Hopp til innhold

Frederic Hauge: – Oljeministeren er useriøs

BODØ (NRK): Utbyggjing av oljenæringa er naudsynt i overgangen til fornybar energi, meiner olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp). – Dette er useriøst, seier miljøaktivist.

Terje Søviknes på Nordlandskonferansen 2017 i Bodø.

SIKKER I SI SAK: Ole- og energiminister Terje Søviknes er viss på att utvikling i oljenæringa er naudsynt for eit grønt skifte.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Utan olje og gass hadde velferdsnoreg fått seg ein skikkeleg knekk, og det grøne skiftet skjer ikkje utan stønad frå næringa, seier Søviknes.

Tysdag byrja Nordlandskonferansen, ei samling politikarar og interesseorganisasjonar, for eit to dagar langt møte i Bodø. Det grøne skiftet, overgangen til fornybar energi og Nordland si rolle i det heile er sentralt.

Men ikkje alle er einige om korleis framtida for Noregs lengste fylke skal sjå ut. Spesielt næringslivet langs kysten engasjerer.

– Eg heiar på alle krefter som tør å tenkje nytt og utvikle teknologi, sa olje og energiministeren medan han stod på talarstolen.

– Nordland kan drive med alt frå fornybar kraft til batteriproduksjon eller grøne datasenter, (lagring av dataserverar som også treng elektrisk kjøling), seier Søviknes.

Nordlandskonferansen 2017

FULL SAL: Både lokalpolitikarar, organisasjonar og aktivistar fylte salen i Stormen konserthus i Bodø sentrum.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Usemje om framtida

Frederic Hauge, miljøaktivist og leiar av miljøstiftinga Bellona, gjekk på talarstolen for å mellom anna kritisere ministeren i salen.

– Terje Søviknes seier ein kan setje i gong å bore på Nordland 6, eit område som blei konsekvensutgreiinga for 25 år sidan. Det er uhøyrd!

Det er ikkje fyrste gong Hauge kritiserer miljøpolitikken til regjeringa. Han har òg lagt seg ut med andre miljøforkjemparar, som Miljøpartiet dei grøne.

Frederic Hauge

IKKJE REDD FOR DEBATT: Frederic Hauge er ikkje redd for å sei det han meiner.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Petroleumsutbygging er naudsynt

Terje Søviknes tala både om å dele ut nye område for olje- og gassproduksjon, samstundes som han rosa Nordland for naturressursar og potensial for utvinning av fornybar energi. Han meiner desse heng tett saman.

Er det mogleg å drive grøn utvikling i Noreg, utan å byggje ut olje- og gassnæringa?

– Eg meiner utbygging er ein viktig føresetnad, fordi der er kompetanse og finansielle musklar som kan få fart på omstillinga til fornybar energi, svarar Søviknes.

– Me må ha to tankar i hovudet samstundes; me må sikre oss nye leiteareal og meir aktivitet, samstundes som me jobbar for å nå måla i Parisavtalen, seier olje- og energiministeren.

Det er svært langt mellom sjampanjefesten i store konsern og røyndomen.

Frederic Hauge, miljøaktivist og leiar av miljøstiftinga Bellona.

Hauge er absolutt ikkje einig med ministeren.

– Eg får ikkje reknestykket til å gå opp, seier miljøaktivisten.

I Hauge sin presentasjon av stiftinga hans Bellona sitt arbeid, legg han vekt på produksjon av batteri og lagring av elektrisk straum. Olje- og energiminister er einig i at dette er vegen å gå, men meiner at det må skje i samspel med ei styrka petroleumsnæring.

– Men når det kjem til Lofoten, Vesterålen og Senja er me opptekne av at ein må kartleggje kva moglegheiter som ligg der. Me må få ei konsekvensutgreiing på plass, og so setje grenser og vege opp mot andre næringar som fiskeri og turisme, seier han.

Men du har personleg støtta petroleumsproduksjon utanfor Lofoten. Korleis går dette opp med Nordland som eit grønt fylke?

– Regjeringa sin avtale er fast for denne stortingsperioden, så det vert ikkje nokon aktivitet før etter valet uansett.