NRK fortalde i går at det i dag er minst 11 selskap involvert om ein skal reise med tog mellom Bodø og Stavanger. Årsaka er jernbanereforma frå 2015 som opnar for konkurranse i jernbanesektoren.
Til hausten skal Stortinget stemme over nye EU-lover om jernbanesystemet.
Jernbanepakke fire, som lovpakken heiter, vil sementere privatiseringa av toga i Noreg, fryktar Sverre Myrli (Ap), medlem av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
Sverre Myrli (Ap) har kjempa mot jernbanereforma, men fryktar at alt kan vere tapt om nye EU-reglar vert vedtekne i haust.
Foto: Terje Bendiksby– Om Noreg sluttar seg til den, so har vi for all framtid gått inn for prinsippet at jernbana må bli stykka opp og at all jernbanetrafikk må konkurranseutsetjast.
Men Høyre er rakt ueinige i profetien til Arbeidarpartiet.
- Les også:
– Ansvar vert pulverisert
Myrli anerkjenner at det politiske fleirtalet i Noreg har innført og støttar jernbanereforma. Den har stykka opp og sett på anbod fleire ulike delar av jernbanedrifta.
Myrli og Arbeidarpartiet vil reversere dette, men trur at ei ny EU-lovgjeving vil gjere det umogleg.
– Men kvifor er det problematisk?
– Vi fryktar, og ser jo allereie i Noreg, at når mange ulike selskap skal køyre tog, vert det ansvarspulverisering. Det vert vanskelegare for reisande å finne fram i jungelen av alle selskapa og det vert vanskelegare å halde oversikta, svarar Myrli.
– Men innan til dømes luftfart er det jo ei rekke selskap som sørgar for at flya går. Kvifor kan ikkje denne modellen fungere innanfor togsektoren?
– Det er heilt forskjellige system. Jernbana er eit veldig teknisk komplisert system der det må vere samanheng mellom dei som køyrer toga, dei som har ansvar for skjenegangen, dei som skal drive vedlikehald og dei som skal reparere toga.
Han meiner at dagens system opnar for at det som er til fordel for eitt av selskapa er til ulempe for det andre.
Då vert det freistande å gjere enkle løysingar som berre lempar kostnaden til eit anna selskap på same bana.
– Då får vi ulike einingar og ulike selskap som dreg i ulike retningar. Då vert det ansvarspulverisering og til slutt eit dårlegare tilbod for dei tilsette, seier Myrli.
- Les også:
PERMANENT SPORVEKSLING: Vert EU-reglementet vedteke i Stortinget, er jernbanereforma spikra, meiner Ap.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix– Ei merkeleg tilnærming
Leiaren av komiteen Myrli sit i er Helge Orten frå Høyre. Han ser store fordelar med å inngå i eit europeisk jernbanesamarbeid. Målet er å mellom anna betre grensekryssande togtrafikk, seier han.
– Vi vil i størst mogleg grad harmonisere regelverket på tvers av landegrensene, legge til rette for felles styrings- og signalsystem og sørge for eit meir einskapleg system.
– Det er, etter vår meining, heilt naudsynt at vi no samordnar dette i mykje større grad enn tidlegare, seier Orten.
– Men det er jo nett dette Myrli meiner det nye regelverket vil svekke, at oppstykkinga av det norske jernbaneverket er eit problem som vil bli forverra?
– Organiseringa av norsk jernbane har jo ikkje noko med EUs fjerde jernbanepakke å gjere. Sverre Myrli blandar eigentleg saman fleire ting her. Uavhengig av EUs fjerde jernbanepakke har det vore naudsynt å gjennomføre ein jernbanereform og modernisere norsk jernbane, seier Orten.
Samordne regelverk
Orten, som også er transportpolitisk talsperson for partiet sitt, meiner at framlegget frå EU primært handlar om å samordne tryggleiksstandardar og sørge for enkel saksbehandling knytt til grensekryssande jernbanetrafikk.
– Det er, etter mi meining, naudsynt for å få fleire til å ta tog og få på plass lengre togreiser i Europa. Det vil og vere positivt for å auke internasjonal godstransport på bane.
– Eg tykkjer det er merkeleg at Arbeidarpartiet ikkje ser den moglegheita som ligg i å få harmonisert regelverket knytte til jernbanenettet i Europa.
- Les også:
Transportpolitisk talsperson og leiar av Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H).
Foto: Erlend Hykkerud / NRKFleirtalet vil bestemme
Det er altso planlagd at dei nye EU-reglane vil bli lagt fram for Stortinget til hausten. Myrli anerkjenner at han i dag ikkje har fleirtalet i ryggen, ettersom både regjeringspartia og Framstegspartiet var dei som fekk gjennomslag for jernbanereforma.
Likevel har han trua på at vinden snur.
– Eg får kvar veke rådspørjing frå reisande som til dømes skal reise frå Nordlandsbana til Sørlandet og som no må køyre med to eller tre ulike togselskap og om kor vanskeleg det er å få tak i billettar, seier Myrli.
– Eg trur tida jobbar for ei annan og meir offensiv satsing på jernbana i Noreg.
Men Orten trur på at fleirtalet på Stortinget vil støtte lovpakken, og legg til at anbodsprosjektet på skjenene ikkje avheng av EU sin jernbanepakke same kva.
– Anbodsutsetjing gjennomfører vi som ein del av norsk politikk uansett, seier Orten.
FULL FART: Enno har jernbanereforma og jernbanepakken frå EU god medvind på Stortinget. Om det endrar seg før hausten, står att å sjå.
Foto: Lars Tore Endresen