Hopp til innhold

– Har mista halvparten av turistane

Reiselivet i Nord-Noreg håpa på ein sommarsesong å juble for, men SAS-streiken har gått hardt utover reiselivsnæringa i Lofoten og Tromsø.

Daglig leder og eier av Lofoten Explorer, Gunnar Skjeseth

– Det er på grunn av ein god miks av fleire ting. Blant anna økonomi, prisoppgang, flystreik og krig i Ukraina, seier Gunnar Skjeseth.

Foto: Markus Thonhaugen / NRK

I mai månad såg det lovande ut for turistsesongen i Nord-Noreg.

Etter SAS-streiken fekk pipa fort ein annan lyd.

– Frå 1. juli gjekk det rett nedover, seier Gunnar Skjeseth i Lofoten Explorer.

Bedrifta tilbyr opplevingar og har mista halvparten av kundane.

Skjeseth var trygg på at han aldri kom til å sjå igjen den usedvanleg gode sesongen for fjoråret.

– Men eg såg ikkje for meg ein nedgang på 50 prosent.

Lofoten Explorer Rib

– Fleire kundar som hadde betalt på forskot kansellerte. Sjølvsagt fekk dei pengane igjen, seier Skjeseth.

Foto: Lofoten Explorer

SAS-streiken sette kjeppar i hjula

– Rett nok var 2021 eit rekordår for Lofoten, men nedgangen er verre enn venta. Nesten ingen tør å bestille aktivitetar lang tid i førevegen.

Det fortel Hege Ragni Haugerud til NTB. Ho er ansvarleg for booking og administrasjon i Destination Lofoten.

Nedgangen gjeld for sommarsesongen i år mot same tid i fjor.

Folk kjem til turistmagneten Lofoten for å sjå kvite sandstrender, midnattssol og luftige fjellutsikter.

Men sjølv for eit av Noreg sine mest ettertrakta turistattraksjonar, er det tilsynelatande ikkje nok til å redde sesongen for reiseaktørane i Nord-Noreg.

Bedriftene som slit aller mest, er dei som tilbyr opplevingar til kundane.

– Streiken i SAS har ikkje hjelpt på situasjonen, seier Audun Pettersen i Virke reiseliv til NRK.

Han bekreftar at det har vore ein dårleg sesong for fleire aktørar i reiselivet denne sommaren.

Gjennom den 15 dagar lange SAS-streiken har nesten 2500 flygingar i Noreg blitt kansellerte. Noregssjef i SAS, Kjetil Håbjørg, sa tysdag at det vil ta to dagar før drifta er tilbake til normalen.

Reine Lofoten

Sidan SAS-flya har stått på bakken er det berre Widerøe, Norwegian og til dels Flyr som har hatt ruter til Nord-Noreg.

Foto: Sondre Skjelvik

Polaria: – Urovekkande

Høge billettprisar og fleire kansellerte fly er ein nedtur for fleire destinasjonar i Nord-Noreg, osm hadde gleda seg til den første «normale» sommarferien etter to år med pandemi og unntakstilstandar.

Fleire aktørar opplever utfordringar. Polaria i Tromsø er også hardt ramma av flystreikane.

– Vi synest det er urovekkande at besøkstala er så låge, seier direktør Anne Grete Johansen.

Normalt er opplevingssenteret den mest besøkte reiselivsbedrifta i regionen. Johansen fortel at sjølv om flya er i lufta om eit par dagar, vil det få etterslep.

– Det er ikkje så mange reisealternativ når SAS-flya står og det har fått konsekvensar for reiselivsnæringa, og spesielt aktørane som tilbyr opplevingar og aktivitetar.

Det fortel Lone Helle, reiselivssjef i Visit Tromsø, til NTB.

Auka kostnader

Men det er ikkje SAS-streiken åleine som har ført til dårlege tal for bedriftene. Også dei auka matvareprisane og skyhøge bensinprisane har delar av skulda.

– Det andre er dei auka kostnadene på grunn av krigen. Mange av økonomiane som folk er avhengig av, slit rundt om i Europa no, seier Pettersen.

I tillegg ønsker nordmenn i større grad å kome seg ut av landet etter to år med ferie innanlands.

– Fem av ti nordmenn ønsker no å reise ut av landet.

Har trua på oppsving

Om utviklinga held fram vil det bety lågare omsetnad og høgare utgifter for bedrifter som Lofoten Explorer.

Men Audun Pettersen har trua på ein oppsving i løpet av seinsommaren.

– Eg trur vi får fleire utanlandske turistar i august. Hovudferien deira ligg i august og delar av september.

Enn så lenge vurderer Lofoten Explorer å utsette nye investeringar til neste år. Skjeseth trur dei har sett malen for resten av sommaren.

– Vi avventar situasjonen og forheld oss rolege. Vi får ikkje panikk enno, seier Skjeseth.

Les også Turister kan spare tusenlapper på å velge riktig ferge til Lofoten: – Overraskende

Will Thame og Charlie Gentz på fergekaia på Skutvik