NRK Meny
Normal

Brann sløkt – evakuerte kan returnere heim

Brannen i ein transformator og eit aluminiumsanlegg i Mosjøen er no sløkt. Dei politiet evakuerte grunna giftig røyk kan no kome heim att.

Brann kraftverk Mosjøen sløkt

SLØKT: Brannvesenet greidde til slutt å sløkke brannen. Det var svært varmt i bygningen og stor røykutvikling, men ingen blei skadd.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Vi evakuerte alle hus ein halv kilometer kring brannen. Vi frykta mogleg giftig røyk, sa Grete Birkeland, operasjonsleiar hjå Politiet.

No skal brannen vere sløkt, og alle kan kome heim til husa sine att. Trafikken skal gå som normalt igjen.

Fire personar vert undersøkt av lege for mogleg røykskade, melder politiet på Twitter.

Brann i aliminiumsverk

EVAKUERING: Politiet evakuerte alle i ein 500 meters radius kring aliminiumsanlegget, av frykt for giftig røyk.

Foto: Jens-Arthus Remmen Wiken

Evakuerte til hotell

Politiet evakuerte alle bustadhus i ein 500 meter radius frå brannen. Alle vart samla på Fru Hauans Hotell, opplyser politiet. Trafikken i området blei også sperra.

– Vi er klare til å ta imot dei som kjem, seier Ellen Løvold Strand, dagleg leiar på Fru Haugans hotell.

– Det har byrja kome folk. Vi samlar dei i eit møterom, seier Strand.

Evakuerte på hotellet

SAMLAR DEI EVAKUERTE: Politiet samla dei som blei evakuerte på eit hotell i nærleiken. Ingen skal vere skadd i ulukka.

Foto: JENS-ARTHUS REMMEN WIKEN
Laster Twitter-innhold

– Straumen er tilbake

Store delar av Vefsn er utan straum grunna brannen, men nokre stadar er den byrja kome attende.

– Vi har fått straumen att, seier Per-Jacob Jacobsen, som bur på andre sida av sentrum.

Delar av Mosjøen har no fått straumen attende, men det jobbast med ei løysing, skriv Politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

– Situasjonen er uoversiktleg, men vi kjem med meir informasjon so snart vi veit noko meir, seier kundeansvarleg Frode Dorp til avisa Helgelendingen.

Brannmannskap rydder opp etter brann i Mosjøen

MYKJE MANNSKAP: Sjølv om det ikkje var fare for spreiing til bustadhus, var brannen alvorleg. Brannmannskapet nytta mellom anna røykdykkarar i sløkkinga.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Kan ha funnen årsaka

– Brannvesenet har kontroll på kraftstasjonen. Det er ikkje nokon fare for vidare spreiing, seier Bent Are Eilertsen hjå Politiet i Nordland.

– Veit vi noko meir om kva som faktisk skjedde her?

– Ja, brannvesenet har funnen ut kvar brannen byrja. Det kan ha skjed eit overslag som gjekk frå kraftstasjonen og ned i aluminiumsverket, seier Eilertsen.

Eit overslag er då elektrisk straum slår over frå ein leiar til ein annan eller til jord når spenninga overstig isolasjonsmotstanden.

– Vi håpar dette skal løyse seg utover dagen, men enn so lenge ber vi om at folk lukkar vindauge og dører, held seg unna det evakuerte området og er forsiktige, seier Eilertsen.

Utbrent transformatorstasjon

UTBRENT: Transformatorstasjonen er heilt utbrent. Årsaka til brannen er enno ikkje kjend, men eit overslag er mogleg.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

NRK oppdaterer saka.