Hopp til innhold

– Hadia Tajik laug frå talarstolen

Hadia Tajik sa til landsmøtet i Arbeidarpartiet av Nordland 6 ikkje ligg utanfor Lofoten, men utanfor Helgeland. – Rein løgn, seier Naturvernforbundet.

Arbeiderpartiets landsmøte 2017

FEIL ELLER IKKJE? Hadia Tajik sa til landsmøtet i Arbeidarpartiet at Nordland 6 ikkje ligg utanfor Lofoten, men utanfor Helgeland.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Hadia Tadjik laug i sin tale til landsmøtet, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Ho refererer til noko Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet sa i ein tale til sitt landsmøte i Oslo i dag:

Leder i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg

HARD FRONT: Leiaren i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg har også før kritisert Tajik.

Foto: Naturvernforbundet

«Vi føreslår eit varig vern i området utanfor Lofoten, vi føreslår å vente med områda utanfor Vesterålen og Senja, og vi føreslår å konsekvensutgreie petroleumsverksemd utanfor Helgeland.»

– Det er ei rein løgn, seier Lundberg.

Problemet Naturvernforbundet har med Tajik sitt fråsegn er kvar Nordland VI ligg. Ho sa det låg utanfor Helgeland, medan Lundberg påpeikar at blokka ligg nærare Røst, eit øysamfunn som er ein del av Lofoten.

Nordland 6

NÆR ELLER FJERN?: Tajik meiner Nordland VI (blå) ligg utanfor Helgeland, ikkje Lofoten. Naturvernforbundet er ueinige.

Foto: NRK

– Å ha frekkheitas gjevnad til å sei at Nordland 6 ligg utanfor Helgeland, er heilt vanvitig. Det er utruleg at partileiinga i Noregs største parti kan finne på å gjere noko slikt, seier Lundberg.

Det næraste oljefunnet i Nordland 6 ligg 15 kilometer frå øysamfunnet Røst, og 180 kilometer frå Helgelandskysten.

Ikkje berre eit feilgrep

– Men kan ikkje Hadia Tajik berre ha gjort ein feil?

– Nei, det har eg ikkje noko tru på. Desse talane er gått nøye gjennom på førehand, seier Lundberg.

Miljøtoppen syner også til ein feil Hadia Tajik gjorde i februar 2017. I Politisk kvarter på NRK sa ho følgjande:

«Nordland 6 skil seg frå Nordland 7 og Troms 2 på den måten at det allereie går føre seg ein del olje- og gassverksomheit på delar av feltet, det er allereie ein del infrastruktur der, sokkelen er annleis enn dei andre soklane ved at den er breiare og konfliktsannsynet mellom fisk og olje er annleis.»

Dette er feil, sidan det ikkje drivast utvinning av olje og gass på Nordland 6. Tajik beklaga seinare feilen på Facebook, og sa det var ein glipp.

Hadia Tajik beklagar Nordland 6-kommentar i Politisk kvarter

BEKLAGA: Hadia Tajik beklaga feilen ho gjorde i Politisk kvarter på NRK i februar.

Vil ikkje kommentere saka

NRK har prata med Hadia Tajik si pressekontakt, Edina Ringdal. I ein e-post svarar ho at Tajik diverre ikkje kunne prioritere å kommentere Naturvernforbundet sine fråsegn no, ettersom Arbeidarpartiet framleis har landsmøte.