Hopp til innhold

Utanlandske gamblarar rasar mot Glimt: – Dei skriv at dei håper vi døyr

Folk som har satsa pengar på Bodø/Glimt verda rundt rasar. Nokre tapte 10.000 kroner på å satse på laget i toppen av tabellen. Det går ut over Niklas (28).

Niklas Aune Johnsen viser Patrik Berg hets frå gamblarar

– Det blir litt brutalt i kommentarfeltet og i innboksen, men eg trur ikkje spelarane bryr seg så mykje, seier pressekontakt i Glimt, Niklas Aune Johnsen. Her saman med Patrick Berg.

Foto: KENT EVEN GRUNDSTAD FOTO / KENT EVEN GRUNDSTAD FOTO

Til stor overrasking for mange spelte Bodø/Glimt uavgjort mot Brann på Aspmyra stadion i Bodø, søndag kveld.

Og det var ikkje berre supportarar frå nord som plutseleg sat med skjegget i postkassa.

Det gjorde òg dei som hadde satsa store pengar på heimelaget.

No er innboksen til klubben fylt til randa av truslar og ønske om at dei skal døy.

Det får Niklas kjenne på kroppen.

– Hadde ikkje satsa alle pengane på Glimt

Niklas Aune Johnsen, pressekontakt i Bodø/Glimt, har ansvar for klubben sine kontoar på sosiale media.

Dei har kokt etter 2–2 resultatet mot Brann i går.

Niklas Aune Johnsen er ansvarleg for innboksen til Bodø/ Glimt og tek imot all hetsen frå utanlandske gamblarar.

Niklas Aune Johnsen er ansvarleg for innboksen til Bodø/ Glimt og tek imot all hetsen frå utanlandske gamblarar.

Foto: KENT EVEN GRUNDSTAD

– Det er folk som har mista pengar fordi dei har satsa ut ifrå tabellen. Dei ser at Glimt ligg øvst og Brann ligg nedst, seier Johnsen.

Mange har satsa store pengar. Nokon av dei skriv at dei har satsa opp mot 1000 euro, eller om lag 10.000 kroner, på Glimtsiger.

På grunn av dykk mista eg 250 euro. Korleis skal eg få råd til mat til barna mine i morgon?

utanlandsk gamblar

– Dei skriv at dei håper vi døyr, og at vi ikkje vaknar opp i morgon. Hadde dei vore meir audmjuke kunne eg kanskje syntest meir synd på dei.

Og det er ikkje berre denne kampen det gjeld. Heilt sidan Glimt begynte å vinne kampar frå 2019-sesongen, har dei fått mykje hat når dei ein sjeldan gang ikkje vinn.

Johnsen meiner at dei utanlandske gamblarane ikkje kjenner dynamikken i norsk fotball.

– Det er ikkje unaturleg at eit lag som ligg på botn av tabellen kjempar med nebb og klør. Det skjer kvart einaste år at eit dei tek eit lag godt plassert på tabellen når dei skal klare seg, seier Johnsen.

– Eg hadde ikkje satsa alle pengane mine på Glimt i går.

Gud vil straffe heile laget deira for å ha øydelagt for min millioninnsattsbillett. Ubrukelege lag

Utanlandsk gamblar

Molde FK ligg nest øvst på tippeligatabellen. Det har dei vunne fire gonger før, seinast i 2019.

Pressesjef i Molde, Per Lianes, seier også dei har vore borti illsinte gamblarar.

– Ein blir jo kasta skit på i sosiale medium når folk mister pengar, men det er ikkje noko nokon av oss kan noko for. Sånn er jo verda i sosiale medium.

Hets mot Bodø/Glimt

Døma på hets mot Glimt når dei ikkje vinn er mange. Dette er alle ting som har blitt sendt til klubben sine kontoar på sosiale medium etter uavgjortresultatet mot Brann.

Foto: Skjermdump

Norsk tipping

Tonje Sagstuen, pressekontakt i Norsk Tipping, forklarar at odds blir sett etter sannsyn for at eit utfall treffer inn. Laget ein forventar vil tape vil ha høgast odds, medan favoritten alltid vil ha lågast odds.

I går hadde altså Brann høg odds, medan Bodø/Glimt var store favorittar og hadde lågast odds.

Sint gambler mot Glimt

«Korleis utlikna dykk då det var 10 minutt igjen. Eg tapte 1000 euro for dette! Veit dykk kor mykje pengar det er for meg? Skam! Gi meg 1000 euro!» Er omsetjinga frå italiensk, sånn omtrentleg.

Foto: Skjermdump

Begge laga trong ein siger. Anten i kampen for gullet, eller for å berge plassen i Eliteserien. Derfor var det få som satsa pengane sine på uavgjort.

– Når eit lag noko overraskande taper, er det klart at folk kan verte forbanna.

Dei som spelar på oddsen, spelar gjerne på fleire lag i kombinasjon. Sagstuen fortel at for mange rauk nok heile kupongen når Bodø/Glimt ikkje vann.

– Då er det nokon som kan finne på skulde Glimt for kampfiksing. Altså at dei ikkje gir nok for å vinne.

NRK forklarer

Kva er kampfiksing?

Kva er kampfiksing?

Om ein spelar fiksar ein kamp...

Sørger han eller ho for eit gitt resultat. Kamfiksing kan vere eit problem i nokre utanlandske lag. 

Kva er kampfiksing?

kvifor vil noko fikse en kamp?

Spelarar kan tene mykje penger på å levere ein kamp med eit gitt resultat. Det er meir utbreitt i tennis der det er lettare å skjule.

Kva er kampfiksing?

Er kampfiksing lov?

Kampfiksing er både ulovleg og uglesett.

Kampreglement:

  • §1-5. Fair play
  • (1) En klubbs spillere, ledere, trenere, støtteapparat og ansatte skal i tilknytning både til egne og andre klubbers kamper, etterleve prinsippene om lojalitet, integritet og fair play (god sportsånd).
  • (2) Ingen av aktørene nevnt i (1) kan, direkte eller indirekte, delta i veddemål om resultatet i kamp en selv deltar i, på noe vis medvirke til eller forsøke å medvirke til bestikkelser, eller forsøke å påvirke resultatet i en kamp gjennom usportslig adferd.

– Det er veldig lite av dette i Noreg. Det er nærmast ikkje eksisterande. Og det er heilt ugrunna. Det er klart at begge lag gjerne ville vinne i går.

Ho synest det er synd at spelarar som har tapt pengar på dette spelet vel å kome med slike utsegner.

– Eg er heilt sikker på at Bodø ikkje ønskte noko meir enn å ta med gullet heim i går, og Brann kjempa for sin eksistens som eliteklubb. Det er jo nettopp dette som gjer fotball så spennande. At det er spenning til siste runde.

Eg skulle ønske FIFA kunne degradere dette dumme og ubrukelege laget for kampfiksing

Utanlandsk gamblar

Niklas Aune Johnsen i Bodø/Glimt, seier at hetsen ikkje har så mykje å seie for Glimt sin del.

– Eg trur stort sett det prellar av. Det blir litt brutalt i kommentarfeltet og i innboksen, men eg trur ikkje spelarane bryr seg så mykje.