Hopp til innhold

Solbakken til sjukehus etter sigeren – usikkert kor lenge han er ute

Allereie eitt minutt inn i kampen låg Bodø/Glimt under med eitt mål, men snudde til 4–1. Solbakken fekk skuldra ut av ledd og blei sendt til sjukehus.

Ola Solbakken går av banen.

UT: Ola Solbakken på veg ut av bana.

Foto: Mats Torbergsen / Mats Torbergsen

Etter kampen blei Ola Solbakken køyrt til sjukehus som følge av at han fekk skuldra ut av ledd i andre omgang.

Det skriv Avisa Nordland.

På sidelinja var Knutsen uvitande om det.

– Det var nøyaktig same tidspunkt i fjor at han fekk tilsvarande skade. Så får vi vente på dommen, men det er vel fare for at det blir litt same prosedyre som sist. Då var han tilbake etter fem veker, seier Knutsen til NRK.

Ola Solbakken ligger nede.

ASSISTANSE: Solbakken blei tatt hand om av søtteapparatet på bana etter at skulderen gjekk ut av ledd.

Foto: Mats Torbergsen / Mats Torbergsen

Fleire skadar

Det blei klart etter kveldens eliteseriekamp mot bortelaget Sarpsborg 08.

Solbakken har vore ei sentral brikke i Bodø/Glimt sin suksess dei siste sesongane. Det er usikkert om angrepsspelaren er ute framover, og frå før har klubben gjort det klart at Amahl Pellegrino truleg går glipp av fleire kampar framover.

Trenar Kjetil Knutsen Bodø/Glimt

ROM TIL FORBETRING: – Først og fremst er det ganske utruleg å sleppe inn eit mål etter 30 sekund, seier trenar Kjetil Knutsen som er glad for at dei klarte å snu kampen.

Foto: Mats Torbergsen

Det var etter 62 spelte minutt at Solbakken forlét kunstgraset på Aspmyra.

Japhet Sery Larsen måtte også ut på grunn av skadar i kveld.

– Kamikazekamp

Eitt minutt inn i kampen låg bortelaget i leinga med 0–1. Trenaren meiner det er meir flaks enn dyktigheit at dei ligg føre med 2–1 før pause.

Victor Boniface Bodø/Glimt-Sarpsborg 08

TO MÅL: Victor Boniface scorar dei to siste måla for Bodø/Glimt på Aspmyra stadion laurdag kveld.

Foto: Mats Torbergsen / NTB

– Eg kalla det ein Kamikaze-kamp og det står eg for. Vi fekk betre kontroll på strukturen ved å endre presset vårt og scorar på gunstig tidspunkt som gjer at resultatet blir mykje betre enn prestasjonen i dag, seier Kjetil Knutsen til NRK.

Han legg til:

– Det var ikkje bra. Vi kunne ha øydelagt kampen dei første to minutta.

Kommando etter andre omgang

Likevel har Bodø/Glimt mykje å glede seg over.

– Vi er robuste og klarar å kome tilbake ved å snu denne kampen og det er veldig bra, seier Knutsen.

– Isak kjem inn modig og viser til dei andre at her er det berre å ta fram kassa. Han viste veg for mange i kveld.

– Han er med på å snu dette?

– Ja, det vil eg seie. Både med å vere til stades inn i kampen og det at han har ei ro i frispelinga, tør å ta presset og er god deffansiv. Han gjer eit svært sterkt innhogg.

Knutsen gler seg over å komme vinnande ut av duellane i andre omgang.

– I andreomgangen ser vi meir ut som oss sjølve. Det blir ein ekstremt open kamp med to lag som går til angrep, så eg føler likevel at det er for mykje flaks i kampen i dag til at vi kan seie oss veldig fornøgde.