasjon Lofoten høyrer akkurat dette.

Difor har dei i dag fjerna idylliske nordlysbilde frå sine nettsider.

– Bilda er «triggarar» for å kunne dra dit. Så må vi må prøve å gi folk andre alternativ for å ta desse bilda, seier reiselivssjef Line Renate Samuelsen i Destinasjon Lofoten.

Les også Mann i 20-årene døde etter fall ved Reinebringen i Lofoten

Et redningshelikopter jobber ved Reinebringen fredag 24. juni.

Måtte ta seg opp til fots

Under redningsaksjonen på Reinebringen i går var vêrforholda for tøffe til at redningshelikopteret kunne løfte ut turisten. Dermed snudde helikopteret, og den alpine redningsgruppa måtte ta seg opp til fots.

– Det var ikkje noko enkel plass han hadde kome seg opp på. Vi måtte til med tau og sikring på han for å vere sikker på at vi fekk han trygt ned, seier Kirkhaug.

Svolvær alpine redningsgruppe, Vegar Kaspersen og Joachim Aae Flatøy på vei mot Reine

Her er Svolvær alpine redningsgruppe med Vegar Kaspersen og Joachim Aae Flatøy på veg mot Reine i helikopter. To timar seinare var turisten berga ned frå fjellet.

Foto: SARG

At turistar går opp på fjellet i full storm set også redningsmannskapa på prøve. Redningsgruppa må også tenke på eigen sikkerheit.

Det blir då eit vanskeleg dilemma når dei veit at eit nei kan gi store konsekvensar for dei det gjeld.

– Margina blir mindre fordi vi veit at helikopteret ikkje kan flyge inn der. Så viss det skjer noko med oss, så kan vi ikkje bli henta av helikopteret.

Han gjer seg nokre refleksjonar rundt at «Instagram-moments» er med på å forsterke talet på utrykkingar de har.

Ja, om eg skal gi Instagram eller TikTok skulda det veit ikkje eg.

Les også Redningsaksjon på Reinebringen: Turisten nede fra fjellet i god behold

Svolvær alpine redningsgruppe på Reinebringen

Remi Olsen i 330-skvadronen i Bodø fortel at det tidlegare ikkje var vanleg å måtte redde turistar i fjellet om vinteren.

– Vi ser jo at vi får slike type oppdrag som i går, og det gjorde vi ikkje tidlegare. Det utfordrar oss på vinterstid.

Remi Olsen, fartøysjef 330-skvadronen, Bodø

UTFORDRANDE: Fleire slike redningsoppdrag på vinterstid byr på utfordringar for redningsmannskap.

Turfølget snudde

Den alpine redningsgruppa består av frivillige snikkarar, fysioterapeutar, gravmaskinførarar og andre som slepp det dei har i hendene for å hjelpe folk som har hamna i ei knipe på fjellet. Gruppa har rundt 20 til 30 utrykkingar i året.

Kirkhaug fortel at gruppa har bygd seg opp mykje erfaring og kompetanse på klatring og friluftsliv som er tilstrekkeleg for å gjere jobben.

Svolvær alpine redningsgruppe på Reinebringen

Svolvær alpine redningsgruppe i sterk storm på Reinebringen. Her er de på veg til den vêrfaste turisten.

Foto: SARG

Han fortel vidare at to frå reisefølge til koreanaren hadde starta på turen saman med han, men hadde snudd før toppen.

Korleis reagerte han då de kom?

Bjørn Kirkhaug

Bjørn Kirkhaug i Svolvær Alpine redningsgruppe seier at dei har mellom 20 og 30 utrykkingar i året.

Foto: Privat

Han vart veldig glad. Vi fekk på han ekstra klede og gav han litt solbærtoddy og vestlandslefse, seier han.

Coopen blei «redningssentral»

Etter at redningsaksjonen var over takka politiet den alpine redningsgruppa for hjelpa, men dei takka også den lokale Coop Prixen i Reine.

– I tillegg vil vi rose dei lokale tilsette på Coopen som har hjelpt til med informasjon og vidareformidling av beskjedar, skreiv dei på Twitter.

Cathrine Johnsen som jobbar på matbutikken er glad alt gjekk bra med turisten.

Redningsmannskapet og politiet gjorde ein fantastisk jobb, seier ho.

Reinebringen er ein populær fjelltur i Lofoten.

– Utfordring å få alle til å forstå

Reinebringen er eit populært turmål blant fastbuande, og ikkje minst for turistar. Men på stien opp åtvara eit gult skilt om å gå på toppen om vinteren.

Skilt på stien til reinebringen som åtvara mot å gå dit om vinteren.
Foto: Visitlofoten

Operasjonsleiar Remi Johansen i politiet i Nordland seier at skiltet er fleire stadar på vegen, men at det står berre på engelsk og norsk.

– Det er avgrensa med kor mange språk vi skal ha det på.

Han seier politiet er førebudd på fleire slike redningsaksjonar sidan det er turistar i Lofoten heile året.

– Her er turistar heile året som har lyst på utsikt og fjell dei ikkje har sett før. Ein konsekvens av dette er at det blir fleire redningsaksjonar, seier Johansen og legg til:

– Det er fritt å gå på fjellet når du vil, men det er ei utfordring å få alle til å forstå at det ikkje alltid er så lurt.

Ikkje overraskande

Line Samuelsen i Destinasjon Lofoten synest det er trist og leit at folk tar dumme val.

– Det gjer ein jo av og til, så vi skal ikkje vere for knallharde. Men i går synest eg det var ein risiko å gå på det fjellet. Vi følte elementa, vinden og alt det her.

Les også Kåret til ett av fjorårets fineste nordlysbilder: – Brukte flere år på å planlegge bildet

Et av bidragene til årets fineste nordlysbilde 2022

I tillegg til å ha fjerna forlokkande bilde frå nettstadene, har dei diskutert korleis dei vidare kan nå ut til alle med eit bodskap om å ta kloke val.

– Kor mange språk gjer de det på?

– Så langt har vi ikkje kome endå. Det handlar også om å nå folk der dei er. Alle er ikkje på nettsider eller Instagram. Kanskje inspirasjonen kjem frå Instagram, og det rår ikkje vi over alltid.

Line Samuelsen er ny reiselivssjef i Destionation Lofoten.

VURDERER TRAFIKKLYS: Eit potensielt tiltak kan vere å innføre trafikklys for å stoppe folk i å gå opp på fjellet, seier Samuelsen.

Foto: Privat

Det er ikkje første gong Samuelsen møter denne problematikken.

– Det er på ingen måte nytt for oss å høyre dette. Vi har heller ikkje moglegheit i Noreg til å seie at fjellet er stengt. Det er utmark og det er ikkje heimel i lova til å gjere.

– Burde vi hatt det?

– Eg trur kanskje at ein burde diskutere det, og då må det opp på eit høgare plan. Med tanke på at det er ein stor risiko og det er store apparat som blir sett i gang når dette skjer.

Dei diskuterer hyppig nye tiltak som kan få folk til å stoppe. Akkurat no vurderer dei eit trafikklys som lyser raudt for å få ein stoppeffekt.

– Vi har no snakka litt om det, så får vi sjå kva vi kan gjere vidare, seier Samuelsen.

Les også Spanske Iker positiv til turistskatt: – Allerede dyrt, så noen euro ekstra har lite å si

Iker Errasti

Les også Joel fra Sveits hoppet salto over Svolværgeita: – Alle kan klare det de vil

Joel Eggimann hopper over Svolværgeita