Det er sommarferie, og du har planane klare.
Det blir surfing, soling, fjellturar, reising, shopping, familiebesøk og camping.
Men er det så lurt å ha ferien stappfull av planar?
Ikkje ifølge forsking.
– Vi opplevde at dei som planla meir naut ferien mindre, seier Ondrej Mitas.
Han er ferieforskar ved Breda-universitetet i Nederland, og har kome fram til dette i ein ny studie.
– Folk som brukte meir tid på å planlegge ferien og planla lenger fram i tid, var mindre fornøgd med ferien, seier han til NRK.
Han seier dei var mindre lykkelege, og tvilte heile tida på avgjerdene sine.
– Og grubla over moglegheitene for å få til ein betre avtale eller ei betre oppleving.
– Treng ikkje å planleggje alt
Dette kjenner 25 år gamle Marianne Alise Dørmænen frå Vadsø seg igjen i.
– Eg treng ikkje å planlegge alt til punkt og prikke.
I sommar var ho på segleferie med kjærasten og familien hans. Det likte ho veldig godt. Både fordi ho gjorde noko nytt og fordi dei kunne vere fleksible.
– Viss vi fann ut at det var fint ein plass så drog vi dit. Det likte eg veldig godt, seier ho og utdjupar kvifor:
– Eg liker å ha høve til å endre planane om det er noko eg har meir lyst til.
Men litt planlegging er bra.
– Eg liker å ha planlagt litt, slik at eg har noko å sjå fram til, men om det blir for mykje og har eit for tett program, kan det bli litt stress, seier Dørmænen.
Er positivt å bli overraska
Ondrej Mitas er ekspert på velvære og livskvalitet. Han seier det ikkje er bra å maksimere ferieplanlegginga fordi det kan øydeleggje føremålet med å reise på ferie.
– Det forårsakar stress og frustrasjon. Det gir også endelause samanlikningar med forventningane, og øydelegg den fantastiske kjensla av merksemd og nærvær som kjem av å vere på ferie, når det går bra.
Likar du å planlegge ferien?
Til Svenska Dagbladet sa han at han har funne ut at den sterkaste positive opplevinga folk kan ha når dei er på ferie, er å bli positivt overraska.
– Jo mindre forventninga du har, desto meir positivt overraska vil du bli.
– Og jo mindre du har planlagt, desto meir rom er det for at uventa ting kan skje.
Ifølge Forskning.no har folk generelt sett det betre i ferien enn i kvardagen.
I ein annan forskingsartikkel frå Mitas, blir det forklart at folk har det betre på ferie fordi det i stor grad heng saman med det å oppleve noko nytt.
Men det handlar ikkje om å presse inn mykje nye inntrykk og opplevingar på kortast mogleg tid, understrekar Mitas til Svenska Dagbladet. Då blir du berre utmatta.
– Ver nysgjerrig
– Kva for råd har du til folk som snart skal på sommarferie?
– Ha ei fantastisk tid og slapp av. Sjå nye ting og ta vare på augeblinken for eksempel ved å ta ei kreativ tilnærming til å fotografere, teikne eller snakke om det du ser, seier han.
Han tipsar også om å besøke stader tidleg om morgonen før dei blir overfylte av andre turistar.
– Møt nye menneske og lytt autentisk og nysgjerrig til historiene deira, seier han og legg til:
– Ikkje legg for mykje energi i planlegginga, og sjølv om du har gjort det, la forventningane dine vere igjen heime.
Kva er dine tips for å få ein fin ferie?
Kommenter under:
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett