NRK Meny
Normal

Betre enn frykta

Regjeringa løyver 31,5 milliardar kroner til forsvaret i 2008.

Soldater i Forsvarets innsatsstyrke.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det betyr ein nedgang på 0,6 prosent på grunn av lågare inntekt frå eigedomssal. Det vil seie 172 millionar kroner mindre å rutte med.

Det betyr at dei fleste avdelingane  ikkje vil merke nedskjæringar grunna intern effektivisering i forsvaret, ifølgje statsbudsjettet.

Tala i forsvarsbudsjettet viser at budsjettet står på staden kvil. Regjeringa skriv i statsbudsjettet at dei viderefører forsvarsbudsjettet og at omstillinga av forsvaret vil fortsette.  Med dette budsjettet vil 98 prosent av dei økonomiske forutsetningane for langtidsplanane vere oppfylt, skriv regjeringa.

Nestleiar Signe Øye i Forsvarskomiteen seier at budsjettet er til å leve med, men seier at det ikkje fritek regjeringa frå å gjere endringar når langtidsplanen skal leggjast.

- Me får ei sterk oppbygging av hæren og kan fortsette med den omstillinga me har byrja på, seier ho.

Men ho seier også at det er ei kjennsgjerning at det ikkje er samsvar mellom struktur og økonomi i forsvarsbudsjettet.

- Det er for mykje struktur på mange basar og dette må gjerast noko med, seier ho.

Medlem av forsvarskomiteen Bjørn Jacobsen for SV tykkjer også det er eit budsjett å leve med.

- Eg tykkjer det er rimeleg bra, sjølv om det er ein reell nedgang, seier Jacobsen. 

 

Video

Distriktsnyheter fra Nordland. TV
I tredje episode av Stortvildet må Erna Solberg tegne Jonas Gahr Støre. KrF må debattere som SV og motsatt. Hvem vinner debatten?
 Er Jonas Gahr Støre (Ap) god på seksualundervising? Se episode 2 av Stortvildet.