Hopp til innhold

Bodø/Glimt vil leggje fotballstadion på matjord: – Tåpeleg

Fotballklubben Bodø/Glimt ser på moglegheitene for å byggje nytt stadion på delar av dei siste restane med matjord i byen. Det skaper reaksjonar.

Gaute Terjesson

Gaute Terjesson held på med urbant jordbruk i Bodø. Snart kan han få ein fotballstadion i nærleiken.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Blant grønkål og sukkererter står Gaute Terjesson.

Rundt han summar det av bier og sommarfuglar.

Heile nabolaget av småkryp i og over jorda speler ei viktig rolle i hans digre, urbane kjøkkenhage kalla Bodø Grønt.

Men no står ein ny nabo og bankar på døra.

Det nye fotballstadionet til Bodø/Glimt kan nemleg verte bygd rett i nærleiken.

Ein ressurs som forsvinn

– Det kjennest tåpeleg. Jorda er noko vi må ta vare på, seier Terjesson.

Gaute Terjesson, markedshage Bodø Grønt
På 2,5 dekar dyrkar Gaute Terjesson grønsaker til fleire av Bodøs restaurantar og delikatesseforretningar.
Gaute Terjesson i marknadshagen sin, Bodø Grønt
Det kan han gjere fordi han driv ein marknadshage.
Tomater, Bodø Grønt
På enklast vis kan ein seie at det er ein diger kjøkkenhage.
Og Gaute dyrkar alt for hand. Han vil vise at det er mogleg i kommersielt jordbruk.

Han vil dyrke på mest mogleg berekraftig vis for å nytte matjorda som er igjen i Nordland.

– Om ein bygger på matjord vert han ikkje mogleg å nytte på generasjonar. Då forsvinn han for alltid, seier Terjesson.

Fotballklubben Bodø/Glimt treng 40.000 kvadratmeter til sitt nye stadion.

Blant alternativa for kvar det skal liggje, er matjorda på Rønvikjordene i Bodø.

– Ikkje rett tid

Dyrkbar mark er ein knapp ressurs.

Berre 3 prosent av Noregs landareal er i dag dyrka mark.

I Nordland er berre 2 % av arealet matjord.

Matjord er òg ein ressurs som forsvinn i større grad i verdssamanheng.

– Om ein ser på situasjonen i verda no, er dette kanskje ikkje den beste tida for å byggje ned matjorda, seier Hege Ulfeng, rådgjevar i divisjon for Kart og statistikk i Nibio.

Hege Ulfeng er rådgiver i Nibio.

Hege Ulfeng er rådgjevar i divisjon for Kart og statistikk i Nibio.

Foto: Nibio

Både klimaendringar og rovdrift på jor har gjort at ein tredel av verdas jordbruksareal er dårlegare stelt no enn før.

Mange av områda i verda som har produsert det vi et mest av, som korn og ris, vil ha alvorlege problem med dette i framtida.

Samstundes ventar vi at befolkninga både i verda og i Noreg kjem til å auke.

Sukkerert, Bodø Grønt

Marknadshagen til Gaute Terjesson har eit tjuetals ulike typar grønsaker.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Faren er at du tek litt og litt, her og der i heile landet. Då får vi mindre og mindre areal å produsere mat på nasjonalt.

Det kan vere at 20 % av jordbruksarealet i Nordland allereie er ute av drift, ifølge forskaren.

– Dersom areal fortset å gå ut av drift samstundes som ein bygger ned meir, kan det bli lite jordbruk i Nord-Noreg etter kvart.

Den beste matjorda vi har ligg i nærleiken til tettstader og byer.

Men dette er òg område som freistar næringslivet.

Og i Bodø sitt tilfelle freistar det fotballklubben som ønsker seg ny stadion.

Her planlegg Bodø/Glimt at den nye stadion skal liggje.

Her planlegg Bodø/Glimt at den nye stadion skal liggje.

Vil prioritere jordbruk

Frode Thomassen, dagleg leiar i Bodø/Glimt, seier at det ikkje er hogd i stein kvar det nye stadionet skal liggje.

Rønvikjordene er berre eit av alternativa som vert greia ut.

– Det vil avhenge av kvar det er best å byggje arenaen.

Thomassen seier at det viktigaste for dei no er å utvikle konseptet for ein ny arena for idrett og kultur.

– Vi lukkar ikkje ute nokon av alternativa for kvar det skal liggje.

Thomassen legg vekt på at klubben har eit fokus på berekraft.

I 2019 fekk Bodø/ Glimt nye drakter med FNs bærekraftsmerke på.

Leiaren i Bodø/Glimt seier at dei har gjort mykje for å jobbe med berekraft i klubben også etter det.

Og Bodø/Glimt planlegg ikkje å spele fotball i grønkålen til Gaute Terjesson.

Bodø Grønt, grønsakshage

Området Bodø/Glimt ser på for stadion ligg halvanna km unna marknadshagen til Gaute Terjesson.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Likevel meiner jordbrukaren på Rønvikjordene at det ikkje er noko hald i bærekraftsmerket om klubben vurderar matjorda som ein stad å leggje stadion.

– Det burde vere fjerna sporenstreks, berre ved at dei pratar om det, seier Terjesson.

Men det er verken opp til jordbrukar eller fotballklubb å bestemme kva matjorda skal nyttast til.

Vil prioritere jordbruk

Det er Nordland fylkeskommune som eig disse jorda. Førebels er dei regulert til næringsverksemd.

– Jordbruk er også ein næring. Vi ønsker å halde på dyrking av jorda i størst mogleg grad, seier landbrukssjef i Bodø kommune, Knut Valberg.

Han meiner det er betre å bruke område som allereie er bygd ned for ny stadion.

– Kva med å bruke flyplassen, når vi byggjer ny flyplass? Då får vi både fotballstadion og behalde matjorda som han er, seier jordbrukssjefen.

Bodø Grønt

Eit døme på det urbane landbruket er marknadshagen til Gaute Terjesson.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

For eit år sidan starta Bodø kommune prosjektet «Urbant landbruk».

Det skal verne om matjorda og gjere at innbyggarane i Bodø kan dyrke eigne grønsaker.

– Mange seier at marknadshage er så smått at ein ikkje kan fø nokon, men at det berre nyttar å drive stort er ein slags vestleg misforståing, seier Terjesson.

Gaute Terjesson, Bodø Grønt

Gaute Terjesson meiner grønsakdyrking utan maskinar er meir skånsamt for matjorda. Han dyrkar økologisk og for hand.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Om alle tenkjer at det ikkje gjer noko om vi tek berre litt, har vi fort bygd ned alt.