Hopp til innhold

65.000 i bot og fengsel etter utforkøyring med promille

Ein mann i 20-åra i Brønnøy må sone i 21 dagar etter å ha køyrt bil med promille, skriv Brønnøysunds Avis.

Det kjem fram i ein fersk dom frå Helgeland tingrett.

Mannen tilsto utan atterhald i retten.

Det blei også lagt fram analyse av blodprøve og ei melding frå politiet. Mannen blei dømt på det grunnlaget.

Mannen hadde cirka ein og ein halv time etter køyringa natt til søndag 28. januar ei promille på 1,59. Retten ser det som skjerpande at køyringa resulterte i eit trafikkuhell med betydelege materielle skadar.

Mannen vedtok dommen på staden.

Fasade Helgeland Tingrett i Brønnøysund.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK