Hopp til innhold

Breforskar: – Svartisen er farleg

Svartisen har endra seg mykje dei siste femti åra, og er no mykje farlegare enn før, seier breforskar Wilfred Theakstone. Han meiner Statskog ikkje har gjort nok for tryggleiken ved breen. Dei legg seg flate.

Turist på Svartisen

GÅR FARLEG NÆR: Nokon turistar går farleg nær kanten på isbreen for å ta på han eller fotografere, sjølv om breen kan kalve utan førevarsel. Denne turisten held seg på god avstand.

Foto: Frank Nygård / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg meiner breen er farleg. Spesielt farleg er det å gå nær kanten. No er den so bratt at den kalvar utan forvarsel, seier Wilfred Theakstone.

Han er glasiolog, ein breforskar, og har følgt Svartisen sidan 1957. Det betyr at han har sett korleis breen har endra seg, og grunna global oppvarming krympar den kvar dag. Det er spesielt Austerdalsisen som ligg i Rana han meinar er mindre trygg i dag.

– Breen er veldig mykje mindre i dag. For berre nokre år sidan strakk den seg over der vatnet ligg i dag og opp fjellsida på sørsida.

Korleis Austerdalsisen er forma har også endra seg dramatisk, seier breforskaren.

– Breen pla vere flat. Det var ikkje vanskeleg å gå på den. No derimot er den utruleg bratt, og har lettare for å kalve, seier Theakstone.

Og det er nett dette som gjer breen farleg i dag.

En 50 år gammel mann omkom i en ulykke på Austerdalsisen onsdag kveld.

HAR ENDRA SEG MYKJE: Theakstone fortel at breen pla leggje seg over vatnet og opp fjellsida. Dette biletet er frå 2011. Breen ligg endå høgare oppe i dag.

Foto: Frank Nygård / NRK

Breen har teke liv før

I 2007 tok Svartisen eit liv. I ei tragisk ulukke fall ein 50 år gamal tsjekkisk mann i ein bresprekk og omkom.

Grunna at det ikkje var telefondekning på staden, blei det like etter ulukka etterspurt å få mobildekning. Dette er framleis eit diskusjonstema i dag.

Men nye tryggingstiltak blei gjort i 2014. Etter eit ektepar mista livet ved Nigardsbreen i Sogn og Fjordane blei det sett opp skilt som åtvarar reisande om å gå for nær brekanten. Ved Svartisen gjorde dei det same. Men no har breen trekt seg lengre bak, og skilta føl ikkje etter.

– Eg meiner dei bør setje opp skilt nær ved breen. Det er ikkje noko hjelp i skilta som står hundre meter lengre nede, seier Theakstone.

glasiolog Wilfred Theakstone

HAR SETT ENDRINGA: Breforskar Wilfred Theakstone har sett den store endringa Svartisen har gått gjennom. Etter 50 år med observasjonar meiner han trygginga bør verte betre.

Foto: Frank Nygård / NRK

Legg seg flate

– Dette vi få på blokka, slik at vi kan få ei løysing. Kanskje den kan vere so enkel som den er kring Nigardsbreen, seier Wenche Hjelmseth, regionsjef i Statskog Nordland.

Ho fortel at Statskog no vil prate med andre aktørar som er involvert, og sjå om dei kan få retta opp i tryggleiken. Ho trekk mellom anna fram kjettingsperringane under Nigardsbreen som eit døme på tiltak.

– Med skiltinga og kjetting kan folk i alle fall vere klar over at det er farleg der dei ferdast, seier Hjelmseth.

Wenche Hjelmseth

ER EINIG: Wenche Hjelmseth, regionsjef i Statskog Nordland, seier dei no skal sjå på betre skilting opp mot Svartisen.

Foto: Frank Nygård / NRK

– Ikkje lat vere å kome!

Theakstone meiner at sjølv om breen er farlegare i dag enn før, må ein ikkje slutte å kome.

– Eg skjønar kvifor folk vil gå nære, kvifor dei vil ta på isen. Breen er jo tusenvis av år gamal, og vil kanskje ikkje vere her lenge, so eg skjønar at å ta på den er spanande, seier han.

– Å få sjå den urørte naturen er ei av dei største gledene ved å vere turist. So eg vil sei; kom og sjå på naturen, men ikkje gå for nær, smiler Theakstone.

Svartisen

– Eg trur ikkje folk, og spesielt turistar frå andre land, er klar over kor farlege isbrear kan vere, seier breforskar Theakstone. Likevel ynskjer han at folk skal kome for å oppleve det fantastiske naturfenomenet ein isbre som Svartisen er. Biletet er av Engabreen i Meløy, ein annan brearm av Svartisen.

Foto: (cc) Juanjo Marin / flickr.com/jjmarin