Hopp til innhold

Turnusarbeidarar sårbare for aggressiv prostatakreft

Mange oljearbeidarar jobbar på natta. Det kan gjere dei meir sårbare for å få aggressiv prostatakreft, enn om dei berre hadde jobba på dagtid.

Offisiell åpning av Johan Sverdup.

HORMON: Kjønnshormon blir påverka av nattarbeid, og det kan bidra til veksten av prostatakreft, forklarar forskar.

Foto: Carina Johansen / NTB

Kvart år får 5000 menn i Noreg prostatakreft.

Norske oljearbeidarar har 20 prosent høgare risiko for prostatakreft samanlikna med den norske befolkninga, viser ein tidlegare studie.

No har forskarar ved Universitetet i Oslo og Kreftregisterert sett på om dei som jobbar nattskift har auka risiko for å få denne krefttypen.

Les også «Nordsjøturnus» lokka sjukehusdirektør tilbake som fastlege

Sjukehusdirektør på Tynset Oddvar Øien, snart kommunelege i Stor-Elvdal.

Risikoen kan knytast til døgnrytmen

– I denne studien såg vi på rundt 25.000 menn som hadde jobba offshore ein eller fleire gongar, mellom 1967 og 1998. Vi følgde desse arbeidarane frå 1999 til og med 2019 og fann ut at 300 av desse fekk diagnosen agressiv prostatakreft.

Det seier postdoktor ved Avdeling for biostatistikk ved UiO og Kreftregisteret, Leon Alexander McLaren Berge.

– Vi såg på oljearbeidarar som roterte mellom å jobbe natt- og dagskift, og samanlikna dei med dei som berre hadde jobba dagskift. Då fann vi ein auka risiko for agressiv prostatakreft blant dei som hadde nattskift.

Postdoktor ved Avdeling for biostatistikk ved UiO og Kreftregisteret, Leon Alexander Mclaren Berge ikledd blå skjorte sittende framfor en datamaskin.

Forskarane følgde menn som jobba offshore i ein periode på 20 år.

Foto: Privat

Forskarane trur risikoen kan knytast til dei negative helseeffektane som kjem av at døgnrytmen regelmessig blir forstyrra over lengre tid.

Lågare nivå av søvnhormon

Berge viser til at prostatakreft truleg er spesielt ømfintleg overfor hormon.

– Forsking viser at nattarbeidarar, ikkje berre oljearbeidarar, ofte har låge nivå av søvnhormonet melatonin.

Vi kallar det søvnhormonet fordi det blir produsert i løpet av natta, og så søkk det igjen i løpet av dagen. Ein slik syklus med høge og låge nivå av melatonin blir primært styrt av lys.

– Når vi forstyrrar den døgnrytmen via lyseksponering om natta, når vi eigentleg skulle ha sove, så reduserer vi den naturlege produksjonen av melatonin, forklarar Berge.

Kjønnshormon blir også påverka av nattarbeid, og det kan bidra til veksten av prostatakreft.

Les også Husbanken er allereie tom for pengar til sjukeheim – byggeklar kommune føler seg lurt

Tidlegare ordførar i Sortland kommune Grete Ellingsen (H) på byggeplassen for det nye omsorgssenteret som dei ikkje fekk midlar frå av husbanken til å byrje på.

Ekstreme turnusordningar

Berge seier at ettersom roterande skiftarbeid også krev fleire overgangar mellom dag- og nattskift, kan arbeidarar ha mindre tid til å justere og tilpasse døgnrytmane sine.

– Dei som arbeider offshore har ei veldig spesiell og ekstrem turnusordning, samanlikna med andre yrke. Dei jobbar nemleg 14 dagar på og fire veker av.

I løpet av desse 14 dagane jobbar dei i ein av tre forskjellige skiftordningar. Enten 14 dagskift, 14 nattskift eller sju dagskift, for så å skifte til sju nattskift eller omvendt.

Dei som jobbar offshore jobbar difor fleire netter i strekk, samanlikna med andre yrke.

Brystkreft blant sjukepleiarar

Leon fortel at dei ikkje kan seie noko ut ifrå denne studien om risikoen er overførbar til andre yrke som jobbar nattskift.

Likevel viser annan forsking at det er ein auka risiko for kreft blant andre yrke, kor nattarbeid er vanleg.

Det har vore mykje forska på brystkreft blant sjukepleiarar. Brystkreft er ein annan hormonsensitiv krefttype. Og ein ser auka risiko for denne krefttypen blant dei som jobbar nattskift, og spesielt dei som jobbar nattskift i lange periodar.

Les også Mathilde sluttet som sykepleier på grunn av arbeidspresset – gikk ned tre kilo på en jobbhelg

Sykepleier Mathilde Arnes sammen med tidligere kollega hjelpepleier Ingrid.

Han seier også at ein ser ein auka kreftrisiko for kabintilsette og arbeidarar i forskjellige industriar der det er vanleg å gå nattevakter.

Det finst fleire studiar som ser på samanhengen mellom kreft og nattearbeid, og det er ikkje alltid at dei finn ein samanheng. Det kjem ofte an på kva for bransje det er snakk om og kva for tider det er på arbeidet.

Usikkert kva som er best

Å skru opp og ned på døgnrytmen er utfordrande for dei fleste, men heilt nødvendig for beredskapen, seier Bjørn Bjorvatn.

Han er professor ved Universitetet i Bergen og leiar for det nasjonale kunnskapssenteret for søvn, som ligg på Haukeland universitetssjukehus.

Bjørn Bjorvatn, professor ved Universitetet i Bergen om søvnvansker.

– Sjølv om det er ein auka risiko for dårleg helse, kreft, overvekt, diabetes, og hjarte og karsjukdommar, er det viktig å understreke at dei aller fleste skiftarbeidarar og nattarbeidarar er friske og får ikkje kreft eller døyr av dette, seier Bjorvatn.

Foto: Universitetet i Bergen / UiB

Vi er jo ikkje skapte for å vere vakne om natta og sove på dagtid. Vi er jo skapte for å sove når det er mørkt og vere vakne når det er lyst.

– Men på same tid er vi nøydde til å ha folk som jobbar på nattarbeid, som brannvesen, helse og politi. Vi må ha ein beredskap.

Kva er den optimale måten å jobbe natt- og skiftarbeid på? Med tanke på å dempe risikoen for kreft og helseplager.

Det er eit stort og litt komplekst spørsmål. Det er ikkje lett å gi eit enkelt svar på det, fordi det er veldig mange forhold som speler inn, seier Bjorvatn.

Han peikar blant anna på at folk taklar nattarbeid forskjellig.

Som blant anna at folk taklar nattarbeid forskjellig, personlege eigenskapar og andre trekk relatert til alder og kjønn,

Kva slags skiftarbeid som er best er det usemje om i forskingsmiljøet. Til dømes er vi i Skandinavia glad i å rotere raskt, mens USA er tilhengar av å ha nattarbeidarar som berre jobbar natt.

Sjølv om det er knytt ein viss risiko til å jobbe nattarbeid, er Bjorvatn tydleg på at dei aller fleste skiftarbeidarar er friske.