Hopp til innhold

Caroline (21) og medstudentar vil redde norske fjordar med østers

Norskekysten er under angrep frå algar. Tre studentar frå Nordland vil redde fjordane med østersproduksjon.

Dimitri Hendrik Blaauw, Caroline Maylinn Grebstad og Kirill Spiten i bedriften CulturBlue skal utnytte fôr-rester fra lakseproduksjon

FLATØSTERS: Dmitri Hendrik Blaauw, Caroline Maylinn Grebstad og Kirill Spiten vil reinse norske fjordar ved å leggje østersproduksjon i nærleiken til fiskeoppdrett.

Foto: Svein-Arnt Eriksen / Nord universitet

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Alge er eit problem langs heile kysten og har skapt store problem i Oslofjorden.

No er forskarane uroa. Alge har òg tatt over mange andre stader langs kysten.

Alge er ein indikator på stader som er gjødsla for mykje av kloakk, landbruksforureining, fiskeoppdrett og liknande.

Norges Miljøvernforbund har titta under fleire oppdrettsmerdar. Dei beskriv det som eit grufullt syn.

Men tre ungdommar frå Nordland meiner dei har ei løysing. Dei vil satse på østers.

Stort i Noreg før

Caroline Maylinn Grebstad og Kirill Spiten er begge studentar ved Nord Universitet.

Dei starta bedrifta CultureBlue mellom anna for å utnytte fôr-restar og fiskebæsj frå lakseproduksjon.

– Tanken er å produsere protein, i form av østers, og samstundes hjelpe fjordane.

Dei meiner sjøbaserte proteinkjeldar vil bli endå viktigare i framtida.

Samstundes vil dei vere med å reinsa dei norske fjordane.

Løysinga? Østers.

– Fiskenæringa forårsakar algeoppblomstring. Om vi har nok østers kjem dei til å ete det opp, seier Spiten.

CultureBlue er støttet av Innovasjon Norge med 1 million kroner, gjennom ordningen StudentEntreprenørskap (STUD-ENT)

Studentane fortel at det er høg etterspurnad etter østers, og at det ikkje er nok produksjon til å mette behovet i verda.

Foto: Kirill Spiten / CultureBlue

– Østers filtrerer havet, forklarar studentane.

Slik fungerer det:

  • Avfall frå merdane fell mot havbotn. Det produserer nitrogen som gir algevekst.
  • Østersen et planteplankton, som er mikroskopiske alge.
  • I tillegg et østersen mikroorganismar og anna dødt materiale.

– Det er på mange måtar ein gløymt matvare, sjølv om det var stort i Noreg før, seier Grebstad.

I Noreg er det allereie østersoppdrett på naturleg vis i mellom anna terskelfjordar.

Stillehavsøsters fra Reinhartsen fiskebutikk

Stillehavetøstersen har tatt over mykje av habitatet til flatøstersen. Mellom anna fordi stillehavsøstersen hadde med seg ein parasitt som tok knekken på mykje av den naturlege flatøstersen i Noreg.

Foto: Ingvild Taranger

Men yngelproduksjonen er avgrensa. Og det er der ungdommane vil satse.

– Østers et naturleg organismar i havet gjennom å filtrere vatnet. Men sidan flatøstersen har vore utryddingstruga i Noreg i lang tid, har han ikkje kunne gjere den jobben.

Håpet for dei unge forskarane er å leggje østersproduksjonen i nærleiken til fiskeoppdrett.

Dei har ikkje enno bestemt seg for kor dei vil begynne, men vil etter det er bestemt, starte med å søke om løyve.

Les også Fann store mengder trålspor i «urørt» natur

Fiskefartøy med trål

– Det vert ein ørken

Leiar i Norges Miljøvernforbund, Ruben Mjelde Oddekalv, seier at dei har følgt med på oppdrettsindustrien ein god stund.

Dei har filma fleire fjordar, som til dømes Skjerstadfjorden som ligg innanfor Saltstraumen.

Ruben Mjelde Oddekalv

Ruben Mjelde Oddekalv, leiar for Norges Miljøvernforbund, synest det er vondt å sjå konsekvensen det har på livet i havet at nokon tener gode pengar på oppdrett i opne system på havbotnen: – Særleg når det finst alternativ som skånar havbotnen.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen

– Eg synest det er ei ganske grufull oppleving. Først får vi sjå fin sjøbotn, men etter kvart som vi kjem nærmare anlegga er det meir og meir øydelegging, seier Oddekalv.

Det vert ein ørken. Alt vert kvelt av slam.

Under merdane har dei sett tjukke lag av fôrrestar og fiskeskit. Oddekalv meiner det har ein samanheng med oppblomstringa av lurv, som er ein samlebetegnelse for trådformade alge, langs norskekysten.

Dei har òg prata med kystfiskarar som har fortalt om endringane dei har sett i fjordane etter at fiskeoppdretta kom.

Tidlegare har NRK skrive om Saltstraumen, som dykkarar for første gong har sett bli dekt av trådalgen lurv:

NIVA: – Teikn til algar langs heile kysten

Ifølgje ein rapport som er utarbeidd av Norsk institutt for vassforsking (NIVA), har det skjedd ein kraftig auke i utslepp av næringssalt frå lakseoppdrett sidan 1990.

Forskar Eli Rinde, frå NIVA er bekymra for at lurv øydelegg fleire unike naturtypar langs norskekysten.

– Vi har observert at det er fleire teikn til lurv langs heile kysten. Det kan vere knytt til at vi har auka utslepp av næringssalt frå oppdrett.

Forsker Eli Rinde

Forskar Eli Rinde, frå Norsk institutt for vassforsking er uroa for om dei norske fjordane blir tatt godt nok vare på.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Ho trur derfor at det kan vere ein god idé å bruke flatøsters som ei naturbasert løysing for å reinse sjøvatn for næringssalt, i form av ammonium.

– Ammonium kan raskt takast opp av planteplankton, som er mat for flatøsters. Blåskjel vil også kunne gjere den same jobben.

Men desse muslingane vil ikkje kunne ta hand om «fiskeskiten» som hamnar på sjøbotnen, seier Rinde.

I tillegg må flatøstersyngelen dyrkast opp i nærleiken av oppdrettsanlegga, og haustes når dei blir store nok til at næringssalta dei har samla opp blir fjerna frå sjøen.

– Ein må også passe på å unngå genetisk forureining, og bruke «stamøsters» frå lokale populasjonar.

Statssekretær Aleksander Øren Heen.

Statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet seier at regjeringa har godkjent oppdaterte vatnforvaltningsplanar for 2022–2027.

Foto: CECILIE BERGAN STUEDAL

Klima- og miljødepartementet skriv i ein e-post til NRK at alle ansvarlege myndigheiter som er del av vatnforsvaltningsarbeidet skal vurdere tiltak for å oppnå god økologisk og kjemisk tilstand i Noregs kystvatn, innsjøar og elver.

– Innsatsen mot ein rekke påverknadar som avløp, jodbruk og oppdrett er trappa opp, seier statssekretær Aleksander Øren Heen.

– Vi forventar at dei oppdaterte planane, med nye forslag til konkrete miljøtiltak, vil betre forholda mange stader.

Lurv i Saltstraumen

Rinde i NIVA seier ålegraseng, tareskog og tangsamfunn no er lurva ned: – Om dei blir nedlurva kan det bety at vi mistar disse naturtypane.

Foto: Vebjørn Karlsen / privat

Les også Ny studie: Forsuringen går tre til fire ganger raskere i Polhavet enn andre hav

Nytt isdekke i havet i Arktis dannes der hvor isen var smeltet. Bildet er tatt fra et tokt på forskningsskipet «Kronprins Haakon».  

Miljøvernforbundet: – Ikkje nok

Oddekalv i Miljøvernforbundet meiner forureininga ikkje treng å vere eit problem. Det kan vere ein ressurs. Fiskebæsjen kan nemleg bli brukt til gjødsel.

– Eigentleg er dette snakk om ein kjemperesurs på avvege. Vi prøver å selje dette inn som ressurs heller enn problem.

Oddekalv synest tanken til studentane er god. Men han er usikker på om det er nok.

– Eg er veldig for alle typar utnytting av problemavfall, men volumet her gjer at eg har sterk tvil på om det er mogleg å produsere så store mengder med flatøsters.

Sjuk og skadd gris i fjøs i Nordfjord. Tatt 8. juni 2018.

Oddekalv fortel at berre eitt oppdrettsanlegg har like store utslepp som 60.000 slaktegris som veg 90 kg: – Det er ganske formidable mengde med utslepp. Om ein bonde skulle hatt så mange slaktegris, ville han trengt heile landbruksarealet til Bergen kommune.

Foto: Tor Grobstok / Nettverk for dyrs frihet

Han meiner løysinga ikkje er å stoppe oppdrettsindustrien, men å endre driftsforma.

Han ønsker seg lukka system som ikkje overbelastar miljøet.

Slik kan utsleppa bli ein ressurs både på land og i vatn.

– I utsleppa frå oppdrettsanlegga er det mykje nitrogen og fosfor. Det er stoff vi kjem til å gå tom for på landjorda, seier han.

– Det er ein god løysing på både lang og kort sikt å ta hand om det, i staden for å pøse det ut i havet.

Les også Druknede sjøfugl, død fisk og tonnevis med søppel – krever fiskeforbud i Saltstraumen

Død måke i Saltstraumen utenfor Bodø

Les også Nye tall for plast i havet bekymrer både forskere og miljøforkjempere

Dykkere henter opp garnrester fra havbunnen i Hellas