NRK Meny
Normal

Bli med Ian og gjengen frå Hongkong på telttur i fjellet

Ian og venegjengen flaug heilt frå Hongkong for å oppleve nordnorsk friluftsliv – regn, våte sko og kalde øyrer. Men turen var ikkje berre berre om ein er uerfaren med kart og kompass.

Gruppebilete av Hongkongarane

I GODT HUMØR: Gjengen har flydd heilt frå Hongkong for å oppleve norsk natur og bli kjend med speidarar frå heile verda. Frå venstre: Aron Chong, Andiew Leung, Ian Ho, John Chang, Rex Woo og Justin Wau.

Foto: Ole Dalen / NRK

– It's sooo cold. We are all freezing!

Vi er på Heggmoen, aust for Bodø. 20-25 speidarar frå Noreg og Hongkong har nett løfta sekkane sine ut frå bussen. No har dei tørre sko, godt mot og topp moral. Enn so lenge.

– No skal vi finne ein båt som skal ta oss vidare, seier Ian Ho.

Han har fått leiarrolla i gruppa, og studerer kartet nøye med hjelp av medspeidar Anders Løvald.

Problemet er at gutane set fingeren på kartet nesten ei mil frå der dei eigentleg står. Dei les kartet heilt feil.

Speidarar på tur

SAMARBEID: Ian Ho frå Hongkong og Anders Løvald frå Vestfold studerer kartet og leitar etter beste rute.

Foto: Ole Dalen / NRK

Oppnedkartet

So, utan å vere heilt viss på kvar dei er, set speidarane i gang. Taktikken er å gå først og sjekke kartet etterpå. Hongkonggjengen leier an, gutegjengen frå Vestfold og jentespeidarane frå Fredrikstad dannar baktroppen.

– Vi skal opp denne vegen, seier Ho sjølvsikkert.

Men etter nokre kilometer sjekkar han kartet oftare og oftare. Alle speidarane har kartet oppe, men ingen forstår kvar dei er. Ingenting gjev meining i terrenget kring dei.

– Vent no litt, kvar er vatnet?, spør plutseleg Ho.

Anders Løvald ringjer troppleiaren sin.

KALLA PÅ HJELP: Etter fleire feilsteg ringjer Anders Løvold troppsleiaren sin i håp om at han kan vere til hjelp.

Foto: Ole Dalen / NRK

Ifølgje kartet hans skal dei vere framme med sjøen der ein ribbåt skal vente på dei. Men gruppa har nesten ei mil og eit fjell mellom seg og kysten. Etter litt rask diskusjon på mandarin snur gjengen rundt og går tilbake dit vi kom frå.

– Kva skjer no?

– Eg haldt kartet opp ned. Vi må gå tilbake litt, seier Ho.

Samarbeid og framgang

Etter eit par fleire feilsteg, ein behjelpeleg troppsleiar og litt kartlesing av NRK-journalisten finn gjengen ut kvar dei er. Då tek det ikkje lang tid før dei er på rett sti.

– No er eg sikker på at vi er på rett veg! Eller, i alle fall 50 prosent sikker, seier Ian Ho, som framleis er turleiar.

Og oddsa slår til. Gjengen gjekk rett veg, og finn fram til plassen dei skal slå opp telta. Dagens strabasar er over.

Speidarane hjelp kvarandre over berget

SAMARBEID: Lagarbeid er viktig for ein god tur og for å få nye vener.

Foto: Ole Dalen / NRK

Nye vener og unike opplevingar

– Det er kjempekjekt å møte speidarar frå andre stadar i verda, seier Emma Viktoria Karlsen Fjellberg frå Fredrikstad.

– Eg berre håpar at dei ikkje har blitt skuffa av vêret, sidan dei har reist so langt, skyt veninna Hedda Mykleborg inn.

Men speidargjengen ser ut til å vere alt anna enn misnøgde.

– Dette er heilt annleis frå det vi er vande med! Hadde det ikkje vore for dei andre hadde vi kanskje ikkje kome hit. Det var ein kjempekjekk tur, seier Rex Woo.

Det er tidleg morgon, og teltleiren byrjar vakne til live. Dei nye venane hjelp kvarandre å pakke saman telt, presenningar og sekkar. Speidarane kler, i ekte norsk turånd, på seg småfuktige sko og ullskjorter og legg i veg.

Moralen er no like høg som den var på starten av turen dagen før. No skal dei attende til leiren – og dei veit kva retning dei skal gå i.

Hongkonggjengen i ribben

KJØLIG AVSLUTNING: Prikken over ien etter overnattingsturen blei ein skikkeleg båttur tilbake til Bodø. Det gjekk litt raskare enn apostlane sine hestar.

Foto: Ole Dalen / NRK
Distriktsnyheter fra Nordland.

Sjå den livlege reportasjen med speidarane her!

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
I tredje episode av Stortvildet må Erna Solberg tegne Jonas Gahr Støre. KrF må debattere som SV og motsatt. Hvem vinner debatten?
 Er Jonas Gahr Støre (Ap) god på seksualundervising? Se episode 2 av Stortvildet.