På Senja står det ein fabrikk som berre slepp ut 50 prosent av klimagassane dei produserer.
Resten sender dei til eit kar der dei lagar algar.
Desse algane vil dei lage fiskemat av.
MDG meiner at dette kan vere løysinga for at vi skal sleppe å importere soya frå Brasil. Det meiner ikkje Bellona.
Nord-Noreg i førarsetet
På Finnfjord AS nær Senja har smelteverket forska på å nytte CO₂ til å dyrke algar i seks år. For å lage metall fyrer dei opp omnane med kol og koks og kan nytte halvparten av klimagassen på nytt ved å dyrke algar med det.



Animasjon av korleis CO₂ kan bli brukt i algeoppdrett
– Fordelen med å bruke CO₂ to gonger er at vi sparer halvparten av utsleppa, seier Geir-Henning Wintervoll som er administrerande direktør på Finnfjord AS.
Algane kan bli til fiskefôr. Det kan dei selje og bruke det for å betale for å reinse ut klimagassen. Dei er klare til å starte i stor skala om 2 år viss dei får grønt lys.
– Om vi skal auke fiskeproduksjonen utan å importere meir soya, må fiskematen verte laga på anna vis enn i dag, seier Thomas Johansen, stortingskandidat for MDG Nordland.
MDG har fått med seg Nordland Fylkesting. Saman spør dei etter ei nasjonal satsing.
Dei meiner vi treng meir forsking på å bruke CO₂ på nytt.
Stortingskandidat for MDG Nordland meiner det er ein god idé å bruke algar til fiskefôr
Foto: MDG NordlandEin ekstra loop
Nord-Noreg står for 60 prosent av den norske sjømatproduksjonen. Difor meiner MDG i Nordland at fylka i nord må gå fremst.
Men det er ikkje alle som meiner at dette er ein god idé.
Bellona meiner at det å bruke kol og koks i tungindustri ikkje held mål for klimaet. Klimautsleppet frå fabrikkane må skrivast inn i rekneskapen.
Industripipa på Finnfjord AS i Lenvik slepp ut ein tredel mindre karbon når det vert nytta til å lage algar.
Foto: Arild Moe / NRK– Det er fordelar og bakdelar med alt. Med denne modellen får vi ikkje karbon inn i eit sirkulært kretsløp, som ville ha vore det beste, men vi får brukt det ein ekstra gong. Det får ein ekstra loop, seier fylkesleiaren i MDG.
MDG vil at vi skal mate algane med CO₂ og late fisken ete algane. Det vert til menneskemat, men karbonet vert sleppt ut igjen mellom anna når menneska pustar. I tillegg vert halvdelen av klimagassen i fabrikkane ikkje brukt på nytt og sleppt rett ut.



Forklaring av korleis lineært og sirkulært karbonkretsløp fungerer.
Bellona peikar på at det lurar oss med korleis vi reknar utslepp. I klimarekneskapen kan det sjå ut som om vi slepp ut mindre enn vi gjer.
Tida renn ut
Eivind Berstad er seniorrådgjevar i Bellona og jobbar med karbonfangst og -lagring.
– Den nye måten å produsere fôr på kan vere meir miljøvennleg, men det løyser ikkje utsleppa frå tungindustrien, seier Berstad.
Algar laga på CO₂ frå Finnfjord As.
Foto: Finnfjord ASHan meiner at industrien må drivast på fornybar energi – utan CO₂. Om industrien ikkje kan verte utsleppsfri meiner Bellona at det er betre å grave karbonet ned enn å sende det opp i atmosfæren – sjølv om det tek ein loop innom algar og fisk først.
Eivind Berstad er seniorrådgjevar i Bellona og jobbar med karbonfangst og -lagring.
Foto: Sissel Janne ForsbergTida for å finne mellombelse løysingar for å få ned klimaavtrykket har rent ut, seier dei.
– Sidan budsjettet for CO₂ raskt blir brukt opp, må vi auke tiltaka i klimakampen. No må vi vere meir ambisiøse og hoppe over mellomløysinga.
Enno har ikkje industrien knekt koden for korleis dei kan drive utan klimautslepp.
Teknologien har ikkje svaret på korleis dei kan hente CO₂ tilbake frå atmosfæren. Difor meiner MDG Nordland at vi må nytte klimagassen på best mogleg måte no.
– Slik det er no går det opp i pipa og rett ut. Når vi uansett må ha produksjon av stål, er det betre at vi bruker energien frå smelteverka igjen – at vi ikkje fyrer for kråka, seier Johansen frå MDG Nordland.
Algeoppdrett fôra med CO₂ frå fabrikken Finnfjord As nær Senja.
Foto: Finnfjord AS