Desse vêrteikna fungerer faktisk

Vêrteikn er ikkje berre overtru – nokre av dei er det faktisk hald i.

Mulbukttinden (765 moh.) i Tysfjorden.

Gamle vêrteikn er ikkje berre humbug. Her er nokre som faktisk fungerer, slik at du kan spå vêret utan hjelp frå Yr.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det er ikkje noko vi brukar so veldig aktivt i vêrvarslinga, desse gamle vêrteikna.

Elise Gloppen Hunnes er vakthavande meteorolog hjå Meteorologisk institutt.

– Men eg er nok ikkje alltid so god på å bruke dei sjølv heller, seier Hunnes.

Men det betyr ikkje at det ikkje er noko å hente i dei likevel. Her kjem sju gamle vêrteikn som faktisk stemmer:

«Når sola går ned i sekk, står ho opp i ein bekk»

Etter ein skyfri dag kan sola gå ned i eit skylag nær horisonten i vest, ned i ein «sekk». Dette er ofte eit nedbørsområde på veg austover, mot oss.

Om sola går ned i ein sekk, er sjansen stor for at neste dag vert overskya og regntung.

Solnedgang ombord seglbåt

Akkurat dette vêrteiknet er kanskje lite til hjelp i Nord-Noreg om sommaren, men her utanfor Bergen fungerer det bra.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Når svalen flyg lågt kjem regnet

Svala jaktar insekt og flyr der dei er. Og insekta søker mot tørr luft. Om vêret er i ferd med å endre seg frå tørt til fuktig, vil det gjerne skje i dei øvre luftlaga først.

Når trekk insekta ned, og svala følgjer etter. So fyk dei lågt, er nok regnet ikkje langt unna.

Svale

Svala fer etter insekta, og insekta fer etter tørr luft. Trekk dei begge ned, er det regn i vente.

Foto: Zeynel Cebeci / Wikimedia commons

Stor flo spår styggevêr, stor fjære godvêr

Det er ikkje berre månen som styrer flo og fjære. Eit høgt lufttrykk pressar havoverflata ned, og eit lågt lufttrykk gjer høgare vasstand enn vanleg.

Dette varselet er vanlegvis synleg medan god- eller styggevêret allereie er over oss, men av og til kan ein sjå at floa kjem høgt før uvêret kjem.

Stor fjøre på Bertnes

Kvar ein er i månesyklusen har framleis mest å seie for flo og fjære, men vind og lufttrykk kan gjere at vasstanden spår vêret.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

«I dag du om sola ser ein stor ring, i morgon du av sola ser ingenting»

Denne er kanskje kjend for mange. Skysystem som bevegar seg frå vest mot aust syner seg ofte som tunne, gjennomsiktige skyer høgt oppe i troposfæra. Desse skyene består av iskrystallar, som lyset frå sola vert broten gjennom.

Ein ring kring sola eller månen tydar på at nedbørsskyer er på veg og regnet ikkje er langt unna.

Ring rundt sola

Iskrystallar dannar ein ring kring sola.

Foto: B1ubb / Flickr.com

Regnboge om kvelden varslar godvêr

Likt som når sola går ned i skyene står dette vêrteiknet seg på at vêret gjerne går frå aust til vest.

Når sola går ned mot horisonten i vest, kan den danne ein regnboge i aust. Då er vonleg regnet på veg bort frå deg, og godvêret kjem om morgonen.

Regnboge over Bodø danna av midnattssola (og ja, det vart finvêr dagen etter videoen blei teken. I alle fall ikkje so gale)

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Fjær på himmelen kjem fykande med regn

Fjørskyer, eller cirrusskyer, som dei heiter på fint, varslar regn. Dei kjem ofte i forkant av eit nedbørsområde og gjev beskjed om at det kan vere greitt å finne fram paraplyen.

Landegode i midnattssol

Cirrus-skyer, eller fjørskyer, i midnattssol over Landegode utanfor Bodø.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Når fjellet tek på seg sin hatt, bles det innover i heile natt

Fleire vêrteikn frå ulike stadar knyt vêrendringar til det at det samlar seg skodde kring fjelltoppane.

Vêret endrar seg gjerne når vinden endrar seg, og dette gjer den først høgare oppe. Når det samlar seg skodde kring fjelltoppane, kan det tyde på at det snart vert fuktig i låglandet også.

Dalsfjellet i Hamarøy

Skodda samlar seg kring toppen av Dalsfjellet i Hamarøy.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Kjelde: Meteorologisk institutt.