Hopp til innhold

Jens Petter Hauge blir i heimklubben: – Eg vil vinne med Bodø/Glimt

Etter klubbens tiande strake siger har stjernespelar Jens Petter Hauge bestemt seg for å bli i nordlandsklubben.

Jens Petter Hauge

20-åringen frå Bodø blir å sjå i ei heilgul trøye ut sesongen.

Foto: Ola Helness / NRK

Gul(l) gutane på Aspmyra gjorde det igjen! Med 3–1 mot Molde sikra Bodø/Glimt seg sin tiande strake siger.

Dei ligg no altso øvst på tabellen med 30 poeng, komfortabelt foran andremann Molde sine 25.

Og sigeren kan ha sørga for endå meir enn berre tre poeng til nordlandsklubben. Til Eurosport bekrefta Jens Petter Hauge at han blir i Bodø ut sesongen.

– Det siste som er bestemt no er at det ser ut som vi takkar nei til tilboda som er komne, og at eg vert verande i Bodø/Glimt enn so lenge, sa Hauge til kanalen.

Han fortel vidare at han skal gje Cercle Brügge beskjed om avgjerda hans i kveld.

Bodø/Glimt

Jens Petter Hauge dunka inn mål nummer tre for dei heilgule i 71. minutt.

Foto: Mats Torbergsen / Mats Torbergsen

– Eg ville dratt

Det har vore diskutert om stjernespelaren frå Bodø kom til å forlate gutane i gult, men søndag kveld etter kampen vart det bekrefta at han blei.

Før avgjerda var gjort offentleg, gav veslesøstera Thale Hauge si meining om saka:

– Eg tykkjer eigentleg at han burde dra, men det er hans val. Vi får sjå kva han vel, seier veslesøstera.

– Kva ville du gjort då?

– Eg ville dratt.

– Om du hadde fått velje frå øvste hylle, kvar i verda ville du reist?

– Chelsea Ladies, seier ho raskt.

Men no blir båe Hauge i byen. Jens Petter for Bodø/Glimt og Thale på bana for Grønnåsen IL. Ho er stolt over bror sin, men er også litt kritisk, slik søsken gjerne er.

– Det er veldig gøy då han presterer bra, men har ikkje alltid vore like gøy då han ikkje har vore so veldig god ... Men det er veldig gøy no då, seier bursdagsjenta.

– Det kan jo ikkje bli betre. Vi satsar på at han tek alt, seier mor Gunn Heidi.

Martin Bjørnbak saman med Thale og Gunn Heidi Hauge

Thale og Gunn Heidi møtte også på Martin Bjørnbak som spelar på Molde. Han er firmenning med Thale og Jens Petter, men stod mot dei gule på Aspmyra i dag.

Foto: Martin Giæver / NRK

Fekk mål i bursdagsgåve

Fotballfeberen i Nordland er til å ta og føle på. Og få kan vel ha like breie glis som spelarane sin eigen familie.

– Eg er ganske nøgd, han gjorde ein bra jobb. Eg følte jo han skåra mål for meg, seier Thale.

– Fordi du har bursdag i dag, skyt mor Gunn Heidi inn.

– Nei, har du det? For ein fantastisk presang! Hadde du tinga det på førehand, eller?

– Ja, eg hadde sagt det til han, at eg håpa han skåra eit mål for meg. Eg fekk eit lite blunk på slutten, so eg må sei meg nøgd, seier bursdagsjenta.

Thale og Gunn Heidi Hauge etter Bodø/Glimt vann 3-1 over Molde

Thale Hauge fekk mål av bror sin Jens Petter på Aspmyra stadion i kveld. Mor Gunn Heidi er stolt.

Foto: Martin Giæver / NRK

Fotballfeberen rammar alle

Lykke Levving Stensland og Cecilia Stensland såg kampen hjå bestemora, og Lykke sin dom er klokkeklår:

– Det var bra, fordi Bodø/Glimt vann!

– Men kvifor heiar du på dei?

– Fordi dei er veldig gode! Og bestefar heiar på Bodø/Glimt, seier Lykke.

Cecilia Stensland og Lykke Levving Stensland

Lykke Levving Stensland og Cecilia Stensland er opphavleg frå Bodø, men er heime i ferien. Då må jo det gule skjerfet ut.

Foto: Martin Giæver / NRK

Også supporterane med litt fleire år på ryggen kan nyte etterkampfesten med sigerssmil.

– Det var jo fantastisk. Eg hadde ikkje rekna med vi skulle vinne 3-1, men eg rekna med vi skulle vinne, seier Bjørn Eide.

– Korleis er det å følgje Bodø/Glimt i år?

– Fantastisk. Ti strake og snart ny rekord, det kan ikkje bli betre!

Bjørn Eide

Kaia i Bodø er søndag kveld fulle av gult, og Bjørn Eide veit å feire trepoengaren.

Foto: Martin Giæver / NRK