NRK Meny
Normal

Nektar å gje opp blåskjeldraumen

I kjølvatnet av den økonomiske og miljøskadelege nedturen i blåskjelnæringa, ynskjer nokre framleis å halde liv i ein problemfylt bransje.

Blåskjell.

VANSKELEG BRANSJE: På midten av 2000-talet var det mange vonfulle som ikkje fekk den utteljinga dei hadde håpa på i blåskjelbransjen.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Om ein skal satse på blåskjel, krev det mykje og tolmodig kapital. Inngangsbilletten til bransjen er ikkje billeg, seier Håvard Aakerøy i Norgesskjell.

Langs heile kysten av Noreg ligg restane av eit stormløp etter blåskjel. Mellom 1990 og byrjinga av 2000-talet blei det delt ut konsesjonar for anlegg som aldri før, men mange av desse bedriftene gjekk konkurs, og forlét store anlegg til å forsøple norske fjordar.

Det er denne feilen Aakerøy trur blåskjeloppdrettarar gjorde i Leirfjord kommune i Nordland.

– Dei som dreiv tidlegare møtte ein vanskeleg marknad, og eg trur dei undervurderte kor utfordrande det er å drive blåskjeloppdrett, seier Aakerøy.

Likevel ynskjer Norgesskjell å byggje to nye anlegg i Leirfjorden, som allereie har erfart tap av arbeidsplassar i fiskerinæringa og forsøpling.

– Den situasjonen hamnar me nok ikkje i. Me har drive blåskjeloppdrett heilt sidan 1999, og har meir driftserfaring.

Måtte rydde opp etter bransjen

Blåskjelanlegg har etter bransjekollapsen skapt mykje trøbbel. I eit stort oppreinskingsprosjekt i 2015 fjerna Kystverket i samspel med Fylkesmannen og Mattilsynet heile 22 eigarlause anlegg frå Nord-Salten.

Gjermund Langedal

SJOKKERT: Gjermund Langedal var prosjektleiar av Kystverket si opprydding av blåskjelanlegg i 2015.

Foto: Fiskeridirektoratet

I august 2015 blei leiaren for oppryddingsprosjektet, Gjermund Langedal, intervjua av NRK:

– Jeg har drevet med opprydning av tapte fiskeredskaper i mange år, men aldri sett noe lignende som dette. Det har rett og slett sett grusomt ut. Vi har funnet bur hvor skjell har vært innestengt og dødd, og vi har funnet redskaper som har vært fullstendig overgrodd, sa Langedal.

Blåskjellanlegg

OPPRYDDING: Langs heile kysten blei det fjerna gamle blåskjelanlegg, her i Vik i Sogn og Fjordane.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Det er framleis 17 forlatne anlegg i Nordland som ikkje er fjerna.

Få satsar på nytt

I dag er det 141 blåskjelanlegg i drift i Noreg, ifølgje Akvakulturregisteret til Fiskeridirektoratet. Av desse er det berre 19 anlegg, 13 prosent, som har fått konsesjon dei siste ti åra.

Norgesskjell meiner marknaden no er moden for utviding.

– Me har i dag ikkje nok råstoff i høve til kva marknaden spør etter. Me må stadig sei nei til nye kundar, grunna at me ikkje har nok råstoff. Difor ynskjer me å utvide, seier Aakerøy.

Men er ikkje dette ein ny eksplosiv vekst som kjem til å sprekke, slik som det me såg på 2000-talet?

– Nei, eg trur me har lært mykje. Sist gong var ein optimistisk med kor lite ein trengde å investere, og dei aller fleste hadde ikkje kapital nok til å halde fram. No veit me betre.

Betre tryggleiksnett no på plass

Etter miljøskadane og utgiftene som fylgde oppryddinga av eigarlause anlegg, blei det i 2007 vedteken ei ny lov. Alle nye blåskjelanlegg må betale eit depositum og ha forsikring, slik at ein er sikra ei god opprydding, sjølv om bedrifta går konkurs.

– Me må nok ut med om lag 200 000 kr til sikkerheit på dei to anlegga i Leirfjorden, seier Aakerøy.

Vedtekter om oppryddingsdepositum betalt for å setje opp nye blåskjellanlegg

MÅ BETALE DEPOSITUM: Nye krav frå 2007 pålegg bedrifter å betale eit depositum eller annan forsikring, øyremerka for opprydding om selskapet forlét anlegget.

Foto: Inllustrasjon / Lovdata

Kystverket fortel NRK at dei framleis ynskjer å rydde dei siste forlatne anlegga, men manglar midlar.