Normal

– Eg trur vi står på trappene til ein eksplosjon i turisme på Helgeland

Helgelandskysten har opplevd ei auke i turismen dei siste åra. No vil Nordland fylkeskommune opprette ei ekstra hurtigbåtrute for å gjere kysten attraktiv.

Grethe Friedrich

GLER SEG: Grethe Friedrich ser fram mot opning av den nye ruta.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

– Alle moglegheiter til å få folk ut til Myken synest vi er bra. Det er ein plass vi gjerne vil vise fram til mange, seier Grethe Friedrich med eit smil.

Til sommaren neste år skal Nordland fylkeskommune sette opp ei ny hurtigbåtrute på Helgeland. Målet er å satse meir på turisme på kysten og dra nytte av kor populær landsdelen har blitt.

Laster kart, vennligst vent...

NY RUTE: Slik vert den nye ruta sjåande ut. I tillegg til dette vil ein ny båt korrespondere nordover mot Bodø.

Har trua på trafikken

– Vi set veldig stor pris på at det vert oppretta ei rute. Det har mykje å sei for aktiviteten på øya vår, seier Friedrich.

Ho og familien har dei siste åra drive med overnatting og servering på øya Myken. Etter å ha forelska seg i øya då ho skreiv masteroppgåva si der, har ho forsøkt å trekke andre ut i havgapet. Ei ny rute sett opp for turistar vil gjere det lettare enn i dag.

– Eg trur vi står på trappene til ein eksplosjon i turisme på Helgeland. Vi såg jo nett i ei undersøking at nordmenn helst ville feriere i Nordland, so eg trur ruta vil bli svært populær, seier Friedrich.

Lovund

NATUREN SOM TREKKPLASTER: Lovund er ei av øyene som kjem til å få to daglege stopp då den nye hurtigbåtruta vert opna.

Foto: Helge Lyngmoe

Berre ei sommarrute

– Vi meiner dette skal bli ei god rute som skal gjere det enkelt for turistane å kome seg ut til øyene, seier Svein Eggesvik, fylkesråd for samferdsle i Nordland.

Frå kring 20. juni til 20. august neste år vil ruta vere open. Det er to nye hurtigbåtar fylkeskommunen har bestilt som skal gå langs Helgeland og opp til Bodø. Det er altso eit kort tidsrom heile ruta vil vere open.

– Vi får vurdere om tilbodet skal bli utvida, men enn so lenge held vi oss til den tida vi har planlagd, seier Eggesvik.

Fylkesråd for samferdsel, Svein Eggesvik

SPENT: Svein Eggesvik ser fram mot at ruta vert opna. Han trur det vil gje eit løft til næringslivet og øysamfunna på Helgelandskysten.

Foto: Nordland fylkeskommune

Naturen er både ein attraksjon og ei utfordring

Naturen på Helgelandskysten er vert ofte trekt fram då ein skal snakke om turisme i området. Men open kysthei og øygard er ikkje berre vakkert, men også sårbare for naturkreftene.

– Vi har jo ein joker her ute: vêret. Det er ikkje uvanleg at ein vert vêrfast her på Myken, so eg har full forståing for at ein må ta omsyn til det, seier Friedrich.

Likevel har ho tru på at øyene på Helgeland både kan og vil ta i mot turistar med opne armar.

– Myken er jo ein av dei minste øyene på Helgeland der det er turistaktivitet, men vi har to restaurantar, butikk, kunstgalleri og flotte turmoglegheiter. Eg trur vi skal klare å handtere kring to hundre besøkande kvar dag, seier Friedrich.

Myken

NATUR OG NÆRINGSLIV ER KLARE: – Tilbakemeldingane vi har fått frå næringslivet har vore utelukkande positive, seier Eggesvik.

Foto: Bente H. Johansen