Dyrka fram syntetisk laks: – Ei berekraftig løysing

Ville du ete fisk som er skapt i eit prøverøyr? Amerikanske selskap håpar på å konkurrere med laksen som har svømt i havet ved å dyrke den fram kunstig i eit laboratorium.

Laboratoriegrodd laks

Slik ser altso verdas første sushi laga av laboratoriefisk ut, servert på sjømatbaren Olympia i Oregon.

Foto: Hattie Watson / Wild Type

– Draumen er den reinaste, ferskaste laks, utan forureining og antibiotika, til ein billigare penge enn oppdrettslaks, seier Justin Kolbeck til Bloomberg.

Det var den amerikanske avisa som først skreiv om saka.

Kolbeck er medgrunnleggar av Wild Type, selskapet som står bak nyvinninga. På sjømatrestauranten Olympia i Oregon serverte dei nyleg verdas første sushi laga av laboratoriedyrka fisk.

Selskapet meiner denne maten kan vere med på å redusere overfiske, unaudsynt medisinbruk og miljøskadelege utslepp frå produksjon.

Laboratorievokst laks

Wild Type klarar enn so lenge berre å dyrke fram små bitar med laks som ikkje toler varmebehandling. Difor var sushi den naturlege vegen å gå for den første prøvesmakinga.

Foto: Hattie Watson / Wild Type

Noreg i spissen for forsking

I over eit tiår har forskarar drøymt om å dyrke kjøt og fisk under eit mikroskop i staden for i ein fjøs eller ei fiskemerd. Også her i Noreg vert det forska på slike måtar å produsere mat på.

Matforskingsinstituttet Nofima held no på med verdas einaste statleg støtta forskingsprosjekt på området. Seniorforskar Mona Pedersen er ein av dei som jobbar med kunstig dyrking av kjøt.

Passfoto av Mona E. Pedersen

– Vi er teknologioptimistar, so vi har tru på at dette skal fungere, men dette ligg nok fram i tid. Det er ikkje slik at ein neste år kan kjøpe laboratoriekjøt i butikken, seier Mona Pedersen hjå Nofima.

Foto: Kjell J. Merok / Nofima AS

– I USA er det allereie tretti selskap som satsar på denne teknologien, seier Pedersen.

Levande celler vert tekne frå ein prøve av ekte kjøt, og desse vert mata og dyrka i laboratoriet. Etter kvart vert det danna muskelfibrar og eit kjøtstykke vil etter kvart vakse fram.

– I vårt prosjekt prøver vi å oppskalere denne dyrkinga til storskala. Vi vil dyrke kjøt på same måte som ein dyrkar vaksinar: i sokalla bioreaktorar, eller store tankar.

– Ein kan sjå for seg at ein dyrkar kjøtdeig, seier Pedersen.

Syntetisk dyrka laks

Laksen frå prøverøyret var visstnok ikkje like smakfull som ekte fisk, men det smakte ikkje vondt, skriv avisa Bloomberg.

Foto: Wild Type

Er ikkje uroa for konkurransen

Mowi, tidlegare Marine Harvest, er verdas største produsent av atlantisk laks. Dei står for ein femdel av alt globalt sal. Om lag halvparten av dette kjem frå Noreg. Dei er likevel ikkje uroa for at laboratoriemat skal gå dei i næringa.

Dei trekk fram at mat må produserast meir berekraftigt i framtida, og at det lettaste for folk å gjere for dette er å ete meir fisk og sjømat. Dei er ikkje negativ til den nye teknologien.

– Dersom dette blir gjort på ein trygg og etisk forsvarleg måte, kan dette truleg bidra til å mette verdas befolkning. Men god mat frå havet produsert på ein berekraftig måte vil vere avgjerande også når vi kjem så langt, seier Eivind Nævdal-Bolstad, kommunikasjonssjef hjå Mowi.

Eivind Nævdal-Bolstad

Nævdal-Bolstad er positiv til teknologien, men er ikkje redd laboratoriefisken skal gå Mowi i næringa.

Foto: Mowi

Ikkje berekraftig enno

Men det er nok ei stund før den kunstig dyrka fisken i butikken kan konkurrere med den ferske frå fjorden utanfor vindauget. Det forskarane matar cellene med må vere berekraftigt og billig, noko det ikkje er i dag.

Pedersen seier ho og Nofima ikkje meiner laboratoriekjøt skal erstatte tradisjonelt landbruk, men at det kan overta noko av masseproduksjonen til produkt som pølser og fiskekaker.

Kjøtproduksjon kan dimed skje med færre dyr og mindre utslepp ved å fokusere på finare kvalitetsprodukt.

– I tillegg er dyrehald viktig for mellom anna biodiversitet, seier Pedersen.

– Husdyrproduksjon er ikkje berekraftig i dag, det er jo ein av dei største utslepparane av metan. So om ein kan utvikle teknologi som kan redusere det, er det verd å satse på, seier Pedersen.

Merde Snefjord

Det er nok framleis slik laks kjem til å bli produsert i ein god del år til, meiner Pedersen.

Foto: Kristian Sønvisen Bye/NRK