Hopp til innhold

Bil og traktor i frontkollisjon – to personar til sjukehus

To personar er frakta til sjukehus etter ein frontkollisjon ved Evenes tysdag kveld.

Ein traktor og ein bil har kollidert på Evenes i Nordland.

Skadeomfang er ukjent.

Klokka 20.20 fekk politiet melding om ei trafikkulykke ved Osvatnet på E10 på Evenes.

Det er ein bil og ein traktor som har kollidert front mot front. Ein person var fastklemd, opplyste dei.

Det sat ein person i kvart køyretøy.

Politiet har no frigjort den fastklemde føraren av personbilen. Begge dei involverte er frakta til sjukehus med ambulanse.

Føraren av personbilen var fastklemd, men blei seinare frigjort og frakta til sjukehus med ambulanse. Føraren var medviten, opplyste politiet.

Føraren av traktoren er også frakta til sjukehus med ambulanse, og var vaken på tidspunktet, opplyste politiet.

– Brannvesenet er på staden og har sett i gang frigjering av ein person som er fastklemd, sa operasjonsleiar i politiet, Kjetil Kaalaas, tidlegare i kveld.

E10 ved Osvatnet i Evenes er stengd som følge av ulykka. Trafikken blir dirigert via omkøyringsveg.

Politiet gjer no undersøkingar på staden for å klargjere korleis hendinga har gått for seg.