Hopp til innhold

Årelang flyplassdebatt kan vere over

Regjeringa kan ha sett kroken på døra for ein årelang flyplassdebatt. Dei ynskjer ikkje å leggje ned flyplassen i Mosjøen.

Polarsirkelen Lufthamn, med sitat frå Nikolai Astrup

KROKEN PÅ DØRA?: Dette sa Nikolai Astrup, leiar av transportkomiteen i Høyre til avisa Helgelendingen. Er dette kroken på døra for Rana-flyplassen, eller "ja takk, begge delar"?

Foto: Polarsirkelen Lufthavnutvikling / Illustrasjon / NRK

– Vi har ikkje planar om å leggje ned flyplassen i Mosjøen. Når det gjeld bygginga av ny flyplass i Rana, kjem vi tilbake til dette i NTP, seier Nikolai Astrup, som er leiar i transportkomiteen på Stortinget.

Når Nasjonal Transportplan blir presentert før påske, får vi endeleg svar på kva for store samferdsleprosjekt regjeringa vil prioritere dei neste ti åra.

Om eit større prosjekt ikkje ligg i NTP, kjem det ikkje til å bli gjennomført, konstaterer Astrup. Difor er ein storflyplass i Rana avhengig av at dei kjem med.

– Eg kan ikkje kommentere kva som kjem i Nasjonal transportplan, men at flyplassen vert omtalt i NTP er heilt sikkert, seier Astrup.

Ei polariserande sak

Ein ny flyplass i Rana på Helgeland delar regionen nesten i to. Eit fleirtal av kommunane er negative til prosjektet. Dei er redde for å miste eigne flyplassar. Avinor har sagt at Kjærstad flyplass i Mosjøen må leggjast ned for å skaffe trafikk til Mo i Rana. Kommunane kring den nye flyplassen meiner dette vil gagne heile regionen i det lange løp.

Strid om storflyplass

Rana kommune har forsøkt å «hjelpe» regjeringa å ta ei avgjersle, ved å spytte i ein eigendel på 300 millionar kroner. Dette fall ikkje i god jord hos alle.

– Dette er å kjøpe seg plass i køen, sa Vefsn-ordførar Jann-Arne Løvdahl til NRK i februar i år.

Har leke mykje allereie

Regjeringa har allereie fortalt om prosjekt for fleire hundre milliardar kroner som skal liggje i NTP. Dette er prosjekt som ny flyplass i Bodø, skipstunnel ved Stadt i Sogn og Fjordane og utbygging av E8 sør for Tromsø. Alle desse er etterlengta prosjekt som ikkje har vore spesielt kontroversielle.

Men flyplassane på Helgeland vil Astrup ikkje leke noko om. Dette er eit prosjekt som vil skape sinne anten i Mo i Rana eller Mosjøen uansett kva som vert gjort.

– Unngår de å fortelje saker de veit er kontroversielle?

– Det er mange saker i NTP som enno ikkje er kjend for allmenta. Ein av grunnane er at det tek lang tid å forme ein slik plan, seier høgrepolitikaren.

– Så det er ikkje slik at de unngår å leke kontroversielle saker, nettopp fordi dei vil skape debatt?

– Ikkje i det heile teke, svarar Astrup.

Nikolai Astrup under presentasjon av førsteutkast til Høyres partiprogram for perioden 2017-2021.

GJER BERRE HINT: Nikolai Astrup gjev ikkje mykje informasjon om dei mykje omdiskuterte flyplassane på Helgeland.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix