Hopp til innhold

Ber fleire seie ifrå

Folk vegrar seg i for stor grad for å seie ifrå når dei ser born som lever i ustabile heimar, meiner politiet.

Barnevern

Politiet meiner mange vegrar seg for å seie ifrå om vald og overgrep mot born.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Barnevernet i Bodø mottok i fjor 435 uromeldingar. Av desse kom berre 21 meldingar frå privatpersonar. Vanlege folk vegrar seg for å melde ifrå, hevdar familievaldskoordinator i Salten politidistrikt Ann Karin Fagervoll.

- Eg trur det er frykten for at ein sjølv skal bli sitjande i klemma for å seie ifrå om noko som ikkje er tilfelle. Men vi undersøker jo sakene, så eg syntes ikkje det er noko å vere redd for. Ein kan krevje å vere heilt anonym, seier ho.

Heller ikkje frå skular, helsestasjonar eller barnehagar får barnevernet mange uromeldinger. Medan politiet sto bak heile 365 av uromeldingane barnevernet i Bodø mottok i fjor, kom 34 inn frå skular, ni frå helsestasjonar og seks frå barnehagar.

Fagervoll meiner folk bør ta større ansvar for at born blir verna frå rus og vald.

- Ja, det syntes jeg. Jeg syntes alle skal være merksame og følgje med. Det syntes eg verkeleg.

SE NETT-TV: Ber flere si ifra

Måtte rømme heimafrå

Klara Kristin Steinsland frå Bodø vaks opp med ei mor med rusproblem og manglande evne til omsorg. Som born opplevde ho å ikkje bli tatt på alvor, då ho fortalte andre om situasjonen heime. Den då 11 år gamle jenta måtte rømme heimafrå før nokon tok affære.

- Det var det som var vendepunktet. Då kom barnevernet og politiet inn i biletet ganske fort, seier ho.

No har 29-åringen bearbeida sin eigen barndom, og er sjølv mor til to små jenter. Terskelen for å melde ifrå ved mistanke om barnemishandling må bli lågare, mener ho.

- Det er betre å gripe inn og sjå om dette er noko, i staden for å ikkje gjere det. Det er feil å skjerme foreldra, for det er jo dei som gjer noko gale, det er ikkje ungane.

Stygge tal frå Nordland

Første halvdel i år blei 26 ungar fjerna frå heimane sine av barnevernet ved akuttvedtak. Det er allereie fleire enn i heile 2007.

Les: Flere unger må få hjelp

Første halvår i år mottok barnevernet i Narvik 62 uromeldingar, mot 122 i fjor. I Rana mottok barnevernet 114 uromeldingar første halvår i år, men det samla talet frå i fjor var ikkje tilgjengeleg då NRK tok kontakt.

I Bodø har barnevernet mottatt 247 meldingar, mot 435 i heile fjor. Dermed ligg det an til ein solid auke i høve til i fjor.