Hopp til innhold

Nilofar vart kalla «islamist-hore» – no vil partia få slutt på hetsen

Nilofar Nori har opplevd mykje hets som ung samfunnsdebattant og lokalpolitikar. No vil AUF og MDG få ein slutt på det, og meiner PST må ta meir ansvar.

Nilofar Nori

I januar 2023 trakk Nilofar Nori seg frå lokalpolitikken for å jobbe i ungdomsorganisasjonen Changemaker.

Foto: Privat

«Terrorist» og «islamist-hore» er blant orda Nilofar Nori (22) har blitt kalla då ho var aktiv som ungdomspolitikar, samfunnsdebattant og lokalpolitikar for SV heime i Melbu i Vesterålen.

– Hetsen gjekk mykje ut på at eg er muslim og går med hijab, fortel ho.

I kommentarar på Facebook fekk ho også høyre diverse påstandar, som at ho gjekk inn i politikken for å svekke norsk sikkerheitssystem eller snik-islamisere Hadsel kommune.

– Det var veldig vanskeleg. Eg følte ofte at eg måtte ha eit ekstra overskot for å tole all hetsen. Då eg ikkje hadde det overskotet, unngjekk eg å ytre meg i til dømes lokalavisa.

I januar i år trakk Nori seg frå lokalpolitikken og byrja i ungdomsorganisasjonen Changemaker.

– Det var fordi eg ville jobbe med noko anna. Changemaker var ein fin stad der eg kunne bruke engasjementet mitt og ha eit større miljø rundt meg når eg får dei kommentarane.

Les også Hets og hat på nett: – Det går på friheten vår

Fazila Aminzai

Vil utvide ansvarsområdet til PST

Ein tredjedel av all hatpraten som er på nett, er retta mot muslimar. Det viser ein rapport som kom i førre veke frå Nordic Safe Cities.

I løpet av to år har dei følgt Facebooksider til politikarar, media, offentlege personar og ulike debattsider, og skanna 10 millionar kommentarar.

Kvinner er den nest største gruppa som får hat på nett. Dei tek i mot nesten 17 prosent av hatpraten.

– Dessverre er ikkje dette overraskande, seier AUF-leiar Astrid Hoem.

Ho meiner dette er eit demokratisk problem, som også rammar ytringsfridomen.

Difor meiner AUF at ansvaret til Politiets tryggingsteneste også bør gjelde politisk eksponerte personar utanfor Stortinget og regjeringa.

Astrid Hoem, AUF

Leiar i AUF Astrid Hoem meiner vi må kome oss vidare frå å berre snakke om hets i debatten, til å diskutere kva vi kan gjere heilt konkret.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

– Må kome oss vidare

I dag har PST ansvar for å vurdere truslar mot stortingsrepresentantar, regjeringsmedlemmar, kongehuset og høgsterett.

I tillegg har PST eit ekstraoppdrag for å passe på dei 90 sentralstyremedlemmene i ungdomspartia.

Men dei har ikkje ansvar for samfunnsdebattantar. Anten om det er lokalpolitikarar som får truslar, eller unge som opplev hets etter å ha skrive sitt første lesarinnlegg.

– Vi meiner at mandatet må utvidast til å gjelde samfunnsdebattantar og lokalpolitikarar som kan oppleve like mykje hets som ein stortingspolitikar, men som ikkje får den same oppfølginga etterpå, seier Hoem.

Kva meiner de at PST skal gjere?

– Sjekke truslar ein har fått, gjere tryggingsvurderingar rundt personar som får mykje hets. Vi veit jo at enkelte samfunnsdebattantar får såpass mykje truslar at det er ein tryggingsrisiko i kvardagen og liva deira.

Les også PST bistår ungdomspolitikere gjennom valgkampen: – 13-åringer mottar en «mur av hets»

hulda

Ho meiner vi har snakka om hets i samfunnsdebatten i fleire år utan å gjere noko konkret med det.

– Vi må komme oss litt vidare frå at vi berre diskuterer ordlyden og hetsen i debatten, som eg trur alle er samde om, til å faktisk byrje å diskutere kva vi kan gjere heilt konkret for å få bukt med det.

Levert forslag til Stortinget

På vegner av partiet har stortingsrepresentant Lan Marie Berg (MDG) levert eit forslag til Stortinget om blant anna å utvida mandatet til PST.

– Det vil gi dei som er utsett meir tryggleik. Fordi då veit dei at nokon har sett på og vurdert trusselsituasjonen og kan gi råd.

Lan Marie Berg

Då Lan Marie Berg var lokalpolitikar og fekk mykje hets, opplevde ho at politiet ikkje hadde tilstrekkeleg med kompetanse til å hjelpe ho.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Berg har sjølv opplevd å stå aleine mot hets som lokalpolitikar. Og ho opplevde det som natt og dag å kome inn på Stortinget og hamne under mandatet til PST.

– Systemet var der og la til rette for at eg kunne utøve mitt politiske verv trass i at eg har vore utsett for mykje hatefulle ytringar, hets og truslar. Det var ein utruleg tryggleik for meg.

Berg meiner PST bør ta vare på dei mest utsette samfunnsdebattantane, ungdomspolitikarane og lokalpolitikarane, og det må dei få midlar til.

– Det trur eg vil skape meir tryggleik og rom for dei stemmene som vi kanskje allereie har mista på grunn av det harde ytringsklimaet.

NRK har tidlegare skrive at kvinner ikkje vil stå på lista til Høgre i Alstahaug kommune i Nordland fordi dei ikkje vil utsetje seg for hets og sjikane i sosiale medium. Per no står det berre ei dame på lista.

Les også Her vil «ingen» kvinner stå på listen til Høyre: – De vil ikke utsette seg for hets

Sandnessjøen

PST forstår bekymringa

– Vi forstår veldig godt at det er sakna tiltak, seier Olav Rognlid. Han er seksjonsleiar i PST og jobbar med å beskytte personar med styringsmakt.

Rognlid seier PST er bekymra for demokratiet på grunn av all hetsen og sjikanen som får ungdoms- og lokalpolitikarar til å gi seg. Han legg til at denne hetsen gjerne er under terskelen for straffelov, som gjer at dei ikkje får følgt opp dei som ytrar seg.

– Men det er mengda med hets og sjikane som får politikarane til å ønske å gjere andre ting, seier han.

Olav Rognlid, PST

Olav Rognlid i PST seier den auka mengda med hets og truslar mot ungdomspolitikarar er ein trussel mot demokratiet

Foto: Morten Solem

Sjølv om Rognlid forstår bekymringane til AUF-leiaren og er delvis einig i dei, så meiner han det er politidistrikta som handterer best hetsen mot samfunnsdebattantar.

– Det vil ikkje nødvendigvis bli betre om PST sentralt får oppgåvene. Difor har vi kome fram til at det beste er at vi går inn og hjelper politiet med kompetansen.

Difor er tryggingstenesta no i dialog med politidirektoratet for å få auka kompetansen på formidling av trusselbilete og sikkerheitsfagleg rådgiving i politidistrikta, ifølge Rognlid.

– Det har vi sett eit behov for. Då kan vi auke kompetansen der den trengst.

Les også Politiet må håndtere flere psykisk syke: – Egentlig helsetjenestens ansvar

Illustrasjonsfoto av politiet

Vil vurdere forslaget

Ingunn Foss, Stortingsrepresentant for Høgre og medlem av justiskomiteen, kallar det ei alvorleg problemstilling.

Ho har forståing for at mange trekker seg unna fordi det er ubehageleg.

Ingunn Foss

– Det er eit poeng å finne verktøy som gjer at dei som ytrar seg i strid med lovverket vi har, kan bli fanga opp og slått ned på av politiet, seier Foss.

Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høyre.

– Til det konkrete forslaget til MDG er det vanskeleg å konkludere før saka er komen. Det trengst sjølvsagt ei grundig behandling før ein kan seie kva ein tenker om det.

Foss trur det hjelper at vi dei siste åra har fått inn lovheimlar som kan slå ned på hets, trakassering og hatefulle ytringar.

– Det viktige her er at folk veit at politiet kan slå ned på dette med lova i hand, så er det å prøve å oppdra folk til å ytre seg på ein måte som gjer at ikkje demokratiet vårt blir skadeleg på grunn av dette.