Hopp til innhold

Blåser i raud jul

I den blå byen i nord pyntar dei til jul på sin spesielle måte.

Julegata i Sortland

Sortland, den blå byen, ynskjer folk velkommen til den blå julegata.

Foto: Stein Inge Pedersen


Fredag opna den største julemarknaden i Vesterålen på Sortland Torg. Blå juletre, blå lys, blå julegate og blå nissar skal setje innbyggarane i kommuen i julestemning i desember.

Inne i eit 300 kvadratmeter stort telt på torget kunne publikum kjøpe mellom anna lefser, godteri, luggar, treprodukt, klede og julebakst. Her kan publikum også studere verdas kanskje første blåe villsau. Og då julemarknaden opna fredag, tok det heilt av i sentrum av den blå byen.

- Det er heilt ekstremt med folk her. Enkelte boder er i ferd med å bli utselt for varer allereie etter ein time, seier Ann Karin Jensen i Sortland næringsforening.

Julemarknad i Sortland

I teltet på torget får du kjøpt ulike handlaga produkt.

Foto: Stein Inge Pedersen

Sortland har fått mykje merksemd då politikarane i kommunen gjekk inn for å marknadsføre Sortland som ein blå by. Prosjektet var kommunen sitt hovudprosjekt i samband med tusenårsmarkeringa i 2000.

Blåbynisse

No har også jula blitt blå i Sortland. Kommunen sin eigne nisse, Blåbynissen, har til og med fått sitt eiget eventyr, fortel Jensen.

- Historia er skriven spesielt til Sortland. Då nissen kom hit og såg kor fantastisk og blått alt var, fekk han hjelp av huldra frå Åndstadblåheia til å lage ein blå nissedrakt.

Ann Karin Jensen

Ann Karin Jensen i Sortland næringsforening.

Foto: Stein Inge Pedersen

Nissen kjem til julemarknaden fredag kveld for å samle inn ynskjelister frå borna i byen. Då vil også det ferske eventyret bli presentert. Men Jensen legg til at historia er lagt opp slik at borna ikkje skal få vrangførestellinger, i forhold til kva som er "riktig" farge til jul.

- Nissen fortel i slutten av eventyret at det er går an å velgje mellom raudt og blått, seier Jensen.

Vil markere seg

Næringslivet i Sortland sponsar julemarknaden. Med levande sang og musikk, og open café håpar dei å skape stemning for innbyggarane i kommunen. Men den blå profilen er også viktig i ein større samanheng, fortel Jensen.

- Etter at Lofast blei opna må vi gjere noko for å markere oss. Vi har eit veldig levande sentrum, medan andre byar har kjøpesenter som trekk vekk litt av folka frå bysentrum.

Store delar av byen er farga blå. Kommunen brukar to ulike fargar på bygga, og fleire bygg vil få blåfargen etterkvart.

- Folk fleist synast det er fint, medan enkelte er sterke motstandarar mot dette, vedgår Jensen.

Tradisjonen med blå jul i Sortland er imidlertid komen for å bli, lovar ho.