Hopp til innhold

– Bør prioritere fiskeri over landbruk

LEKNES (NRK): Om ein ynskjer å skape fleire arbeidsplassar innan fiskeindustrien, må ein vere villig til å opne for billigare landbruksvarar frå EU, meiner sjømatprodusenten Lofotprodukt AS.

Sigvald Kvist

MÅ OFRE NOKO: Administrerande direktør hjå Lofotprodukt Sigvald Rist meiner det ein bør hente heim arbeidsplassar frå EU, sjølv om det kostar landbruket.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

– Om me skal lukkast med å auke verdiskapinga innan sjømatforedlinga, so må det verte prioritert føre delar av landbruket.

Sigvald Rist er administrerande direktør hjå Lofotprodukt i Leknes. Han meiner at om ein ynskjer å nå regjeringa sitt mål om fem gongar vekst i næringa innan 2050, må ein trakka på nokre tær.

Skal ein i dag eksportere foredla lakseprodukt ut av Noreg og inn i EU, må ein betale 13 prosent toll.

– Det er ei krevjande utfordring som kjem på toppen av høge lønningar. Det gjev Noreg ei stor konkurranseulempe for norsk tilarbeiding av laks, seier Rist.

Røykja laks

ARBEIDSKREVJANDE: Ein del av fiskeriforedlinga må gjerast manuelt, og er dermed arbeidskrevjande.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

– Om me ikkje hadde hatt den tollbarriera, kunne me jobba meir opp mot den marknaden på lik linje med våre konkurrentar.

Mange arbeidsplassar

Norsk fisk skapar over 21 000 arbeidsplassar i EU, ifølgje SINTEF. I Noreg sysselset same næring berre 9 000 menneske. Fleire fagforbund bles no i hornet for å hente heim arbeidsplassane til norske fabrikkar.

– Det viktigaste me kan gjere no er å snu straumen av arbeidsplassar, seier Frode Alfheim, nestleiar i Industri og energi.

Louis Martinez

HENTE HEIM ATT: Det er jobbane til slike som Louis Martinez i Madrid, som er omdiskutert.

Foto: Jan Harald Tomassen

– Uaktuelt å forhandle

– Dette er to separate forhandlingar, og ein bør ikkje blande dei i det heile.

Bernt Skarstad er leiar i Noregs Bondelag i Nordland.

– Men vil EU gje frå seg arbeidsplassar innan fiskeforedling utan å få noko attende, til dømes letta import av landbruksvarer til Noreg?

Bernt Skarstad, fylkesleder i Norges Bondelag, fortviler over varmen

MISNØGD: Skarstad meiner ein ikkje bør blande dei to handelsavtalane, og er misnøgd med forslaget frå Lofotprodukt.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Eg tykkjer ikkje det er noko relevant samanlikning i det heile. Det er to separate forhandlingar. Om EU-politikarar reiser opp ein slik avtale, må me ha sterke politikarar som vernar om landbruk og fiskeri.

– Noreg har offensive interesser innan eksport av fiskeriprodukt, og defensive interesser i høve import av landbruksprodukt.

Eg er heilt viss på at våre politikarar greier å ha to tankar i hovdet samstundes, og sørgar for at me held flest mogleg arbeidsplassar innanskjærs.

Bernt Skarstad, leiar i Noregs Bondelag i Nordland

Hårete mål av regjeringa

SINTEF la i januar 2015 fram ein rapport for regjeringa, som fortel om eit potensial for ei femdobling av næringa innan 2050. Modellen inneheld mål for auke i produksjonen av råstoff, meir vidareforedling, auke leverandørindustrien og verdiskaping innan kunnskap og forvalting.

Ei målsetjing SINTEF meiner er realistisk, er ei femdobling innan fiskerinæringa.

– Om me skal lukkast må me mellom anna leggje til rette for meir vidareforedling, seier Sigvald Rist.

Potensial for marin verdiskaping

HØGE HÅP: SINTEF spår ein eksponentiell vekst i fiskerinæringa i åra framover.

Foto: Illustrasjon / SINTEF

– Det er eit mål me har sett, og eit mål eg trur me skal greie å nå, seier Frank Bakke-Jensen, EØS- og EU-minister (H).

– Er det mogleg å få ned tollen på sjømatprodukt utan å lempe tilsvarande på landbruksprodukt inn til Noreg?

Frank Bakke-Jensen (H) i vandrehallen etter at Næringskomiteen la frem Sjømatmelding på Stortinget

POSITIV: Frank Bakke-Jensen er positiv til måla regjeringa har sett.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Forhandlingane er dynamiske, og kjem til å endre seg frå år til år, svarar ministeren.

– Så EU kan vere innstilt på å redusere tollen på norske sjømatprodukt?

– Kanskje, men me skal også vere klar over at EU kjem til å ta omsyn til alle arbeidsplassane som er avhengige av norsk råstoff, seier Bakke-Jensen.

Me legg ikkje kjøtbollar og fiskebollar på same bordet. Dette er to forskjellige forhandlingar. Men dei heng saman.

Frank Bakke-Jensen