Mange turistar rømmer no Lofoten grunna uvêret.
Det har mellom anna ført til lange køar og fleire ferjer er innstilt.
Men nokon turistar boltrar seg fast, bokstaveleg talt.
NRK har prata med nokon av turistane som valde å bli.
Dårleg vêr gjev gode bølgjar
– Vi hadde i utgangspunktet tenkt til å telte, seier 24 år gamle Mathias Fjelle.
Han kjem frå Kongsberg og studerer sjukepleie.
Fjelle og nokre kompisar reiste til Lofoten for å klatre i fjella for nokre dagar sidan.
Mathias Fjelle og kameratane kom til Lofoten for å klatre. No kjem dei i staden til å drikke øl inne.
Foto: Mathias Fjelle / privatMen plutseleg var dei på telttur midt i ein storm.
– Vi tok oss ein liten lur i teltet, og plutseleg vakna vi opp til at heile teltet nesten datt saman, seier sjukepleiarstudenten.
Då konkluderte dei med at det ikkje var så lurt likevel.
– Heldigvis kjente vi nokon andre i nærleiken som tok oss inn.
Den klatreglade gjengen måtte konkludere med at resten av klatreplanane gjekk i vasken.
Mathias Fjelle og kompisane er glade for at dei fekk nokre fine dagar i fjellveggen før styggevêret kom.
Foto: Mathias Fjelle / PrivatLikevel er ikkje ferien øydelagt.
Stormen kjem nemleg med gode surfebølgjer – dei har dei planar om å sjekke ut i morgon.
– Vi har ferie og har bestemt å vere her ei veke. Det er hyggeleg å vere her uansett og vi møter mange hyggelege folk. Vi kan ikkje la det dårlege vêret øydeleggje.
Vart invitert på pannekaker i bubil
Og at folk vert ekstra hyggelege i dårleg vêr, er det fleire som har fått merke.
27 år gamle Astrid Paulsson frå Sverige reiste opp på ein spontan ferie i den ombygde varebilen sin då også ho plutseleg var overraska av vêret.
– I dag møtte eg ein gjeng som inviterte meg på pannekaker og kaffi i bubilen deira. Då fekk eg nye vener fordi det var så dårleg vêr. Det kjem noko positivt ut av det også, seier Paulsson.
Ho pleier eigentleg alltid å bu i varebilen sin når ho dreg på ferie til Noreg på sommaren.
Men denne gongen måtte ho flytte inn i hus.
Heldigvis hadde ho ein ven i Hennigsvær.
– Eg trur at folk opnar seg litt opp og er litt ekstra hyggeleg no. Det var ikkje noko stress at eg skulle bu der nokre dagar, seier tjuesjuåringen.
Uvêret sette ein stoppar for planane om fjellturar for turistane i Lofoten.
Foto: Timian Magdahl / privatPaulsson hadde eigentleg planar om å gå fjellturar og sove ute. Ho ser at ho må leggje dei planane på hylla.
Men som kameratgjengen frå Kongsberg ser ho lyst på surfeplanane sine, når den verste stormen har løya.
Fekk ly i varmestove
For 24 år gamle Timian Magdahl frå Tønsberg vart ikkje surfing berre ein reserveplan – det vart redninga.
Eller rettare sagt: Varmestova for surfarane vart det.
– Vi forstod ikkje at det kom til å bli så dårleg vêr, seier han.
Timian Magdahl og venninna Ingeborg Katie Åtland fekk kjenne naturkreftene på kroppen.
Foto: PrivatMagdahl reiser med to vener. Dei hadde planlagt ferieturen til Lofoten allereie i april.
Men at dei skulle treffe på årets første hauststorm, hadde dei ikkje planlagt.
Dei rakk akkurat å setje opp teltet på campingplassen ved Flakstad før dei fekk råd frå andre turistar på staden om å ta det ned.
– Dei fortalde oss at ein familie som telta her i går hadde vorte kasta rundt i teltet i dei kraftige vindkasta, seier tjuefireåringen.
Teltet vart akkurat pakka ned før vinden verkeleg tok seg opp.
Timian og venene hadde pakka med seg godt med tøy. Det er dei glade for no.
Foto: PrivatDå fekk Magdahl og venene søkje ly i varmestova til surfeanlegget på staden.
– Vi har vorte veldig godt tatt vare på. Dei som jobbar her har latt oss bruke alle romma dei har.
I går låg dei tre venene på stranda i sola. No er dei glade for at både dei og utstyr får ly for vêret.
– Det er ein oppleving å sjå kor vêrhardt det kan vere her i nord. Vi kjenner at naturkreftene er veldig sterke og at vi blir veldig avhengig av dei rundt oss, seier Magdahl.