– Det var eigentleg like greitt. Eg hatar å skrive jobbsøknadar, ler Strat.
Det er nok ikkje mange som har fått tilbod om jobb via melding på Instagram, men ein nysgjerrig liten korsrev sørga for at Katarina Strat fekk nettopp det.
– Det er jo artig at slikt skjer, seier Strat.
- Les også:
Oppdaga i NRK-artikkel
Videoen av den vesle reven sitt besøk er sett over 200.000 gongar på NRK sine sider, og 70.000 gongar på Facebook. Også Unni Stokstad ved Liomseter Turisthytte såg saka om turglade Strat – og at ho var på leit etter arbeid.
– Eg las NRK sin artikkel om katarina, og såg at ho var på jobbjakt. Vi ynskjar gjerne friluftsinteresserte folk, og då sendte eg ho ei melding på Instagram.
Strat takka ja til tilbodet, og kjem til å starte i slutten av månaden.
– Det vert spanande å bli kjent med Katarina, særlig fordi ho har ein artig måte å leve livet. Ho lev ut draumen sin, og vi håpar ho vil trivast her i Langstua Nasjonalpark, fortel Stokstad.
Arbeidsoppgåva blir alt frå kjøkkenarbeide, servering og reinhald til kommunikasjon med gjester.
– Eg berre svarte ja med det same, og gler meg til å vere ein altmogelegmann. Eg gler meg i alle fall til å vere på fjellet ein månad, seier Strat.
Lite planlegging
– Men kvar går vegen etter denne jobben då?
– Det veit eg rett og slett ikkje. Skal berre jobbe der halvannan månad. Etter det har eg alt for mange planar. Uansett om eg planlegg, vert det som oftast ikkje noko av det. Då er det best å berre ta det som det kjem, ler Strat.
– Åh, men eg er utan jobb frå oktober av! Kanskje nokon andre har ein ny jobb til meg då, seier Strat lurt.